lørdag 29. januar 2011

Gone retro

Har ein  klær lenge nok blir dei som regel moderne att.   Men 80- talsklærne var så spesielle at eg tenkte det ville ta ei tid. før dei blei in igjen. Eg hadde lenge mange av dei spesielle flaggermustoppane med megastore skulderputer på loftet. Ein gong tok eg dei ned, men det var for tidleg. Eg blei totalt nedstemt og klærne måtte resirkulerast. 

Nå sit dotter nummer tre og ergrar seg. For me var i Stavanger til reguleringstannlege for ei tid sidan. Då er det alltid innlagt litt butikkikking. Då kom ho over denne toppen. Det var ikkje i ein fretexbutikk, eller vintagebutikk. Det var i ein ultramoderne butikk. Denne var ny i haust og no på salg.

Ho fall pladask. Dette var i ein damebutikk, men heldigvis hadde dei den i liten størrelse. Så ho kom lykkelig ut med nyinnkjøpt sennepsgul flaggermusermegenser i ull!


P1010004 Ho har store øyreringar som matcher genseren


P1010005
Sjå dei ermane. Hugsar de når desse var in?

5 kommentarer:

  1. Åja da, har hatt noen sånne. Den ene min var knall rosa med svarte zikk zakk striper!!1

    tror jeg har kvitta meg med alle 80tals klær(og 90 )..

    I år er det vel jord , natur og pastell farger - så den gule til lutten er heilt up-to-date!!

    SvarSlett
  2. Du hadde vel Ball-genserar du og ? :)

    SvarSlett
  3. Hehe, måtte berre kommentera litt her, eg har faktisk gått til innkjøp av slik type genser nå nettopp, har vel igrunnen stått litt fast i 80 talet eg då.. men meiner de kallar det for "oversize" nå..

    SvarSlett
  4. Ja, det er visst på full fart inn igjen. Kin kunne tru det. Trendy navn iallefall.:) Gremmar meg øve at eg heiv fleire av dei svære genserane

    SvarSlett