I gamle dagar når me hadde vent oss til fjernsynet og den eine kanalen, trekte folk saman som dei gjorde før fjernsynet sin ankomst i verda. Det var dans på Tunet og Samfunnshuset. Var det bingo, så var det dans etterpå. Dei gamle grendaskulane blei brukt til aktivitetar. I sandsbygda hadde me skulehuset i Mo. Det var flittig brukt. På 70- talet hadde me bygdakveldar med diverse program og dans.
Sand hadde så mykje å by på at eg som ung i Stavanger kom heim kvar helg. Mine venninner der var misunnelige på meg og sloss om å få vere med meg heim, for det skjedde så mykje for unge under 18 år der.
Bygdakveldane gjekk på omgang. Det var ny komite for kvar bygdakveld. Eg var også med i komiteen ein gong. Då var det uunngåelig at me måtte kle oss ut, for det var mi yndlingsaktivitet frå eg var lita. Me arrangerte karneval.
Desse bileta er frå 1978, trur eg. Nå kan de mimra med meg. I dag blir bloggen nett som den gongen me hadde gamle- bilder- kviss ein bygdakveld. Den gong var mellom anna Helga Møgedal med i komiteen. Dei hadde plakatar med bilder av folk, med gåter til, for å hjelpe.
Så klarer de dagens kviss? Å sette til så mange navn som mogleg. Nokon har lausnasar og masker, men kanskje de klarer det likevel.
De innflyttarar har ikkje sjangs. Dette er ein kviss for dei ovanføre brua ;)
Nr 2 Grethe Homboe, Nr1: Jan Møgedal og nr 3 : Iversflaten
Grethe Holmboe og Roy Høibo
Ståle Moe og Liv Hiim med Ola Lagarhus bak. Eg har bestemor (Olettta) sin brudekjole på meg
Maske på...kin e d då? Bjørn Moe
Bjørn Benninghoff ville vere med Anne Hiim
Jone Brommeland, Ståle Moe og Astrid Brommeland
Liv Evju (Moe) Gert Benninghoff og Anne Hiim
Olaug og Torger Hauge
Karen og
Ståle Moe, Jan Møgedal og Liv Hiim
Liv Hiim og Ståle Moe
Dagens kviss: Finn flest navn
Ingen ny quiz i dag?
SvarSlettRG
Ingen ny idag. Det var ingen som svarte på kvissen i går. Den står fremdeles åpen. Tenkte det kanskje blei for stritt så tidlig ;)
SvarSlettHellemann!! Eg så trudde Torger Hauge måtte vere Jostein Tveit , ..haha...
SvarSlettEg ville faktisk skrevet Anne Hiim på det bildet, så spurde eg Tron om det kunne vere Bjørn som var liten gut, men neida.... Ska aldri hørre på han meir!!
Trudde du visste at det går ikkje an å høyre på mannfolk!!
SvarSlettHehe så det var der du såg Jostein tveit. Husk Torger var yngre ;) Kva syns du om far sin lausnase då?