torsdag 27. januar 2011

Svar på mimring i Mo


I gamle dagar når me hadde vent oss til fjernsynet og den eine kanalen, trekte folk saman som dei gjorde før fjernsynet sin ankomst i verda.  Det var dans på Tunet og Samfunnshuset. Var det bingo, så var det dans etterpå.  Dei gamle grendaskulane blei brukt til aktivitetar. I sandsbygda hadde me skulehuset i Mo. Det var flittig brukt.  På 70- talet hadde me bygdakveldar med diverse program og dans.

Sand hadde så mykje å by på at eg som ung i Stavanger kom heim kvar helg. Mine venninner der var misunnelige på meg og sloss om å få vere med meg heim, for det skjedde så mykje for unge under 18 år der.

Bygdakveldane gjekk på omgang. Det var ny komite for kvar bygdakveld. Eg var også med i komiteen ein gong. Då var det uunngåelig at me måtte kle oss ut, for det  var mi yndlingsaktivitet frå eg var lita. Me arrangerte karneval.

Desse bileta er frå 1978, trur eg. Nå kan de mimra med meg. I dag blir bloggen  nett som den gongen me hadde gamle- bilder- kviss ein bygdakveld.  Den gong var  mellom anna  Helga Møgedal med i komiteen. Dei hadde plakatar med bilder av folk, med gåter til, for å hjelpe.

Så klarer de dagens kviss?  Å sette til så mange navn som mogleg. Nokon har lausnasar og masker, men kanskje de klarer det likevel.
De innflyttarar har ikkje sjangs. Dette er ein kviss for dei ovanføre brua ;)




Nr 2 Grethe Homboe, Nr1: Jan Møgedal og nr  3 : Iversflaten

Grethe Holmboe og Roy Høibo


Ståle Moe og Liv Hiim med Ola Lagarhus bak. Eg har bestemor (Olettta) sin brudekjole på meg

Maske på...kin e d då? Bjørn Moe

Bjørn Benninghoff ville vere med Anne Hiim

Jone Brommeland, Ståle Moe og Astrid Brommeland

Liv Evju (Moe) Gert Benninghoff og Anne Hiim

Olaug og Torger Hauge 

Karen og 

Ståle Moe, Jan Møgedal og Liv Hiim

Liv Hiim og Ståle Moe

Dagens kviss: Finn flest navn

4 kommentarer:

  1. Ingen ny quiz i dag?
    RG

    SvarSlett
  2. Ingen ny idag. Det var ingen som svarte på kvissen i går. Den står fremdeles åpen. Tenkte det kanskje blei for stritt så tidlig ;)

    SvarSlett
  3. Hellemann!! Eg så trudde Torger Hauge måtte vere Jostein Tveit , ..haha...

    Eg ville faktisk skrevet Anne Hiim på det bildet, så spurde eg Tron om det kunne vere Bjørn som var liten gut, men neida.... Ska aldri hørre på han meir!!

    SvarSlett
  4. Trudde du visste at det går ikkje an å høyre på mannfolk!!

    Hehe så det var der du såg Jostein tveit. Husk Torger var yngre ;) Kva syns du om far sin lausnase då?

    SvarSlett