mandag 25. mars 2013

Hytteliv


Livet på stølen er gildt. Det har me det som plomma i egget. Ingenting hastar, og ingen masar. Dagane går med til å slappe av, gå turar, fiske, eller berre ro seg ein tur. Når det blir mørkt, legg me oss. For på hytta vår fins ingen straum, sjølv om vatnet er stemt opp for å levere straum til heile bygda.

     Torgålen. Der har ungar i fleire generasjonar vore frå før dei kunne føte seg.

Der var me som ungar med mor og far, som ungdommar med vener og som vaksne med eigne ungar.

Høgdepunktet i hyttelivet er hytteboka. Timevis går med på å mimre og le. Der står det om farne hyttetider, fakta frå livet, og små stubbar. Fleire i familien er flinke til å teikne. Og dei har skildra hyttelivet med til tider skarp penn.


                          Dette var ei jakthistorie. Teikningen tala for seg.

Dette er Jørgen og Emilie som hentar stein til ein grunnmur. HMS var eit framandord i den tida. Lars Åge kom fossande med påhengs på robatåten sin. Då fekk han klar melding om å roa seg ned. Kanoen ville nok ikkje tåle ei bølge. Som de kan sjå går vatnet til ripa.

Dette bilete er ubetaleleg. Forhistoria er at far ikkje trudde Litlebror min og jaktkameraten kom til å få noko dyr. I så fall, sa far, så skulle han og Rapp (hunden) personleg bæra kjøtet or heia. Så fekk bror min dyr, og sta som dei båe kunne vere måtte far bære alt kjøtet or heia åleine. Me ser ein nedlasta hund som sender bebreidande blikk til eigaren. Rapp hadde ikkje ein gong vore med på veddemålet. 

 Buksa som bror min har teikna i detaljer har og ei historie. Far min kjøpte denne hjå Rørvik, på salg. Det var ei pepita-rutete damebukse i ull med strikk i livet. Denne tykje far var yppeleg. Rask og lett å bytte når han skule til og frå fjoset. Han hadde sett at det var fleire bukser i korga, så veka etter var han ned att for å kjøpe restlageret. Men då var buksene til full pris att.  Så han brukte denne eine buksa i årevis. Heilt til mor ein gong heiv den og sa: " Nei, den har vi ikke sett !"

Denne historia er det nok nokon som kjenner seg att i. Dette er atter ei jakthistorie som er nedteikna. Om dei involverte les dette, og vil dele soga, så kan de skrive det i kommentarfeltet. 

Dotter nummer 4 nyt det gode hytteliv

Så, i eit spann med spiker, kom eg over dei gamle solbrillene mine. Heilt sikkert super polaroid

                     Når eg tok dei på meg, lurte eg på om dei  i det heile tatt var solbriller

        Her er provet. Eg og Kirsten har begge superpolaroid-briller i steikande påskesol.

Hyttelivet er godt. Sjølv om hyttebøkene kan rapportere om harde tider med tomme kassettspelarbatteri, provianttørke og floge-angrep. Men minner frå hyttelivet sommars- og vintersdagar er gull verdt.

Ha ei minnerik påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar