fredag 22. mars 2013

Muskelsjukdommen si bakside


Alle medaljer har ei bakside seiest det. Medaljen mi heiter Charcot-Marie-Tooth. Og den medaljen har jammen ei bakside. Det er mykje ein kan skrive om den sida. Men eg skal nøye meg med å nemne noko som kan vere jysla irriterande.  Korkar kan vere irriterande. Spesielt skrukorkar. Dei kan vere vanskelege å opne.

Kjører ein bil, må  vindauga og lykter vere reine. Eg kjøper meg vasspylarvæske, opnar panseret og gjer klar for påfylling. Det er heilt uråd å få opp korken. Der står eg... 

Eg kjøper vatn når eg eg ute på reis. Så blir eg tørst. Eg tek fram flaska,og det er umogleg å få opp korken. Då er det til å sitje og tørste i hel ved sida av flaska, eller håpe på hjelp... 

Men etter kvart blir ein smartare. Me lærer jo så lenge me lever. Så eg har lært å be betjeninga om å løsne forseglinga på korken. Men eg lærte av det og....

Det viser seg at betjeningen er så serviceinnstillt at dei ikkje berre løsnar forseglinga. Nei, dei skrur like så godt opp heile korken for meg. Så ser dei på at eg legg flaska i veska og går. Då seier dei ingenting....

0.5 liter vatn innabords

Alt ei dame har i veska ligg her, dyvått.

Eg kunne vri alt. Dropane kom ikkje med på bilde.

Eg har nå lært å sei at dei kun må løsne forseglinga, ikkje skru opp korken. Eg har med dette også funne ut at eg er i live. Det seiest me lærer jo så lenge me lever. Og eg lærte noko....

God læringsrik helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar