tirsdag 19. mars 2013

Omregulering

Det må seiast.; eg berre må sei det. Ikkje mange har snakka om det; Omregulering. Omregulering frå næringsområder til luftfart. Det soknar under samferdsel. Då er det ikkje samferdsle for fotgjengerar det er snakk om.

Blir det ikkje ein konflikt her?  Ein like stor konflikt som etableringa av Heliporten gav?  Garaneset eigendom AS lurer på om rammeløyvet LMT-utvalet gav, vil få konsekvenser for firmaet deira.

LMT- utvalet gav dispensasjon frå dagens reguleringsplan på Garaneset. Dei gav Fonnafly løyve til fyking i påvente av konsesjonssøknaden.

Fylkesmannen var i mot, men det stogga ikkje politikarane. På grunn av LMT- utvalet har Fonnafly nå lov å etablere, drive, og inneha ein operativ hovudbase for selskapet på Garaneset
Fonnafly er nå i gong med å byggje opp ein verkstadfunksjon!

Nær 90 personar signerte klagebrevet mot vedtaket. Det er mykje folk det. I tillegg var det mange som samde i det som stod i brevet, men som ikkje torde skrive under. Dei var redde for konsekvensene.

Alle har sin rett å uttale seg om det dei måtte ynskje. Me likar å tru at me lever i eit demokratisk land. Kanskje me gjer det, men me lever ikkje i nokon demokratisk kommune. Her kan det det du meinar få konsekvenser.

Eg skreiv under. Det gjorde mor  mi og. Ho er 86 år, men fremdeles politisk medviten. Og tenk, bror min kom heim og kunne fortelje henne at han hadde fått slengt i seg av ein politikar: " Mor di signerte protestbrevet!"  Mor blei litt øvejidde. "Tenk hu gamle menneske", som ho sa, var funnen blant alle 88 namna. Då kan me vere sikre på ein ting;  Inkvan studerer den lista, og dei veit kor me bur....

Kva er det å protestere på? Helikopterplassen er alt for nær folk.  Det ligg slik at støyen brer seg godt til dei nærliggjande  bustadane.  Omreguleringa vil få konsekvenser for bruken av området.

Nå skal det bli utarbeidd ein ny reguleringsplan for området. I samband med det spør Hyttebygg, som er nabo, kva konsekvensar det vil få for dei.

Kva trur de? Nå skal Garaneset, eller deler av Garaneset, omregulerast frå næringsverksemd til "flyplass". Samferdsel av den sort har andre krav enn næringsverksemd.
Ingenting som støvar må kome nær helikoptemotorane. Støvar ikkje trevirke?
Ein kan ikkje gå tur på ein flyplass. Det vil få verknader for fri ferdsel bortover Garaneset....

Og støyen?  Den er kommen for å bli...

Nå har det seg slik at me har fått ny rådmann. Han kjem utanfrå og har ikkje dei til tider vanskelege bindingar som bygdefolk har. Han peikar på sakshandsamingsfeil, akkurat som 88 andre gjorde. Han går for oppheving av vedtaket.

Undera si tid er ikkje over... Halleluja!
Nå gjenstår det å sjå kva LMT- utvalet gjer torsdag 21. mars.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar