tirsdag 4. oktober 2011

Inkvan skal alltid forandre...

Det er ikkje lett å stå midt i livet når endringane skjer raskare enn ein får lagra det. Eit døme på stadige endringar er Facebook. Dei som står bak den er heilt sikker hyperaktive og har "lestless legs."  Og eg blir stadig like forvirra. Kva var det? Kor blei det av? Oppdateringar poppar opp både oppe og nede.

Til lenger midt i livet ein kjem, merkar ein at det trygge gode er det beste. Aviser som alltid har vore like. Eg hugsar når Stavanger aftenblad skulle endre logoen sin. Og når dei moderniserte avisa. For eit ramaskrik.  Dei driv og klagar seg på Facebook og. Men der må ein skrive i eitt, for der er det stadig endringar.Så ein blir utnmatta og gir opp.

Til no har eg fått hatt bloggen min i fred. Men nå vil dei sørenmeg forandre på den også. Skal eg ikkje få ha den som eg vil heller? Nei eg skal versågod  ha det nye oppdaterte grensesnittet. Grensesnittt meg her!  Det einaste eg merkar, er at det snittar alt eg gjer i rotete grenser.  Til no kunne eg velje det. Men no truar dei med ein dato. Etter deadline, går bloggen over i det nye grensesnittet anten eg vil eller ikkje....



                                                  Det er kun bloggeren selv som bestemmer hvordan bloggen skal se ut.


Dette seier Wikipedia om bloggar.
Men det viser seg at det ikkje stemmer lenger.  Nå må me ha det nye grensesnittet. Det er eit meir rotete
oppsett. Eg har hatt faner til nå. Det er som å ha ei god gammeldags arkivskuffe. Nå skal all info ligge og slenge framme på pulten. Det skal jammen meg bli vanskeleg å halde orden.

Og eg som valde blogger. com for den hadde det finaste, ryddigaste og enklaste grensesnittet.

Dagens kviss: Er det nokon som veit kva eit blogg- grensesnitt er?

5 kommentarer:

  1. Grensesnittet er den standarden som brukes for å la to forskjellige enheter kommunisere med hverandre.

    For eksempel er USB et grensesnitt for å la kameraer, skrivere, kortlesere, tastaturer, mus, osv kunne kommunisere med en PC på samme måte som VGA, HDMI, osv er definerte grensesnitt for å la en PC kommunisere med en skjerm.

    Grensesnittet mellom oss og en PC kalles et brukergrensesnitt, og det er derfor det er så viktig å lage et fornuftig brukergrensesnitt slik at alle kan bruke det.

    Så et blogg-grensesnitt er enkelt fortalt utseende på bloggen, og hvordan bloggen din samarbeider med fks. resultatrapportene dine, kontoadministrasjon,tilgang til fks. You-tube og twitter!

    SvarSlett
  2. Du er go!!! Jøss, Spesielt det siste avsnittet forstod eg litt av ;)
    Du er dagens vinnar. Gratulerer!

    SvarSlett
  3. Så bra du forstod det siste avsnittet, for det har eg skrevet sjølv, dei 3 andre er kopiert frå ein eller anna "nerde side".. Kem vant på Salem Witch kvissen (eg har mi egen kviss oppdatering ser du, og e veldig spent om eg har 19 el 20 rette nå;););)

    SvarSlett
  4. hehe, best å bruke eigne ord.

    Nå har eg lagt ut svaret på Salem witch. Godt du likte det. Eg sa til deg eg hadde lagt ut svaret før, men det viste seg at eg mista alt då den sørens Goggle Crome daua. Eg måtte laste ned ein ny crome. Då har fleire innleggg eg hadde laga og svar ol forsvunne:(. Men du vann då og ;)
    Eg skal telje opp i helga. Men vil det sei du alt har vunne ?

    SvarSlett
  5. Hvis eg har telt rett etter di siste oppdatering, fekk eg 20 rette idag;)

    SvarSlett