onsdag 5. oktober 2011

Visteguten

kt til liveHer er han, Visteguten. Guten frå Svarthålå på Viste. Han døydde som 15 åring, men er nå gjort levande av mastergradstudenten Barber frå Skottland. 

Barber studerer Forensic art ved universitetet i Dundee.  Det er eit rettsmedisinsk studium som går ut på, mellom anna, å gjenskape ansikt av menneskerestar. Ho skanna hovudskallen som blei funnen i Svarthålå, også kalla Vistehålå. Ut frå det har ho gjenskapt ansiktet. Barber seier det er ikkje eit fotografi me får fram, men eit gjenkjennande ansikt.

Frå  6 november kan me sjå han i Arkeologisk museum i Stavanger.


Det vert sagt at han er så lik seg at familien hans hadde kjent han igjen.

Eg har vore i Svarthålå fleire gonger. Eg har i "ånden" sett for meg tida det levde folk der. Seinare las eg Jean M. Auel sine bøker om Ayla i Hulebjørnens klan, og bildet blei enda klarare.

Men nå treng eg ikkje fantasere lenger. Eg har sett han. Visteguten. Sjølvsagt har eg sett han før, som skjelett. Eg har sett staden han døydde, og eg har tenkt på korleis livet hans var... 

Nå veit eg det. Tenk, 7500 år etter at han gjekk her på jorda veit eg uendelig mykje om han. Sjølv om han levde i ei tid dei ikkje la skriftlege meldingar til oss, har dei likevel gitt oss meldingar via levningane sine.

Han var 1,25 høg og var 15 år då han døydde. Han hadde "båtskalle."   Det er ein medfødt defekt som gjer hovudskallen lang og smal. Hadde Visteguten levd i dag hadde han vore henvist til senter for sjeldne  diagnoser i Oslo. Han var muskuløs og robust. Men har truleg hatt vondt i hovudet på grunn av trykket. Me veit ikkje kva han døydde av.

Visteguten levde saman med ei gruppe på 10 til 15 mennesker i Svarthålå. Sikkert nær slekt. Han åt mykje fisk, spesielt torsk. Han åt allslags skjell og fuglar, elg og villsvin.  Dei siste dyra for dei nok på jakt etter. Då hadde dei skinntelt med seg. Dei var sikkert nokså like skinntelt i dag. Kanskje var han heilt inne i Ryfylke på jakt?

Nå veit me korleis han ser ut, så nå gjenstår berre å ta bilete med seg rundt om på Randaberg og omland og finne slekta. Studer guten. Ser de nokon som liknar, så er det kanskje ein etterkommar.

Dagens kviss: Kan du eit anna fint navn på diagnosen båtskalle?

5 kommentarer:

  1. the librarian bitch5. oktober 2011 kl. 08:03

    Aperts syndrom

    SvarSlett
  2. the librarian bitch5. oktober 2011 kl. 08:04

    Båtskalle (Latin: scaphocephalus) er en betegnelse som brukes om et symptom på en form for genetisk feil hos mennesker. Hos en person med båtskalle har skallen en form som likner en velvet robåt. Sett forfra har skallen en noe spiss, konisk form. Også kalt Aperts syndrom.

    SvarSlett
  3. the librarian bitch5. oktober 2011 kl. 08:08

    Ellers så må eg sei det at alle slike rekonstruksjonar, iallefall dei eg har sett, av forhistoriske menneske liknar mykje på kvarandre.

    SvarSlett
  4. the librarian bitch5. oktober 2011 kl. 08:11

    http://www.sjeldnediagnoser.no/?k=sjeldnediagnoser/Apert%20syndrom&aid=8677

    SvarSlett
  5. Tlb, heilt rett! Gratulerer som dagens vinnar!
    Ja, det var nokon som kommenterte i england at guten såg engelsk ut. Barber er jo skotsk og verka av det ho ser til dagleg ;)

    Men likevel er det fasinerandes!!

    SvarSlett