fredag 22. februar 2013

Bror min, fredsprisvinnaren

(Dette innlegget hadde eg gjort klar i høve Fredsprisutdeling i Oslo rådhus i desember 2012, men tida gjekk og eg ansa ikkje på henne. Eg var ikkje heilt klar for blogglivet. Derfor kjem den litt på etterskot)

Denne overskrifta høyrdes vel nokså skrytande ut. Nå lyg ho iallefall denne bloggaren midt i livet! Kanskje ho har tippa over feil side av midt i livet.. eller? Les og lær:

Det har vore fredsprisutdeling att. Det er alltid spanande kven som vinn og kven som kjem. Dei som vinn får ta med seg familien og blir gjort stor stas på. Dei får alt dekka, og pengar i tillegg, til arbeidet sitt, sjølvsagt.

I 1988 vart "De Forente Nasjoners Fredsbevarende Styrker" tildelt årets fredspris. Fredsprisen vart gitt til organisasjonen; "For å hedre minnet om dei mange unge falne soldatar i fredens teneste."

Nobelkomiteen la stor vekt på rolla unge menneske har i fredsarbeidet. Det er dei som gjer at FN når sine fredsbevarende mål. Og året 1988 var litle bror min i Den fredsbevarande styrken. Han var utplassert i Libanon. Så derfor går det rundt på Sand, i all beskjedenhet, ein fredsprisvinnar.


Fredsprisvinnar 1988

Men i motsetning til det me ser vanligvis der mottakarane får pengar, diplom og medalje heilt gratis, måtte FN veteranane betale med eigne penger om dei ville ha medalja si. Dei var heller ikkje ønska til utdelinga i Universitetets Aula.

Dette viser at det framleis er forskjell på kong Salomo og Jørgen hattemaker.

Soldatar som var i teneste andre år enn 1988 blir også rekna med som vinnarar, slik at det  går nok to - tre andre prisvinnanrar rundt på Sand.

Dagens spørsmål: Kven er desse fredsprisvinnerane?

Talen ved utdelingsseremonien:
http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/1988/presentation-speech.html

7 kommentarer:

  1. The librarian bitch22. februar 2013 kl. 09:37

    Eg veit iallefall om ein og det er naboen min i Tulipangata :-)

    SvarSlett
  2. For ein ekstremt søt mann.

    SvarSlett
  3. Eg kjem berre på Kalle N.N. Gatenamna på Sand har eg ikkje heilt oversikt over, men trur me tenkjer på han same.

    Viktig å bli minna på at det ofte er nokre andre enn dei som mottek heideren som har gjort grunnarbeidet. Difor har eg veldig sans for kvardagen og kvardagsmenneska - eller fotsoldatane om du vil; dei som tek sitt ansvar og gjer si plikt utan å forventa åtgaum og pomp og prakt. Utan dei fell det meste saman. Så ein honnør til bror din og hans like!

    SvarSlett
  4. Ragnhild: ja ein ekstremt søt mann:)
    Suldalsrypa: Du og TLB er innom same mann. Du og eg er heilt på line :)

    SvarSlett
  5. Gløym ikkje Ståle Moe, han er ein av oss, og Kolbein Moe.
    Dei er begge fredsprisvinnarar

    SvarSlett
  6. Flott Kalle! Me må få inn alle namna her. Eg kjenner ikkje til alle. Nå har me 4 namn. Trur det skal vere fleire??

    SvarSlett