mandag 11. mars 2013

Som sokkjen i jorda

Det hender både titt og ofte at ting, eller folk forsvinn. "Han er i som sokkjen i jorda", seie me då. Her om dagen var det ein kar som var som sokkjen i jorda. Bokstaveleg talt. Han  sokk ned i jorda. Og der er han ennå. Ingen kan finne han.

Han blei slukt av eit synkehol. Det har sikkert høyrt om det. Som regel er det i långtvekkistan slikt skje. Men det kan skje overalt. Og det skjer. Då kan me vere glade som bur på dei hardaste fjellknausar oppetter åsane.


                         

Synkehol oppstår når grunnen under blir hola ut. Det kan vere mange årsaker til det. Oftast er det i områder med mykje kaltstein det skjer. Kalken blir løyst opp når det renn vatn ned i steinlaget. Dette fører til grotter under jorda. Etterkvart som holrommet blir større, aukar faren for at jordmassane over kan svikte. Då søkk jordlaget ned i holrommet. Og så har me eit synkehol.


Synkehol kan oppstå etter flaumar og store nedbørsmangder, men også under tørke.  I tørkeperiodar blir grunnvatn pumpa opp for å vatne jorda. Når grunnvassnivået søkk, kan grunnen kollapse.

                           
                                                     Synkehol i vegen

Dette har skjedd før,  og det kan skje igjen...

Du kan ta ein kikk på filmsnuttane her..

Det skjedde i Kina og Tyskland:
http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.10890910

Taiwan:
http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.8266665

fredag 8. mars 2013

MPG finalist frå halvøynå

Eg er ikkje av dei mest ihuga Melodi Grand Prix entusiastar, men kjenner eg nokon som er med, blir det mykje gildare. Eit år var min tidlegare leigebuar med i MGP. Ei klassevennine av dotter numme ein har vore med. MGP. Før var det utvalde folk av rasen kong Salomo som var med. No kan Jørgen hattemakar også vere med. Då treff det slik at me har kjende blant hattemakerane.

Dette året var det ein slektning som var med. Far min sa alltid at han hadde tremenningar over heile halvøynå. Det vil då seie at eg har firmenningar over heile den same halvøynå.

                         
Minnesmerket over hendinga som inspirerte gruppa Fjellfolk 

Helga Jacobsen er med i gruppa Fjellfolk og framførde songen Ulvetuva. Soga om eit par som gjekk frå  Bykle til Suldal. Soga enda  ille.

Helga Jacobsen. Jacobsen som i Jacobsen blomster. Der kjøpte me blomane våre . Der nikka dei alltid når me sa namnet vårt: Hiim. Ja for Jacobsen kjøpte blomsterbutikken sin av søster til brødrene Hiim. Som de ser; verda er ikkje stor.


                  
                                                       Fjellfolk

Eg kjenner ikkje Helga Jacobsen.  Men når eg såg bilete av henne kunne eg sjå kven ho likna på. I avisene står ho med eit stort smil og flott langt hår. Då måtte eg gå inn på Facebook sida "Suldal i gamle dagar" og leita fram eit bilete,





                  Der er ho. Jenta med dei lange tjukke flettene; Mor til Helga Jacobsen

Hu er forvetnelige denne facebooksida. Den bør de innom. Det er mange bilete frå  gammal, og nyare tid. Kanskje ser du plutselig besteforeldra dine, eller deg sjølv som liten!

Ha ei fin helg!


Ulvetuva YouTube:

torsdag 7. mars 2013

Legevakt.. Fritt val?

Inkvan har vore på kurs. Suldal kommune har tatt kommunesamanslåing på forskott. Vindafjord, Suldal, Sauda og Etne samarbeidar om helsa vår. Det vart ikkje noko av datasamarbeidet. Det vart for vanskelig. Då er det visst lettare å samabeida om helsa vår. Eit interkommunalt helseteam er nedsett. Dei ser for seg tre målbare resultat. Det eine er sjølvsagt økomomisk gevint for kommunen.

Kommunane slit med å få til legevaktkabalen sin. Sjølv i Etne og Vindafjord som allereie samarbeider, er det problem. Likevel trur dei at eit større areal vil  betre utteljing økonomisk. Kva det vil sei for folk å reise fleire mil når dei er sjuke er ikkje noko som blir merka på kommunalt plan.

Varaordføraren står fram i Suldalsposten og seier at tidlegare helsesjefen sine ord får stå for eiga rekning. Ho seier også at ingenting er avgjort ennå.

Ved akutt sjukdom vil legevakta rekvirere ambulanse direkte til sjukehuset utan å gå vegen om legevaktstasjonen, føreslår det interkommunale teamet. Dei vil ha eit samarbeidsprosjekt  med sjukehusa.

Samhandlinsreforma er meint motsett. Kommunen har hovedansvaret, og sjukehusa er berre der folk skal reparerast før dei igjen blir sende heim til kommunen sin for vidare pleie og hjelp.

Samhandlingsreforma vart innført frå 2013 og skal fullførast i løpet av 2015  Dette er ei helsereform med ny folkehelselov . Lova styrker kommunen sitt ansvar for "forebyggende og helsefremmende arbeid i alle samfunnssektorer."

I lova står det klart at det er ei kommunal plikt å etablere øyeblikkelig hjelp. Tilbodet skal flyttast nærare der folk bur. Kommunane overtar også ansvaret for utskrivingsklare pasientar på sjukehus frå første dag. Dei vil få dagbøter om dei ikkje klarer å følge dette.

Kva betyr samhandlingsreforma for folk flest? I følge helse- og omsorgsdepartementet skal det bli lettare å få hjelp lokalt. Tilbodet i kommunanae vil bli breiare.

Helse-og omsorgsdepartementet har lagt ut ein kortversjon av lova. Den skal dei fleste klare å lese.  Det står klart at det skal bli lettare å få helsehjelp lokalt. Og at tilbodet i kommunen vil bli betre.

For å få til dette får kommunane 5 milliarder kroner frå staten. Det fordi staten vil at det skal lønne seg for kommunane å førebyggje, og byggje opp nye tenester der folk bur. Då er det ikkje opp til politikarane å gjere motsett.

Har ikkje  politikarane sett i media at det er foreslått å leggje Helsefonna inn under SUS i Stavanger? Det kan vere at om kommunane vedtar dette forslaget, er Helsefonna omorganisert. Ei slik omorganisering vil sikkert få ringvirknadar på ambulansetilbodet i distrika.

Helsefonna har heller ikkje ambulansar i kommunane til slik hjelp teamet foreslår. Kva så om ambulansen er i bruk  når legen på vakt rekvirere ambulanse for å hente ein pasient.

Kven har då sove i timen?

Eg veit; 2012 Ein pasient med mulig hjarteinfart. Legevakta rekvirerer ambulanse.  I ferjekøen  rekvirerer helsefonna ambulansen sin til ei bilulykke. Det er diskusjon om kven som skal bruke bilen. Enden på visa er at pasienten får reise i ambulansen, ei ferje forsinka.

Eg veit: På 80- talet må det ha vore eit slag samarbeid mellom Sand og Sauda. Ein høggravid pasient har fått akutt nyresteinsanfall. Pårørande ringer legevakta. Legen svarar: " Eg er i Sauda. Du får ta ein  paracet og komme i kontortid i morgon."

Vil me ha det slik? Tenk over dette...



Her kan de lese referatet. Klikk på infobrev nr 5:
referat frå interkommunalt møte

Her kan de lesa samhandlingsreforma i kortversjon:
samhandlingsreforma; kortversjon

onsdag 6. mars 2013

Exit Placement

Eg las i Suldalsposten at ordføraren i suldal har lagt vekk invitasjonen frå Placementorganisasjonen.  Eg må sei det kom ikkje som noko bombe. Det har vore underforstått ei tid.

Placement er ein organisajon som har spesialisert seg på å kople europeerar frå overfylte områder i Europa opp til grisgrente bygder i Noreg.

Suldal og Sauda kommune var svært ivrige deltakarar ein del år. Det vart slått på stortromma. Alt vart gjort for å leggje til rette for at ressurstertke europeerar skulle flytta til bygdene våre. Og det gjorde dei. Dei aktuelle vart inviterte hit. Dei fekk omvisning på alt kva me hadde å by på. Mellom anna var rein natur, tomter, og fred og ro, åte Skattkammeret slengde ut.


                               

Mange beit på og flytta hit. Ordføraren sjølv seier det var ein suksess, men at det ikkje er noko han vil satse  på vidare. Det grunngir han med at alle prosjekt har ein ende. Snakkar han som privatperson igjen?  Det er ikkje allltid så godt å vite kva hatt han har på hovudet. Har styringsgruppa gått inn for å leggje vekk invitasjonen?

Treng ikkje fråflyttingskommunen Suldal fleire barnefamiliar? Ei kan undrast. Placementfolka var folk som klarte seg sjolv, og bidrog positivt, frå første dag.

Det viste seg at medaljen hadde ei bakside. Desse ressursterke folka gjekk ikkje svimelaust på eit tilfeldig åte. Nei, dei hadde tenkt saka gjennom og komme fram til at det Skatttkammeret Suldal hadde å by på, passa dei. Dei var ikkje interessert i at kriteriene skulle endre seg i ettertid. Då Fonnafly plasserte seg rett draumen til  desse nye sandbuane, ga dei beskjed.

Ordføraren tykte dei var ganske slitsomme med maset sitt om fred og ro. Skjøna dei ikkje at støy er framtida. Ordføraren stod til og med fram som privatperson i Suldalsposten for å dukke dei litt.

Men sjølv ikkje litt harselering om sarte øyrer stoppa dei.  Sjølv ikkje  ord om at at dei ikkje kunne forvente seg bu i eit eit glansbilete stoppa dei.

Då for glansen av innflytterane. Dei vart berre mas med dei. Handlinga her  minner meg litt om soga om  campingturisten som klaga på at eigaren av campingplassen støya. "Å, de må berre fara.  De heve betalt." var svaret dei fekk.

Masete folk vil me ikkje ha. Då er det enklare å ta i mot folk som ikkje klagar på støy, og som  er himla glad at helikopteret berre støyar, og ikkje slepp bomber.



Ordføraren seier i Suldalsposten at om inkvan ønskjer å diskutere ein ny omgang, må dei gje han eit signal på det. Her har han eit signal.


http://www.placement.no/

tirsdag 5. mars 2013

Demokratiske val på den harde måten

Det er valtider. Italia har tatt eit val. Det var ikkje noko å ropa hurra for. Nå er det Kenya sin tur.

Frå 1952 har det vore  uro i landet, med unntakstilstand og opprør. Landet vart fritt 12.desember 1963 og kalla seg Republikken Kenya. Men det vart ikkje roligare.


                                    Kart over Republikken Kenya

                                         Kenya, sør for Afrikas horn

Dei er ivige veljarar i Kenya, sjølv om det går på livet laust. Ved sist val mista 1300 mennesker livet, og rundt 600 000 måtte flykta. Når vallokala opna dette året vart 9 politimenn drepne med macheter. Til nå er 17 drepne, men det er ennå ei stund før alt er avgjort. Det er 15 millionar kenyanarar som går til val.

Sarah sit i Molodalen og gruar seg litt til valet. Ho sit i eit plast igloliknande telt. Der har ho budd sidan sist val. Då vart huset hennar øydelagt.

"Eg tenkjer at om Gud hjelper oss, gir han oss ein god leiar. Då får me det betre. Eg tenkjer mykje på det her eg sit i teltet mitt. Eg har god tid til å tenkje." seier Sarah.

Morodalen vart hardt rasert sist valår. Husa vart øydelagde og landsbyen lagt øyde. Norsk hjelp var med å reise nye hus. Men nå  før valget er husa vekke. Dei er demonterte og vekkgjøymde. Innbyggjarane tek ingen sjanser.

Ei eldre kone grev opp potetene i åkeren sin. "Det er best å ete dei, ellers blir dei øydelagde under valet. Eg har mista alt eg eig ved kvart val," seier ho.

Det skal veljast 47 guvenørar og lokale leiarar, i tillegg til president, nasjonalforsamling og senatorar.
Det er åtte presidentkandidatar. To av dei kjempar i toppen. Det noko Shakespeareaktig over valet. To fedre sloss om makta i 1963 Nå sloss sønene om den same makta.

 Odinga som tapte i 2007 tilhøyrer Luostammen. Den sitjande presidenten, Kibaki, tilhøyrer kikuystammen. Landet eksploderte i ei voldsbølge den gongen. Odinga vart statsminister for å roe ned, men det var uro lenge. Av dei 600 000 som  flykta er det framleis 120 000 som ikkje har våga å komme tilbake.



                     GÅR I BRORENS FOTSPOR: President Barack Obamas halvbror, Malik Obama, ønsker å rette fokuset arbeidsledighets- og fattigdomsproblemene i Kenya når han stiller til valg i Kenya.Foto: AFP/ NTB Scanpix
                                                     Halvbroren
USA sin president er frå samme stamme som Odinga. Halvbroren Malik Obama stiller til lokalvalg i Nyanza provinsen.

Mange stiller opp for å velge, og mange har fått pengar for ågjere det.
"Alle er korrupte i Kenya. Både på toppen, og oss vanlige folk", seier ein kjelde til VG på valglokalet

mandag 4. mars 2013

grensesetting

Å setje grenser er ikkje lett. Det veit alle småbarnsforeldre. Dei veit alt om viktigheita  av gå setje grenser. Spør ein bonde kva som skjer om inkvan flyttar grensesteinane.  Det kan føre til sjau, slagsmål og rettsaker. Ser me større på det, kan det mellom land bli krig om  grenser.

                                       Til forsiden

Suldalsposten har flytta ei grense. Ei viktig grense. Dei har byrja å ta inn anonyme innlegg.

Suldaposten har halde ei streng line med alle skal stå for sine ord. I alle år har folk fått uttala seg om det meste, så lenge dei skreiv namnet sitt under. Eg prøvde ein gong å signere med signaturen  L. Hiim. Det vart nei i neven. Fullt namn takk! I spalta "nest siste" må alle som får helsing stå med fullt namn. SP går for openheit.

Så kom det det eit lesarinnlegg på trykk. Anomymt. SP legg til nederst at dei valde å gjera eit unntak frå regelen om at lesarbrev må signerast. Dette skal visst vere fordi det var eit så kjenslevart tema.

Dei flytta ei grense, og sette den tilbake att. Då må det bli reaksjonar.  Korleis vil SP bera seg åt neste gong eit kjenslevart tema dukkar opp. Det vil komme fleire saker som har eit heitt tema. Det både bør, og skal tas opp brennvarme tema i ei avis.

No har SP gitt litlefingeren frå seg og dei kjem til å slite framover. Slite med å argumentere godt for at ikkje fleire "helsing lesar av suldalsposten" vil tvinge seg fram, og gripe heile neven.

fredag 1. mars 2013

pavelaust

Den katolske kyrkja er utan åndeleg leiar. Dei har ingen pave. Vanligvis skulle dei no vere i sorg. Det skulle dei vera frå i går klokka 20.00 og fram til  konklaven har vald ny pave. Då skal ei ny æra oppstå. Nå har det utenkjelege skjedd. Paven ha gått av. Han abdiserte, og det av eigen fri vilje. Det har aldri skjedd før. Då meinar eg eg eigen fri vilje. Og flokken hans er i villreie.

Pavar har gått av før og, men det var sjeldan, og det er 500 år sidan sist. Det er fleire pavar som har blitt avsett, enn avgått..

                        Benedikt IX
                                             
Benedikt IX er den første som abdiserte. Han abdiserte fordi gudfar hans sa han kunne skaffa han eit godt gifte. Så Benedixt abdiserte og for av stad for å gifte seg. Det vil sei han selde pavestolen til gudfaren sin, som igjen  skunda seg å ordna det slik at han sjølv vart vald til ny pave. Pave Gregor VI,  Men Benedikt fekk ikkje gifte seg. Familien ville ikkje ha han. Han kravde då pavestolen attende.  Benedikt var pave tre gonger. To gonger vart han avsett.

Benedikt var den yngste paven nokonsinne. Han var mellom 11 og 20 år første gong han vart pave i 1032, Om alderen stridest de lærde. Han kom frå ein pavefamilie. Onklane var pave Benedikt VIII og Johannes XIX
Benedikt var av samtida kalla ein demon frå helvete i ein presteforkledning. Hendingar som voldtekt, mord, svindel og kriging låg i fotefara hans. Han vart tilslutt lyst i bann.

                                                       Celestin V
Celestin V var neste pave som abdiserte. Han kom og gjekk  i 1294, og døydde to år etter det. Han vart kåra til helgen i ettertid. Celestin var from og ville helst vere eremitt. Bonifatius oppmuntra han sterkt til å følge draumane sine, for han sjølv kunne ta over. Han vart pave Bonifatius VIII. Med ein gong han var vald til pave, sette han Celestin i fengsel for å vere på den sikre sida. Celestin fekk einebuarlivet sitt, men i jarn.


                                                   Gregor XII
Den neste som abdiserte var Gregorius XII  Han gjekk av i 1409 På den tida var det to pavar. Ein pave og ein motpave. Gregorius kunngjorde at om pave Benedictus XIII gjekk av, skulle han og gå av. Ved neste kyrkjemøte valde  kardinalane ny pave, Alexander V, utan at Gregoruis var avsett. Slik gjekk denne abdikasjon føre seg.

Me er vane med at kongar og pavar sit på livstid. Me såg korleis den forrige paven sleit med å utføre pliktene sine. Johannes Paul II gjorde det fordi det var hans lodd å tena folket det til han stupa. Nå går etterfølgaren hans av med begrunnelsen det er hans lodd å gå av for han kan ikkje leia folket  Han vil vie seg til bønn og ettertanke resten av livet. Lurer på kven som har overtalt han til å følge draumane sine?

Kva skje nå? Nå skal konklaven som består av kardinalar saman i eit rom. Der blir dei innelåste, og skal komme med eit nytt forslag til pave. Det blir avstemningar kvar dag fram til dei får 2/3 fleirtal.  Om kvelden  fyrer dei opp i peisen med kjemikalier som gir svart røyk. Det vil sei inga avgjer. Den dagen dei blitt sams, stig det kvit røyk ut or skorsteinen. Då bryt gleda laus. Då har den katolske kyrkja fått ny åndeleg leiar.

torsdag 28. februar 2013

I bakvendtland der kan alt gå an...

Me kjenner alle til songen me song på skulen. Men ikkje visste eg at det var min heimkommune me song om. Det har vist seg at her går alt an i feil rekkjefølge, og ordtaket "Det er lettare å få tilgivelse enn tillatelse" har fått nytt tyding.

Det byrja så smått ut på Foldøynå. Der sette ein mann i gong eit større byggjeprosjekt. Då det kom for ein dag at det mangla søknadar og tillatelsar, inviterte han kommunen  til å høyre og sjå korleis han skulle redda Foldøynå frå gløymsel.  Politikarane lurer på om dei skal gi han tilgivelse og tillatelse. Men han er ein Byas, så dei blir ikkje heilt einige.

Så kjem ein av våre eigne og gjer det same. Då får pipa ein annan lyd. Ja dette må me gå for. Dette må me støtte. Eg snakkar sjølvsagt om Helikoptebasen som er etablert på Sand.

Utan søknad eller tillatelsar gjekk Fonnafly i gong og etablerte heikopterbase. Dei bygde opp landingsplass og husvære til piloten Så kjem det for ein dag kor stort det er, og at dette bør ordnast. Det blir gjort i ein handvending. Fonnafly søkjer om konsesjon.

Så klarer LMT det kunsstykket å gi Fonnfly noko dei ikkje ein gong ba om. Vips så er alt i "lovlige former" Her kjem songen inn. Alt skjer i feil rekkefølge, og "alle" syns det er greit,


I Bakvendtland der øst er vest og fem og to er ni
Er alle barna sjelegla’ når feri’n er forbi
De tropper opp på skolen for å ta et skippertak
Med skolesekk på magen sin og lueskyggen bak
Ja i Bakvendtland der kan alt gå an
Der er de like tøysete og rare alle mann.

  
Når barna første dagen går til skolehusets grind
Så starter de i sju’nde klasse når de skrives inn
Så blir de flyttet nedover i klasser pø om pø
Og går ut ifra første klasse dumme som et brød
- Ja, i Bakvendtland ...





I bølgene etter nedslaget blir dei simplaste hersketeknikkar tatt i bruk for å dempe kritikken. Dei som helst vil me skal leve i "Vanliglandet", og trivs best med siste verset i songen blir latterliggjort og hersa med på sosiale medier og i Suldalsposten.


Ja slik er det i Bakvendtland slik er det ikke her
Her starter vi i første klasse alle og enhver
Med skolesekk og varebind og sanger som vi kan
Blant annet denne nye vi har lært om Bakvendtland
- Ja, i Bakvendtland ...


 Det er kun Haugesund Avis som tar tak i dette og ser galskapen. Dei summerer opp: "Fonnafly etablerte først en helikopterbase uten å søke konsesjon, deretter søkte de om konsesjon til å drive helikopterbase"

Heia Norge, Heia Suldal!

tirsdag 26. februar 2013

Sand i endring - utstilling

I dag skal me gå bakover i tid. Det er ikkje alle som lever i nuet. Nokre kan ikkje komme seg langt nok tilbake i tid. Me skal ikkje ta for oss ekstremvarianten i dag. Me nøyer oss med å gå tilbake til forrige århundre. Jøss, det høyrdes litt mykje ut likevel. Men alt er relativt... Når ein er fødd siste året på 1950- talet, er det kun 50 år før det att.

Suldal sogelag har ivrige medlemmer. Dei likar å samlast, og samla. I 14 år har dei trufast produsert årbøker, i tillegg til å vere med å gi ut andre bøker. Dei er eldsjeler. Det er ein utryddingstrua art. Derfor passar dei godt i eit sogelag. Der veit me å ta vare på slike sjeldne artar.

På møta våre kjem det fram ei stor interesse for gamle bilete. Då me fekk vårt eige lokale vart det naturleg å ha ei utstilling av gamle bilete til opninga. Sogelaget har rom i Gata og går under namnet "Mimreståvå". Eit barn kunne ikkje ha eit betre namn, for det er det som stort sett foregår der. Me mimrar og samlar.


100_0529
                                                                  Utstillingsplakaten.
På opningsdagen var det så stor tilstrauming at folk måtte trekkje ut på gata for å få luft. Dei stod som sild i tønne i fleire timar. Det er utan tvil den  mest populære utstillinga.


100_0526Folk kunne stå i timesvis og diskutere kven som var på bileta. Mange fann seg sjølv, eller famliemedlemmer på veggen. Det var store diskusjonar om det var rett person som var avbilda. Ein veit jo at manns minne er skrøpeleg.
 100_0527
 Glimt frå utstillinga. I tillegg er det ei liste der ein kan notere dersom ein har tilleggsinformasjon om bileta.  Det er alltid godt å få dobbelsjekka fakta.

100_0528
 Både unge og eldre var innom på opningsdagen, og etter det har det vore jamn straum til lokalet. Utstillinga står oppe ennå, men ingenting varer evig. Heller ikkje ei fotoutstilling. Så nytt høvet mens den er der. Ta med deg vener. Det er gildare å mimre i lag med kjende.

  100_0530
Her har me ein mannen bak utstillinga. Terje Bråtveit har fått slektsinteressa inn med morsmjølka. Han er son til Ragnhild Sand Bråtveit, også kjend for å ha den største databasen for lokalhistorie i nyare tid på Sand.

I dag er det årsmøte i Suldal sogelag. Det blir kåseri før årsmøtet. Inge Helle Olsen kåserar om Turistforeninga si ferd i Suldal kommune. Møtet er ope for alle.

Det er ikkje farleg å møte opp, for i sogelaget har me ikkje problem med å finne folk til styreverva. Det veit eg, for eg sit i valkomiteen. Er du nyfiken, så er dette dagen for å slenge innom kulturhuset klokka 19.00


suldal sogelag si nettside

Vivo Italia

Kva er det med Italia og italienerane?
Italienerane har lenge vore kikka på med forbausa auger av oss andre, litt meir seriøse folkeslag. Til lenger nord ein kjem, til vanskelegare blir det å forstå den italienske folkesjela. Dei er litt annleis. I moral, mimikk og politikk.

Andre nasjonar forstår dei heller ikkje, og tøysar med dei. Me har spøken om verdas tynnaste bok, som er boka om italienske krigsheltar. Me har påfuglgeneralen i "Allo All",  for for å nemne noko.

Nå går italienerane til val. Det har lenge vore uro i Italia. Dei er misnøgde med stoa.  Då seglar den snart 80 år gamle sexfikserte, svindelstraffa sjarmøren inn på banen.  Ja, Silvio Berlusconi. Såg me den komme?

                                                   
I slutten av 2011 måtte statsminister Berlusconi gå av etter haugevis med skandalar. Han hadde vore statsminister lenge. Folk i andre land kjende Berlusconi meir frå sladrespaltene enn frå politikken. Men tilslutt vart det for mykje sjølv for hans eige folk.


                                            
I denne valkampen stig Berlusconi opp som fugl Fønix or oska, og smiler seg fram i valkampen. Folk jublar og han sjarmerer seg fram til pallen.

Statsvitar Toaldo ved Roma universitetet seier at Berlusconi er ein mann italienerane lett kan identifisere seg med. Har er rik og vellykka. Alle ønsker å bli som han. Berlusconi dyrker imaget sitt som ein ekte lidenskapeleg latinsk elskar.

 "Cosi fan tutte" er ein italiens opera. "slik gjør alle" " Sex styrer livet og alle italienerane snyt på skatten, og skryt av det."  Då er det ikkje rart at Berlusconi er ein helt.
Resultatet? Jo, Italia blir kasta ut i eit politisk kaos. Det stod mellom to blokker. Ingen av dei fekk fleirtal.


                 
                                          Slik reagerer Milanobørsen  på valet.


Italia er ikkje betre stilt enn Hellas og Spania. Det har dei klart å halde skjult, for fokus har vore meir på Berlusconiskandalane. Nå har ingen av dei to blokkene nok mandat til å styre landet.  Det landet som skulle vore styrt ut av krisa. Ei krise, som dersom den blir langvarig, vil få ringverknader heilt opp her i det kalde nord. Har noko i det heile endra seg i Italia frå dei guddommelige keisarane til nå?

Manmma Mia for eit kaos!

Berlusconi sitat:
- Eg er den beste politiske leiaren i Europa og verda.

-Eg er politikkens svar på Jesus. Eg er eit tålmodig offer. Eg tolerere alle. Eg ofrar meg sjølv for alle,

-Mr Schultz,(tysk politiker) Eg veit det er ein mann i Italia som skal lage film om nazistane sine konsentrasjonsleirer. Eg vil føreslå deg til rolla som voktar. Du vil passe perfekt!"

-Mussolini drepte ingen under krigen. Han sende bare folk på ferie i indre eksil.

- Kjære deg, ( ei av elskerinnene hans) eg kan ikkje berre feriere.Eg må styre landet litt også.