onsdag 31. august 2011

Foreningen for muskelsyke i Rogaland

Eg har vorte historisk. Eg har vore med å starta endå ein forening. Frå før har eg vore med å starte Foreldreforeningen for Hørselshemmede i Sør- Rogaland. Det var ein sosialpolitisk forening for foreldre som hadde døve, eller tunghørte barn. Seinare var eg med å stifte Suldal sogelag. Ei interesseforening. Nå er eg tilbake til sosialpolitikken.




Foreningen for muskelsyke har foreningar over det ganske land, men ikkje Rogaland. Dette vart gjort noko med 27. august. Eg har vore medlem i moderforeninga i rundt 7 år, og sit i valkomiteen. Men nå har me eit fylkeslag, og det blir lettare for muskelsjuke i Rogaland å treffast. Me satsar på å nå ut til muskelsjuke og ha ei samling i desember for å leggje føringa for drifta framover.

Om det kjenner nokon som kjenner nokon som er muskelsjuk, eller har muskelsjuke i familien. Gi lyd! Me vil ha alle med oss.


Her er den historiske gjengen. Første styremøte i FFM rogaland. Eg vart nedstemt i forslaget om å bruke nynorsk som målform. Berre så eg har sagt det!

Styremedlemmene kjem frå Haugesund, Karmøy, Tysvær, Stavanger, Bryne og Ryfylke. Som de ser er det god kjønnsfordeling.

Her er nettsida til FFM: 

Dagens kviss:  Muskelforeninga har eit kurs som heiter " Bare pisspreik".  Kva i all verden er det for eit kurs?

tirsdag 30. august 2011

Bubilkrig

I sommar har det vore styr i Nordenden. Folk som bur der er leie av all trafikken i den smale gata. Bubilane parkerer heilt opp i badestranda og tek opp all plass.

Slike bilar vil me ikkje ha i Nordenden

Med fare for å bli oppfatta som ein "Besserwisser" sa eg, og mange med meg, at det var på "trynet" å flytte turistinformasjonen til Nordenden. I Dalane var turistinformasjonen det første turistane såg, og det var mange parkeringsplassar utanfor. Istadenfor som nå, å presse all trafikk inn i ein flaskehals.

Då alt var fryd og gaman i Dalane, var det inkvan som snakka saman. Dermed vart turistinformasjonen flytta inn på Ryfylkemuseet. Då køyrde bilane dit. Turistar som før gjekk på føtene bort dit.

Gata bort til Neset er ei perle, og det burde helst vore køyreforbod der. Trongt er det og. Nå får dagleg dei fastbuande bilhjul mest opp i kjellarhalsane sine. Nå har dei fått biltrafikken opp i halsen.

                                   (foto: E. M)
Rainer Speth i Høgre meinar at dette må ordnast opp i før neste sesong.  Heilt rett. Men me må ikkje la inkvan få vere med å snakke denne gongen.  Me såg korleis det gjekk...


Det bur faktisk folk i Nordenden (foto SP)

Eg tykkjer innbyggjarane bør få Nordenden tilbake. La dei få sleppe bilar klin i inngongsdøra si. La dei få lufte i stova si som vanlege folk utan at dei får avrivne vindusruter.

Me har ein campingplass. Eg skulle tru bubilane kunne stå der. Dette er ei sak for den nye næringsforeininga. Det er dårlig næring å la bilane stå gratis når campingplassen står tom. Lite pengar i kassa då.  Det er vel det same om bubilane legg frå seg pengar i Bergekrossen eller i Gata?

Politikarar: Det er snart val!
Eg ville ikkje likt å ha 4 - 5 bubilar ståande i tunet mitt i Prestaåsen. Ville de?

Dagens kviss: Korleis oppfører turistane seg i Nordenden?


mandag 29. august 2011

Kjipt hybelliv i Bergen, del 2

Om de har lengre minne enn eit gjennomsnittsmenneske hugsar de nok eg skreiv om dotter nummer to og hushaiar i Bergen. Det vart publisert  9/6- 11, og handla om kva som kan skje med stakkars studentar i Bergen by. Livet er for kjipt og det regner hele tiden...

Historia viste seg å vere verre enn først antatt. Straumen vart kutta før dei fekk redda mat or kjøleskåp og fryseboks. Så de kan vel tenke korleis det såg ut, og lukta? Kjipt?  Tinga som var trygt lagra, var.. ja, la bileta tale for seg sjølv:

Her ligg eigendelene til dotter nummer to " trygt lagra"

Her var det ikkje mykje som kunne brukast.

Her står studenten noko betutta og leiter etter sakene sine.

Der står det ein mikrobølgeomn. Den  har visst overlevd.

Dotter nummer to hadde fått melding om at møblene og lausøyra var lagra en stad. Det kan me godt sei; Dei var lagra like svevande som det høyrdes ut...  Dei viste seg å vere lagra i ein fuktig kol-kjellar.

Noko var lagra i kjellaren og noko på loftet, resten var stole. Ho fann gardinene sine som ei mukka på kjellargolvet. Dei hadde fått ein anelse grønnskjær over seg. Blenderen sin som ho lika så godt låg der og; knust. Senga var stua inn på eit kott og inkvan hadde funne ut at sengeføtene kunne vere kjekke å ha, så dei var avskrudde. Bordet var skuva godt inn til murveggen slik at det var sikra mange skraper.

Det var ingenting å redde av tinga hennar. Huseigarane vil ikkje kommunisere med dei. Dei har hyrt inn advokat, men dei svarer ikkje på brev.


Kjørlene var trykt opp i ein bossekk som stod nedstøva. Det meste oppi sekken var knust.

Stoda per i dag er at blei vart kasta på gata og mista tinga sine. Dette sjølv med lovleg leigekontrakt.  Og ingenting skjer....

Men ho har heldigvis funne seg eit krypinn. Der kan ho steike egg mens ho ligg i senga, så det blir nok ikkje Bergensturar på meg.
Ho har måtta handle inn nye saker. Det skulle vore unødvendig. Men det viser seg at leigekontraktar berre gjeld viss alle er einige.

Moralen i dette må vel vere; pass deg for hushaiar, og ta alle tinga med deg når du går!

Dagen kviss: Kva heiter "kantarellene" som vokse i ein kjellar?


søndag 28. august 2011

Wenn jemand eine reise tut... Bulgaria

Å vere på reisefot er gildt, ein opplever mykje. Denne gongen reiste eg til Bulgaria. Og der vart eg verande. Det var så varmt at det var ikkje anna å gjere enn å kose seg ved bassengkanten. Det var så vidt me orka bade i det varme Svartehavet. Me orka ikkje rundt får å oppleve så mykje, men me hadde kvalitetstid med slekt og venner. Etter 5 veker tok eg meg i å ha eit seigt avslappa ganglag. Då fann eg ut at det var på tide å venda heim.

Bulgaria er annleis, og likt. Ein av dei stor forskjellane var å vere budd på å bli kasta av bussen midt i ruta for sjåføren var ferdig på skiftet sitt, og kjørde vidare med tom buss. Det var heller ingen begrensingar kor mange passasjerar som kunne gå ombord. I ein stappfull buss pressa billettøren seg fram og tilbake  for å selge billettar.



Me følgde skilt-instruksen: Was happy in Bulgaria.


Hestedrosje passar på late dagar.

Oversikt over Sveti Vlas. Magic Dreams ligg til venstre for landsbyen.

Om kvelden kunne me kosa oss i ei gedigen såpeboble. Umulig oppgåve for gamle skinn, men ungane storkoste seg.

Dotter nummer 1 med mann og barn kom også på besøk.


Ferievenner frå Suldal: Arne, Kari og Silje. Beste ferievenner ein kan ha.


Her er ein av ferievennene mine. " He me d kje gjildt?"

Ikkje lett å balansere på Bambi.

Lange late dagar ved bassengkanten. I temperatur opp mot 36 grader kvar dag, var det ikkje mykje anna me kunne gjere:  Bade, slappe av, bade, ete, bade, slappe av...


Det vart mykje spel og kryssordløysing under parasollen. Liva vart ein "reser" på kryssord etter 5 veker


Det er like varmt som det ser ut.


I Bulgaria treff ein kjende på kvart hjørna. Her på Kafe med Elise og Siri i Sunny Beach

Me har to basseng å velte oss i 

Frå bassengkanten ser me ut på Svartehavet.

Dreamville. Alt du ser er ein draum. Det blei "broken Dreams" for ein del nordmenn. Men for eit paradis det er.

Marcus med søstre, far og besteforeldre var ei veke. Han samla fliser nok til å flislegge sitt eige bad når han blir stor.

Ask og Chris fant tonen med ein gong. Chris og Hristo hentar oss på flyplassen, kjører oss overalt. Dei er til og med med på handel. Og dei veit alt me vil vite. Beste sjåførar i verda.

Utsikt frå "Khans Tent": Sunny Beach-bukta og Nessebar bakerst i bilete. Gamle Nessebar by som er på Unesco si verdsarvliste ligg på øya de kan skimte.

Onkel Tor fekk tida til å gå. Han likte helst dei små såpeboblene.


Her skulle det vore ein video av Bambi på vatnet, men eg er ikkje teknisk nok til å få det til:P

lørdag 27. august 2011

Såre olbogar

Såre olbogar ikkje kjekt å ha. Dersom de studerer olbogane til folk rundt dykk, vil de sjå stor variasjon.  Eg har i alle år stelt godt med olbogane mine. Eg har skrubba og smurt dei med diverse remedier for å halde dei mjuke og fine.

Olbogar er godt å ha. Utan dei kjem me ingen stad.  Dei skal helst vere spisse. Men er dei for spisse blir me uglesett. Den smale gylne middelveg er vanskelig å balansere på. Då kan olbogane både vere til hjelp og vanhjelp.


Døme på gnagsår


Det gjorde veldig vondt.

Då eg var klimaflykning i Bulgaria la eg merke til noko rart. Olbogane oppførte seg ikkje som dei skulle. Same kor mykje eg smurde og stelte med dei blei dei såre. Eg hadde beint fram gnagsår.


(Dette er den fine poolbaren som ga gnagsår til mange nordmenn. Dette bilete er frå dei tre dagane me sto lamslått og glodde på norsk tv. Merk den kjekke bartenderen. Han var mest arbeidslaus i desse tre dagane. Han våga så vidt spørje oss om me ville ha noko, og han vart reint deprimert av stemninga.)

Når eg så studerte fenomentet såg eg at dei fleste turistane hadde gnagsår på olbogane. Nokre hadde gnagsår på ei, andre på begge olbogane. Etter vidare studering av fenomenet kom eg fram til at eg fekk gnagsår når eg hadde besøk. Mens når eg var åleine hadde eg det ikkje.  Når me var fleire i godt lag, oppsøkte med den ovanfor nemnde baren.


Blide damer i godt lag.


Dette var noko av det me kunne få. To til prisen av ein.

Så byrja ryktet å gå. Det var mange som var utsett for fenomenet. Det var som ein farsott. Så kom sanninga for ein dag. Me hadde sete i baren!

Dei som sat ytterst på rekka hadde gnagsår på den eine olbogen, mens dei som sat inne i rekka hadde sår på begge olbogane.  Våte olbogar mot glatt bardisk gnaga hol på spisse oldbogar. Litt flaue over denne openbaringa lurte me på om det var bot mot dette. Å ha på seg klær var uråd i 36 grader. Då kom eg på at det eineste som hjelper her er slitelappar.

Så nå skal eg starte nisjeprodusjon på heimehekla oldbogelappar til bruk i baren på Magic Dreams.  Neste år er me betre budde og utstyrte med olbogelappar på begge olbogar før me går i baren.


God helg godtfolk! Det er helg og ingen kviss. Men ver klar mandags morgon.


fredag 26. august 2011

Ondebokser!


Det går mot haust. Det har de nok funne ut av dykk sjølv utan å lese det på bloggen min. Med hausten kjem kulde og trong for varme klede. Eg fann ut i går at det var på høg tid å leite fram varmare klær. Når eg byrja å kikke i skapet etter varmare klær kom eg på ondeboksene.  Eg måtte le for meg sjølv.  Ikkje av mine eigne ondebokser, men Borghild sine.

På Hjelmeland bur det ei dame med livlig fantasi, Ho er sjølvsagt frå Sand, og eg har sagt det før, og seier det igjen:  mykje godt kjem frå Sand!


Desse fint tilpassa ondeboksene i ull talar for seg sjølv.


Dei finns i alle elefantstørrelsar og mønster



Her er kunstnaren sjølv. Eg lo så mykje når eg tok bilete at eg klarte ikkje halda kameraet i ro. Unnskyld, Borghild, du blei litt utydelig.

Desse ondeboksene kan kjøpast i kiosken ved Hjelmeland ferjekai. Det heng eit rikhaldig utvalg, og dei kan brukast til dei fleste festlege anledningar. Godt å ha på seg i kalde utdrikningslag i vinter?
Då blir mitt spørsmål: Kva menn finn me ut har desse ondeboksene på seg?

Dagens kviss: Kva heiter kunstnaren av desse ondeboksene?

torsdag 25. august 2011

Dr. Jose de Francia

Klasseskilje er eit problem.Det har det vore i alle tider. Same kor mykje me snakkar om like rettar, så viser det seg at like born leikar best. Skilje mellom klassane aukar heller. Det vert større sprik mellom fattig og rik. Mange har hatt meir eller mindre heldige idear om korleis dette kan endrast. Ein som var forut for si tid var El Supremo; Jose de Francia.

Jose de Francia hadde råd for å fjerne klasseskilje.  Advokaten og politikaren, Jose de Francia, levde frå 1766 til 1840 Han tok over styret etter opprøret i Paraguay i Sør-Amerika då Paraguay lausreiv seg frå Spania.

Han vart ein av to konsular som styrte i Paraguay. Han styrte helst etter sitt eige hovud.  Eit av problema i landet var klasseskilje. Han fann ut at det var kun ein måte å bli kvitt klasseskilje; ved eliminering.

Han laga ein lov i 1814  som sa at riksspanske kun fekk gifte seg med svarte, mulatter,eller indianarar. Den spanske befolkningen  var velståande og vane med å gifte seg inn i andre rike familiar. Den farga befolkningen levde under dårlege kår.

Tanken var i og for seg smart. Rikdommen ville bli delt mellom alle, ikkje berre dei rike. Og hadde alle same hudfargen ville det ikkje vere grunn for diskriminering.

Jose de France møtte stor motstand mot lova, men då laga han ei ny lov. Han utnemnde seg sjølv til einekonsul på livstid i Paraguay. Men som alle diktatorar vart han verre med tida. Han styrte landet med terror, hadde sitt eige hemmelege politi, og krona seg sjølv som "el supremo".

Då han døydde tok den spanske befolkninga hemn, stal liket og kasta det i elva. Då vart det vel slutt på klasseskiljelova og.


José Gaspar Rodríguez de Francia y Velasco
Paraguays evige diktator: Doktor Francia, også kjend som el Supremo

Jose Gaspar Rodriguez de Francia y Velasco fødd 6. januar 1766  Død 20. september 1840  Han var utdanna advokat og var politikar.  Frå 1813 - 1814 var han konsul.
Frå 1814 - 1816 var han midlertidig diktator og frå  1820 - 1840 var han Paraguays evige diktator!


Dr. Francia er framleis heidra som den Paraguayanske stats far.

Dagens kviss: kven var det som hadde ein draum  om betre tider?

onsdag 24. august 2011

Noreg sørger over tapte roser

Nå er den siste gravferda over. For dei fleste av oss går livet vidare, men for mange har det stoppa etter 22 juli. Denne datoen vil likevel stå spikra i minnet vårt slik som "nine- eleven" er det.

Er dette Noreg, tenkte me som sat mållause under steikande sol.

Tvillingåtaket mot Noreg har ikkje gått upåakta hen. Ute i den store verda er det undring over at slikt kan skje i "lekelandet" Noreg. I Bulgaria var folk overraska over at politiet ikkje alltid ber våpen. Det gjer dei fleste sivile der.... Stolt kunne eg då fortelje at det treng me ikkje heime. Og eg håpar at det ikkje blir slik heller.  Stoltenberg har lova oss å møte terror med demokrati.

Men slikt som dette kan skje alle stadar til alle tider så lenge det finns forskrudde mennesker. Nå går diskusjonen om kva som kunne vore gjort annleis. Unge mennesker kunne vore i live hadde ting vore gjort annleis. Det er grusomt å høyre. Det må vere umenneskeleg for familiane å lese om dette.

Politiet uttala at slikt som dette har dei aldri opplevd i Noreg, så alt må vurderast i lys av det. Men Nokas- ranet starta med eit anslag mot politistasjonen i Stavanger for avleie og hindre politiet. Inkvan må vel ha tenkt at slike ting må me trene på for å vere budd på terrroranslag.  Kva gjer me så: Heimevernet er meir eller mindre nedlagt. Politihelikopteret som skulle vere døgnbemanna og utvida med fleire helikopter frå 2003 står på bakken.  Det er ikkje bra at det er pressa som kjem først til staden i helikopter.

Denne personen, som aldri bør nemnast med namn, overga seg med ein gong han såg ein politi. Han kunne, og ville, overgi seg tidlegare blir det sagt i media. Då er det vondt å sjå på det som verkar til å vere ein planlaus politiaksjonen. Dette kan ikkje gjerast om att. Men me må lære av dette. Me må vere budd på slikt som dette, og hugse det lenger enn ut året. Politikaren som var med på å vedta auking i politihelikopterdekninga var mållaus over at vedtaket ikkje var gjennomført. Me har ein tendens til å gløyme. Dette må me ikkje gløyme!



Til minne om dei unge roseknuppane som vart rivne sundt før dei fekk bløme. Tenk kva flotte roser det kunne ha blitt av dei!

Minnnesida for ofra etter terrorangrepet
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/terrorangrepet/minneord/

Anonyme danske norgesvenner si hyllest til Utøya- ofra. Kvar gong nokon Twittrer: "Utøya"  lyser ein lampe i verda til minne om ofra. Denne sida må de berre sjå:
http://www.light4utoya.net/

Ingen kviss i dag, for det er sørgedag på bloggen min.

tirsdag 23. august 2011

Striskjorta og havrelepsa



Nå er sommaren definitivt over. Skulane har starta opp att. Det er vanskelig å fortsette å vere i feriemodus med det været me har hatt, så det er helst godt at me slepp å leike sommar lenger. Verken denne eller den førre somaren var noko å skrive heim om. Vintrane har vore heller kalde og lange. Folk ymtar om ei ny istid, eller at fimbulvinteren er over oss. Uansett, august er på hell.

Bulgariasommar

Nå går me inn i ei travel tid. Jobb, skule, møter og aktivitetar står i kø. Til tider kan det vere travelt, men det er likevel noko trygt og godt over det. Alt er tilbake til det vante: striskjorte og havrelepse som dei sa før. Kvardagen er her att. Men med den kjem også venner og slekt tilbake. Folk me ikkje har sett heile sommaren dukkar opp att.

sommarminne

Ungane våre ser fram til endringane. Nokre byrjar i  første klasse, og andre startar på nytt på vidaregåande skule. I heimen er dotter nummer 2 tilbake i Bergen til siste semester. Dotter nummer 3 flyttar til Stavanger for å gå på vidaregåande, og dotter nummer 4 byrjar på ungdomskulen.


Det minkar det på ungar rundt meg. Til kvardags skal eg berre lage middag for to personar.  Det har eg ikkje gjort på over 30 år!  Det vert underleg, men blir det som vanleg, er det alltid fleire som stikk innom i matfatat.


Det er ei jente som ofte er innom matfatet. Ho kjem alltid på feil dag, men har etterkvart lært seg å sky heimen tirsdagar og torsdagar.

Det ein må hugse i desse travle kvardagstidene er at det er dette som er livet! så stopp opp litt av og til, og pust,og sjå på fjella.  Så kan ein gå tilbake til kavet med meir energi.

Så får me håpe at me alle får ein god haust!



Dagens kviss: Kva heiter jentene frå Kvilldal som byrja i 1. klasse i går?