mandag 18. mars 2013

Kven kan gå kor, og kva tid?

Tilgjengelighet nok ein gong. Eg har i tidlegare blogginnlegg sagt eg tok kontakt med kommunalt råd for funksjonshemma om stoda i kommunen på tilgjengeligetsida.Det er fleire år sidan. Dei svara hyggelig at det skulle sjås på i samanheng med opprustinga av Gata.

Eg har lenge vore oppteken av tilgjengelighet. Eg jobba i mitt tidlegare liv på eit statleg kopmetansesenter, der deltaking for alle var på agendaen.

At alle skal få tilgong til same goder er så sjølvsagt at me ikkje kjem på at me må tenkje over det. Men det er ikkje sjølvsagt. Suldal likar å tenkje på seg som ein kommune med spreke innbyggjar. Me kan gå fleire hundre meter til butikken med varene tilbake. Men desverre må eg skuffe politikarne. Det er ikkje slik i røynda. Ingen vil gå langt. Alle skal berre....  Og då parkerar dei kor dei vil.

Slik er stoa, og nå tykkjer eg politikarne må ta det på alvor.

i 2008 tok eg opp heisproblemet i idrettshallen. Resultatet var at den vart stengd, og med det  ein del folk vart utestengde frå hallbruk.

Eg tok i 2010 opp med råd for funksjonshemma saka om parkeringsproblema i Gata, og tilgjengelighet. Då skulle det ordnast når Gata vert opprusta. Men den rustar berre ned.

Her har inkvan klart kunststykket å parkere slik at andre inkvan ikkje kan komme inn i heiset. I etasjen over Coop er det husvære med heis opp. Der er det populært å parkere når ein berre skal...

Eg tok kontakt med Suldalsposten fordi eg tykte dette temaet var ei sak dei burde skrive om. For dette handlar om tankeløyse, ikkje vond vilje. Men alt må lærast, også å ta omsyn til sine medmenneske.

Suldalsposten var heilt enige i at det var ei viktig sak. Viktig å få auga opp for at inkvan si tankeløyse kan få konsekvenser for andre.

Eg viste dei bilete av syklane framfor heisen opp til Suldalsposten. Då blei det brått blekktørke i avisa. Ikkje eit ord vart skreve om tilgjengelighet, eller om det å ta omsyn til kvarandre. Kanskje dei ikkje lika bileta?

Då får eg vise dykk eit knippe nye bilete med prov på tankeløyse i kommunen. Sidan ikkje pressa vil ta det opp, får eg gjere det sjølv.



I heisen på kommunehuset, Suldal sitt rådhus, får ein som regel lag av diverse søppel

                                       Eg har aldri tatt heisen åleine. Her er andre følgere


Framfor legekontoret, tannlege og barnekontroll er det nokre meter å gå til parkeringsplassen. Utanfor inngongen er det kun lov å stå om ein har parkeringstillatelse. Det rare er at der står det alltid fullt av bilar. Bilar der førarane " skal berre..."  Då blir bilar med parkeringstillatelse inneparkert, eller kjem ikkje til.

Dersom ein parkerer på tvers under HC parkeringsplassen, så føles det ikkje feil

I gata er det ein HC parkering. Den står alt for langt borte til at ein kan få varer bort dit,  Vågar ein seg til å stå på dei vanlige plassane, kjem ein ikkje ut av bilen. Har ein gangvansker treng ein heile bildøropninga for å komme ut og inn av bilen.

Fleire nye firma har opna utan at det er teke omsyn til tilgjengelighet for alle. Desse kan eg spara til ein annan gong.

På kulturhuset, som er det best tilpassa bygget på Sand, er det vanlig at ein må sitte til stengetid. For HC bilen er som regel inneparkert av "Nufantar "som " skal berre".....

Kor mange år skal det gå før kommunalt råd for funksjonshemma skal byrje å gjera jobben sin?

4 kommentarer:

  1. Slapp heilt av, Liv. Det siste innen EU-diagnoser er dei som ikkje toler elektrisitet og stråling. Ei heller kjemikalier. Å ikkje kunna gå i ein butikk, ikkje nokon plass der det er strålande mobilar eller radar-sendarar eller andre blåtenner... Det merkest godt. Når ein i tillegg ikkje får hjelp frå det offentlege, bur ein ukjend plass. Dei har i to år bedt meg flytta frå kommunen og attende til Suldal.
    Det er me som har eit handicap som er friske, dei andre må smaka før dei kan forstå.
    Eg vil gje deg ros som seier frå!
    Det er og skattefradrag for arbeidsgjevarar som har lyst å leggja tilrette for el-ømfintlige, men blant helsepersonell er ein spedalsk.
    Som du forstår, er eg sint ikveld.
    I morgon kan det hende eg er blid.
    -- Men ros fortener du! Mykje ros!

    SvarSlett
  2. Takk for ros!
    Eg skjønar ein kan bli sint. Å ikkje tole elektrisitet er eit fælt lyte i våre dagar. Fleire byar blir "online" overalt. Det vil då vere soner el-ømfintege ikkje kan ferdas i.

    Eg meinar me skal ikkje tole så inderleg vel den urett som ikke angår oss selv.

    Eg håpar eg kan vere med på få augene opp hjå folk slik at dei kan gjere livet lettare for dei som slit meir.

    SvarSlett
  3. Ja, Liv, du fremjer det gode liv!
    PS.: Radar frå helikopter (dei store som skal til Nordsjøen) set seg I protein-opptaks-reseptorane mine slik at det blir krøll I rekkja. Påstand som vil visa seg sann eller usann for ålmenta om nokre år. Kult at eg leve idag og kan fortsetja å rosa deg! Det er godt å få lov å vera sann, om det so er på Sand! I kveld har eg løfta hovudet!

    SvarSlett