torsdag 7. mars 2013

Legevakt.. Fritt val?

Inkvan har vore på kurs. Suldal kommune har tatt kommunesamanslåing på forskott. Vindafjord, Suldal, Sauda og Etne samarbeidar om helsa vår. Det vart ikkje noko av datasamarbeidet. Det vart for vanskelig. Då er det visst lettare å samabeida om helsa vår. Eit interkommunalt helseteam er nedsett. Dei ser for seg tre målbare resultat. Det eine er sjølvsagt økomomisk gevint for kommunen.

Kommunane slit med å få til legevaktkabalen sin. Sjølv i Etne og Vindafjord som allereie samarbeider, er det problem. Likevel trur dei at eit større areal vil  betre utteljing økonomisk. Kva det vil sei for folk å reise fleire mil når dei er sjuke er ikkje noko som blir merka på kommunalt plan.

Varaordføraren står fram i Suldalsposten og seier at tidlegare helsesjefen sine ord får stå for eiga rekning. Ho seier også at ingenting er avgjort ennå.

Ved akutt sjukdom vil legevakta rekvirere ambulanse direkte til sjukehuset utan å gå vegen om legevaktstasjonen, føreslår det interkommunale teamet. Dei vil ha eit samarbeidsprosjekt  med sjukehusa.

Samhandlinsreforma er meint motsett. Kommunen har hovedansvaret, og sjukehusa er berre der folk skal reparerast før dei igjen blir sende heim til kommunen sin for vidare pleie og hjelp.

Samhandlingsreforma vart innført frå 2013 og skal fullførast i løpet av 2015  Dette er ei helsereform med ny folkehelselov . Lova styrker kommunen sitt ansvar for "forebyggende og helsefremmende arbeid i alle samfunnssektorer."

I lova står det klart at det er ei kommunal plikt å etablere øyeblikkelig hjelp. Tilbodet skal flyttast nærare der folk bur. Kommunane overtar også ansvaret for utskrivingsklare pasientar på sjukehus frå første dag. Dei vil få dagbøter om dei ikkje klarer å følge dette.

Kva betyr samhandlingsreforma for folk flest? I følge helse- og omsorgsdepartementet skal det bli lettare å få hjelp lokalt. Tilbodet i kommunanae vil bli breiare.

Helse-og omsorgsdepartementet har lagt ut ein kortversjon av lova. Den skal dei fleste klare å lese.  Det står klart at det skal bli lettare å få helsehjelp lokalt. Og at tilbodet i kommunen vil bli betre.

For å få til dette får kommunane 5 milliarder kroner frå staten. Det fordi staten vil at det skal lønne seg for kommunane å førebyggje, og byggje opp nye tenester der folk bur. Då er det ikkje opp til politikarane å gjere motsett.

Har ikkje  politikarane sett i media at det er foreslått å leggje Helsefonna inn under SUS i Stavanger? Det kan vere at om kommunane vedtar dette forslaget, er Helsefonna omorganisert. Ei slik omorganisering vil sikkert få ringvirknadar på ambulansetilbodet i distrika.

Helsefonna har heller ikkje ambulansar i kommunane til slik hjelp teamet foreslår. Kva så om ambulansen er i bruk  når legen på vakt rekvirere ambulanse for å hente ein pasient.

Kven har då sove i timen?

Eg veit; 2012 Ein pasient med mulig hjarteinfart. Legevakta rekvirerer ambulanse.  I ferjekøen  rekvirerer helsefonna ambulansen sin til ei bilulykke. Det er diskusjon om kven som skal bruke bilen. Enden på visa er at pasienten får reise i ambulansen, ei ferje forsinka.

Eg veit: På 80- talet må det ha vore eit slag samarbeid mellom Sand og Sauda. Ein høggravid pasient har fått akutt nyresteinsanfall. Pårørande ringer legevakta. Legen svarar: " Eg er i Sauda. Du får ta ein  paracet og komme i kontortid i morgon."

Vil me ha det slik? Tenk over dette...



Her kan de lese referatet. Klikk på infobrev nr 5:
referat frå interkommunalt møte

Her kan de lesa samhandlingsreforma i kortversjon:
samhandlingsreforma; kortversjon

3 kommentarer:

  1. Så sant...Håper de ser galskapen i dette sjølv!
    Ille nok med politiberedskapen vi deler på, blir du overfalt må du vente 2t slik at politiet ska hive seg i bilen og rekke ferja, me e jo daue før de komme hit!! Shame on you!

    SvarSlett
  2. Men, dette er jo ikkje noko problem så lenge Fonnafly har fått orden i basen på Sand. Kommunen får berre rekvirere dei når innbyggerane skal til legevakta :)

    SvarSlett
  3. Anonym, det er godt du ser positivt på det. Men problemet er at denne omorganiseringa går ut på å spare penger. Då vil dei ikkje betale for oss til privatfly. Og eg tviler Fonnafly driv veldedighet.
    Eg vil og nytte høve til å sei at dette er ikkje Suldalsposten. Så skriv de inn anonymt, må de skrive i feltet kva de heiter. Eg "tar ein Suldalspost" i dette høve for å informere dykk om å stå for de de seier.

    SvarSlett