onsdag 13. mars 2013

NPM atter eingong

Eg har tidlegare blogga om New public managment. Det er ein økonomieffektiv måte å  styre på. Det er laga for å styre fabrikkar.

           -  Mest mulig produkt med minst mulig utgifter for å få mest mulig inntekter.-

I 2001 starta statsminister Stoltenberg eit radikalt moderniseringsprogram. Han skulle revolusjonera offentleg forvaltning, med fokus på sjukehusa.

Men det er vanskeleg å handsama mennesker som om dei var bildeler, så sjukehusa har slete. Og helseministrane blir utslitne.

Helseminister Tønne sitt mantra var:  " tempo høyere enn detaljer" Så viktig var det å gjennomføre reforma at detaljer som konsekvensutgreiingar  ikkje var tatt med.

Denne revolusjonen har eit namn: "New Public Managment." NPM.  Kven var primus motor for å hjelpe fram reforma? Det var konsulentselskap som McKinsey.
Stoltenberg uttalte så seint som i 2008 at han ikkje visste kva NPM var.Kven ville han lure?

Stoltenberg måtte sette inn sitt siste trumfkort for å oveleve helsereforma; superministeren  Jonas Gahr Støre. Ministeren som lykkast i alle departement. Vil han klare seg i helselandet?

Støre har nok høyrd om NPM . Han vil frede sjukehusreforma Soltenberg starta.  "Omstilling er regel- ikkje unntak for sjukehusa " er hans mantra. Det var mest som om han var tilsett hjå McKinsey, og ikkje var ein sosialdemokratisk helseminister.

                                       Sjukehus i verdsklasse. Ein av alt, og det er i ustand

Helseminister Støre seier våre sjukehus er i verdsklassen. Kvifor ropar då legar ved sjukehusa ulv??
Fleire sjukehustilsette, og leiarar, har gått ut i media og fortalt at folk døyr på sjukehusa våre.
Støre refsar desse leiarane, og truar dei med sparken.

Støre : "Ahus er juvelen i helse-Noreg.  De sykehusene som lykkest best, er de som trekker i samme retning. Det håper jeg kan spre seg".
Dette er klar tale til dei som  "gir faglige uttalelsar offentleg, og får folk til å tru at OUS fusjonen går på helsa laus.

UNN, Universitetssjukehuset i Nord Norge kuttar ut 47 sjukesenger for å spare 90 mill kroner.
Dei går med eit overskott på 475 mill kroner i 2012 !!!!!

UNN får ros av Støre:" Helse- nord har laget en meget ambisiøst investeringsplan som de har ryggrad til å bære."  Spørsmålet blir då: Har pasientane ryggrad til å bære desse innsparingane.

Slik blir fabrikkar styrte: profitt, overskott, og inkvan som tek ut utbytte. Er det slik sjukehusa våre skal drivast?

Erna Solberg (H ) ser at keisaren ikkje har klær, og seier det som folk flest, utanom Støre og Stoltenberg, ser: " Der er for mye økonomifokus i det offentlige helsevesenet"

Det siste frå Støre er at to kreftmedisiner blir strokne av lista, fordi dei er for dyre. Men du kan framleis få om du betalar sjølv.

"Me må ha eit prioriteringssystem," seier Støre. Med det opnar han for klasseskilje i helse- Noreg.

                               

 Ein rapport frå  2012 viser at kun 1 av 4 helseleiarar meier at reforma var vellykka.
Kan det vere at inkvan har utvikla resistens mot sunt bondevett?

Med dette er neppe siste ord skrive på bloggen min om New Public Management.
NPM blir sopa under teppet av leiarane våre. Sosialademokratane vil ikkje stå for at dei styrer landet etter kapitalistiske former. Men eg har ikkje tenkt å la dei få sleppa unna utan å ripe i lakken deira.

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch13. mars 2013 kl. 11:31

    Og nå viser det seg at den dyre kreftmedisinen skal folk få likevel. Kan det skuldast at dette har vore oppe i media dei siste dagane og at det er valgår? Ellers så gjer eg ikkje mykje for Støre. Han er ein karriereminister og slekta hans har aldri kjend åket av fattigdom. Det er ein familie som går rett attende til dansk adel. Og Jens? han er forma av Gro og hennar generasjon. Dei såg ein pen ung mann som dei kunne forme og som kunne lanserast som minister når han vart gamal nok - ein kronprins!!!. Men tilbake til NPM - eg har aldri skjønt korleis ein kan skalta og valta med sjuke folk som om det er bildeler eller ei anna vare - det har aldri gått an å tena penger på sjuke folk. Det er difor me betalar skatt til fellesskapet. Men nå har ikkje eg heila vete' heller....

    SvarSlett
  2. Høyres ut som du er utstyrt med sunt bondevit,TLB. Har ennå ikkje skjøna kvifor du ikkje deler meir av ordperlene dine med oss....

    Det er nok ikkje meininga at me skal forstå alt dette. Når "broileren"Jens prøvde å sei at han ikkje visste kva NPM var då han vart spurd i 2008. Eg som trudde han var økonomiutdanna. Det er barnelærdom der.

    SvarSlett