lørdag 9. april 2011

Mens me ventar på bru

Ordet bru kan få adrenalinen  til himmels i til vanlig så sindige suldølar. Mange er i mot bru, mens nokon er for. Treffes desse folka blir det livat.

Av og til kan det bli vanskelig å halda tunga beint i munnen, for me kan vere for ei bru og mot ei anna.  Den brua ute i fjorden som ingen vil byggje, og ikkje har veg, er det mange som er mot. Det er kjekt med bruer. Me kan kommme oss raskt over ein fjord og sånt. Men det trengs trygge vegar å nå dei på.

Nå har det seg slik i Suldal at på detta Sand har dei veg,  men ikkje bru. Suldal kommune har klart det fylkeskommunen ikkje klarer; skaffe veg til brua. Langs Lågen på Fiskebergåsen ligg det ein fiks ferdig veg og ventar på brua si. Brua over Øvre- høse.

Inkvan har vore for dristige når det  gjaldt valg av bru. Kubisme e ikkje noko fylkesmannen likar. Suldal har venta på svar sidan februar. Fylket kan ikkje bestemme seg om dei vil  gå for denne brua. Dei haler det ut med å kommentere at det er mangelfull info om tilkomstveg.

Kva med brua ute i Hålet som fylket vedtok... utan tilkomstveg? Vidare vil fylket ha svar på allslags saker som ikkje var noko problem lenger ute i fjorden. Så kjem siste argumentet; denne brua er eit markert framanelement.

Kva søren er då den brua ute i Hålet? E ikkje det eit framandelement.?  Jo, i høgste grad.  Framandelement er også den nye Holmenkollen, eller kafeane inni Lysebotn. Kråkereiret som ser ut som om det skal detta i fjorden.  Alle inngrep i naturen er framandelement. Nokre av desse elementa vil me ha, andre ikkje.

Eiffeltårent i Paris va i høgste grad eit framandelement som skulle stå ei kort tid under
Verdsutstillinga der. Men jammen står det ennå. Før til ergrelse, nå til glede for tusenvis av turistar i året. Utan samanliikning forøvrig, trur eg at me kan lika,og vere stolte over ei kubistisk bru over Øvre. Høse. Og, så kan me nå den på ein veg!



Finnen Rintala har teikn denne brua   (foto SP)


Kafe som har  åvelta i lysefjorden
Øygardstølen, Lysefjord, tippar snar utover

Hamar Olympiahall Vikingskipet - for de store øyeblikk
Markert framandelement

Verda er full av  markerte framandelement. Dei vart alle diskutert på førehand, og ein del av dei att er nå ein landemerke og turistattraksjon.

fredag 8. april 2011

Garantert ikkje mållaust i helga

Til helga blir det mange røyster med felles mål på detta Sand. Noregs Mållag har årsmøte på Sand og 160 målfolk samlar seg her. Dette vil merkast. Folk frå heile det vidstrakte landet vårt, med sine dialektar, kjem til å setje sitt preg på Strandstaden. Dette er språkmedvitne folk, så eg tenkjer me får høyre mykje fint mål. Og alt det takka vere ein barnebokpioner frå Hylsstråndå.

Noregs Mållag plar ikkje ha årsmøta sine utanom allfarveg. Årsmøtet og leiinga tenkjer logistikk og då er ikkje Suldal førsteval, men Lølandstiftinga freista dei med draum og tullskap, og dei kunne ikkje stå i mot.

Lølandjubileumet går mot slutten. 24. mai er det 150 år sidan han var fødd. Då har me feira han i fleire år og festen er slutt. Men la oss håpe gror i fara etter han.

Denne helga mållaget har årsmøte sitt, er det framsyning av Belsnes sitt stykke : " Kvar vart det av jola?"  Det er også premiere på kort-animasjonsfilmen "Hunden og katten". Denne animasjonsfilmen er laga etter inspirasjon av Løland si forteljing med same namn.


Tre nynorskstatsrådar
Eit døme på nynorske statsrådar


Vassendgutane
Døme på nynorsk band


Målprisen 2008
Døme på nynorske komikarar


Døme på nynorsk krus. (Tekst: Det går mangt eit menneske og ser seg fritt i kring for Ivar Aasen si skuld.)


Ha ei fin og målrik helg!

Noregs Mållag:
http://www.nm.no/index.cfm

Lølandstiftinga:
http://www.nashornet.no/index.cfm?id=138469

Dagen kviss: Kven er leiar i Noregs Mållag?

torsdag 7. april 2011

Coop- litt mitt!

I går var eg på årsmøte, igjen!  For oss nordmenn som er eit folkeslag av møtegåarar, blir det ein del møter gjennom året. Våren er tid for årsmøter. Det eine møtet avløyser det andre. I går var eg på eit historisk møte.. Årsmøte i Coop Sand .

Årsmøtet til Coop Marked Sand har tradisjonelt vore ein festkveld. I tillegg til årsmøtesaker er det underhaldning og fin middag på hotellet. Nå er denne tida over. Coop Marked Sand har gått inn i ein ny tid. Dei har fusjonert!

På årsmøtet i fjor vart det bestemt at styret skulle jobbe fram ein plan for å fusjonere med Coop Haugaland. Det gjorde dei, og i går blei det gjort årsmøtevedtak å gå inn for fusjon. Sand går inn i Vikedal krets og blir truleg heitande Vikedal/Sand krets. Kva badnet sjølv blir heitande er eg ikkje heilt sikker på.

Nå er Coop Marked Sand SA historie. Det vil sei om Coop Haugaland og konkurransetilsynet ikkje har noko i mot det. Vårt lokale kooperativ står støtt på sine føter, men vil  stå endå stødigare på kai-pælane sine framover.

Dette er ein vinn- vinn situasjon. Coop styrkjer konkurransen innover Ryfylke, dei tilsette får styrka personaloppfølging og kan jobbe innan eitt større område, og me som eig Coop får betre medlemsfordelar.

Nå slepp me ha fleire medlemskort. Me vil få same utbyte på kortet både når me handlar på Sand og på Haugalandet. Jammen har tida gått framover sidan eg måtte samla alle kvitteringane gjennom eit heilt år, levere dei til Økonomen på Auglendsveien, og få utbytte etter antal kvitteringar eg kunne vise fram. Nå dreg eg berre kortet, og vips er kjøpeutbytte registrert på kontoen min.



Sjefen på Coop har har bygd ein flott butikk og overlevd. Nå har ho levert gode resultat i fleire år. Butikkken som aldri kom til å tene pengar i Gata hadde 25 prosent auke første året og har auka jamt og trutt etter det. 

Coop Sand SA + Coop Haugaland SA= Sant!  


Velkommen til Coop Haugaland SA, Sand!
http://coop.no/

Dagens kviss: Kven er styreformann i Coop Sand?

onsdag 6. april 2011

Nåken så har mista sanden sin?

 Inkvan har mista sanden sin. Anten har dei mista den, eller så har dei feilparkert den. Det kan vere dei saknar den, så derfor seier eg i frå. Den ligg i bedet, og på plenen min, i Prestaåsen.

Eg har irritert meg over at plenen min kvar vinter er opplagsplass for snø, og tonnevis med sand. Buskar og vekster blir øydelagde. Eg skjønar det kan vere vanskeleg å bli av med alt, men alt treng ikkje liggje i min hage.  Snøen blir lagra her, sjølv i vintrar der ein utan problem kan skuffe den andre stadar.

 Så las eg i vinter i Suldalsposten at kommunegartneren uttala at det var forbode å tøme sand i kommunale bed. Då lurer eg på om ikkje lova skal vere lik for "far og Katten"?  Far og katten er eit Hiimsomgrep på Kong Salomo og Jørgen hattemakar.  Då skal det følgelig vera forbode å tøme sand i min private hage og private bed!

Nå er eg ikkje så sikker på om lova er lik for alle i suldal.   Eg las nylig  i Suldalsposten at Svein Ramsland seier lova ikkje er lik på litle Knatten og Foldøyna. Så, då er det sikkert forskjell på kommunale gatebed og private byggjefeltsbed også.

Fordi eg har musklar berre til pynt, kan eg ikkje kvitte meg med snøen og sanden som kjem fram når alt smeltar. Derfor blir plen og bed styggare og styggare for kvart år. For dei som har mista den, kjem aldri for å  hente den.

Nå har eg tenk ut den smarte ideen å kreve inn leige for den kommunale deponeringa av snø og sand. Og, er dei seine med å betale, skal eg gjere som dei; skreme  dei med inkasso!


DSC00199
Først såg det ikkje så gale ut, men etterkvart som snøen smeltar kjem sanden fram.Dette er ein kvass og grov sand.

 DSC00200
Ingen ville ha den då...

Denne busken døydde av kveling. I fjor døydde bror hans på same måte


.. og ingen vil ha den no heller..

Dette var ein gong ein plen i ein hage.

Dette kjem nok til å bli for mykje for plenklipparen min. 

Her ligg grusen og ventar på eigaren sin

Her ligg det grus i eit 10 cm tjukt lag.


Dagens kviss: Kva heiter kommunegartneren eg referte til i innlegget?

tirsdag 5. april 2011

Maursyre-rus??

Mens me ventar på SLT- koordinatoren vår, som dei to aldrande menn i teaterstykket "Mens vi ventar på Godot", skjer det stadig nye ting i rusmiljøet.  Det rusmiljøet som, frå høgare hald, ikkje finns.

Me finn plastposar på venterom. Butikktilsette avvisar unge som plutselig vil kjøpe sprayboksar an mass. Stoffmiljøet har fått vore i fred i Suldal, og det får vere det ennå ei god stund.

I Etne og Vindafjord har dei hatt SLT- koordinator ei tid. Dei oppdagar, og bryt inn i uheldige ungdomsmiljø. Hjå oss er koordinatorstillinga ennå ikkje utlyst. Då er me ennå månadar fram. Personen skal gjere seg kjent med instruksene, byggje nettverk, og få kontakt med ungdomsgruppene.  Koordinatoren skal heilt sikkert konsentrere seg mest om Sauda, sidan me skal dele på stillinga og Sauda er byen. Vår vidstrakte kommune har vist å ha rusproblem i alle krokar. Så det krevs at koordinatoren har gode medspelarar i krinsane. Foreldre, FAU, vaksne og ungdommane sjølv må vera aktive , i tillegg til politiet, for å bli kvitt dette problemet.

Det siste innan ruskreativiteten er å tilsette eit sterkt etsande stoff i  rusdrikka. Ungdommane fell i koma og vaknar med etseskader i munn og svelg. Stoffet er lokalt laga, meinar politiet.  Då ringer det ei bjelle hjå meg. Kva er det  som finns lokalt på bygda? Som oppvaksen på gard veit eg alt om kva maursyre er, og korleis det virkar. Kan dei ha brukt dette?

Det er ei blank væske. Den kan kjøpast fritt, eller ein kan gå i reidskapshuset til foreldra og tappe over på colaflasker.  Får du maursyre på huden svir det kraftig. Bror min fekk ein dråpe maursyre i munnen då han var liten og han fekk svære etseskadar.

Maursyre: HCOOH er fargelaust og har ei stikkande, gjennomtrengande lukt. Syra er sterkt etsande. Den finns naturleg i, til dømes, brennenesler. Det er fritt omsett via Felleskjøp og liknande butikkar.



SLT- koordinatoren som var på Sand skule og informerte om rus og rusførebyggjande arbeid, snakka om korleis ungdommane fann oppskrifter og utveksla idear på internett. Dei fann ut mange måtar å oppnå rus som me foreldre ikkje har fantasi til å forstå.

Kan desse ungdommane har forvilla seg inn på ikkepedia sine infosider og lese om dei islandske vikingane som drakk maursyre? Kan dei ha fått sin inspirasjon her?. Ikkepedia omtalar maursyre som vikingane sin nasjonaldrikk. Ikkepedia er den upolitisk korrekte versjonen av wikipedia. Rein 96 prosent brennevin har også sterk etsande virkning når det er ublanda.

 Stoffet politiet har fått tak i skal inn til analyse, og tida vil vise kva ungdommane hiv innpå.


ikkepedia:
 http://ikkepedia.org/wiki/Maursyre


NRK :
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/1.7577763


Maursyreinfo:
http://home.c2i.net/astandne/help_htm/compund.htmhttp://home.c2i.net/astandne/help_htm/compund.htm

Dagens kviss: Kor mange ungdommar fall i koma etter inntak av dette stoffet?

mandag 4. april 2011

Tur-liv


Eg likar å gå tur. I mitt forrige liv gjekk eg mange og lange turar. Nå går eg heller korte turar. Det er ikkje så lett å gå tur når ein har føter berre til pynt. Men når været er bra nok nyttar det ikkje å sitje i ei krå og vente til lysten går over.  Eg må ut! 

Det er ikkje så sunt å gå på  asfalt, men blir det for ulendt er ikkje det heller så godt. Meir enn ein gong låg eg langflat i urer og skårer før eg lærte å halde meg på den "brede vei".  Nå går eg helst korte turar i menneskevennleg natur. Eg brukar stavar. Det er veldig smart for nysgjerrige sjeler som vil sjå seg om. Då kan eg gå og kikka mens eg framleis held meg på føtene. 

Så eg køyrer, og finn meg ein plass der eg kan nyte Guds frie natur. Her er eg på tur den fine dagen sist veke. Då var det så fint vær at eg høyrde det ropa på meg. Jammen var det godt eg kom meg på tur, for neste dag var det vinter att.

Eg gikk en tur på stien
og hørte skogens ro,
jeg hørte ei fra lien
en gjøk som gol ko ko..

Dette verset er fritt sitert etter den ukjente forfattaren, då ingen gauk gol. 

DSC00228

Livet er godt  når ein set  i skogen -og hører skogen ro..

DSC00233
Det byrjar å spire 



DSC00232

Sola byrjar å varme


 DSC00235
Våren er her..



DSC00234
...delvis. 


Nei, men sjå her: Her har inkvan hengt opp ein  hundepose til " The Dog Poo Fairy". Berre så synd han ikkje finns...

Dagens kviss: kor hen gjekk dagens tur?

søndag 3. april 2011

piano

Eg har byrja å få kontakter i Haugesund. Då eg var ung, var Haugesund byen med den fæle lukta. Byen der Araberane budde. Kvifor Haugesundarar fekk dette navnet veit ikkje eg. Det er vel like vanskelig å forklare som kvifor byasane er Siddisar.

Så gjekk dotter nr. 2 hen og fekk seg ein kjærast frå Haugesund. Eg sa då til folk at dotter mi hadde funne seg ein Araber. Eg fekk mange merkelige blikk, heilt til ein gong på kulturhuset. Ein venn av meg var i alderen han med ein gong sa: "Å ja, e an frå haugesund?"  Det var ein lettelse å ikke vere den einaste gamle i verda.

Den same venen sat med oss på kafe. Han fekk helse på den unge Araberen.  Sandbuen smilte, og sa han kunne ein vits frå Haugesund. "Ikkje at  den er så morsom då. Dåkke har sikkert hørt den før"  sa han smålåten.

- "Det var ei jente frå Haugesund som traff ein gutt. Og, så seier ho til han:."Hei, eg er frå Haugesund. Har dåkke piano hjemma?"

Dette blei sagt med verkelig fin Haugesundsdialekt ,og med eit så uventa poeng at me ler i 20 minutt. "An va nå kje så løyen," prøver han seg, og er jysla øvejidde øve atte me ikkje har hørt denne før. Men me var nok ikkje gamle nok.

Så slår han til igjen: " Det var ein reder frå Haugesund som hadde besøk av ein utenbys kollega. Han viser vennen sin rundt i villaen.- "Her er stuen, her har vi flygelet. Ovenpå har vi piano. Før hadde vi piano på landstedet også, men det solgte vi. Vi kunne ikkje barre spille piano."
Me vil dø igjen, for min unge svigerson hadde nettopp sagt at dei hadde piano heime tidlegare, men at de hadde solgt det..  "For," som me skrik i kor, "me kan jo ikkje barre spille piano."

Så, for kort tid sidan gjekk  eg og sveiv i sjukehuskorridorane på Helsefonna; Haugesund by sitt eige sjukehus. Og kva finne eg i ein korridor?  Eit piano! Eg ler igjen.  Eg ler så mykje at det er rett før de ber meg ut, og over på psykiatrisk avdeling.



DSC00219

Piano til arabernes frie benyttelse

lørdag 2. april 2011

Kvissoppdatering

28/3   Du må ikke sove                       rett svar: the librarian bitch
29/3   skrågata                                    rett svar; Han Innante
30/3   lokalt sjølvstyre i strandsona       rett svar: Anne
31/3   3  Sand, Jelsa Suldalsosen          rett svar: Anne
01/4    ?????????????????                         rett svar: ingen har svart på oppgåva

Etter denne veka er stillinga slik:

Han Innante               5 poeng
Anne                         3 poeng
the librarian bitch      3 poeng
Anette                      1 poeng

Som de ser er det ingen som har svart på oppgåva i. april. Spørsmålet var ikkje ei narreoppgave, men skulle vere svar på kva som er oppå pizzaen.

Heidrun hadde kviss igår. Det var 3 lag som stilte. Me sakna mannfolklaget, men dei trudde vel at det var aprilsnarr med kviss den dagen.Så dei heldt seg heime.

Det skjer på Sand…. igjen!

Nå har det skjedd!  Me har venta lenge. Og, den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.  Det hadde gått rykte lenge at me skulle få ny butikk på detta Sand... igjen!  

Men etter som tida gjekk, lurte me på om dette berre var, ja eit rykte.  Så høyrde me at den skulle starte opp i mars. Me gjekk og venta mest som dei to som venta på Godot.

Så kom dagen og timen. Som Kielland sa: "Vi kommer sent, men godt Herr Konsul.."   Eg har vore ei av dei som har sakna fersk fisk. så eg stimte ned til den gamle melkebaren og stilte meg i handlekø. Ja, for det var kø. Det var fleire enn eg som er lei av frosenfisk. Eg hadde høyrdt at det vil variere kva fisk ein får, alt etter sesong, og kva som blir levert til Skiftun fiskemottak. Så eg var spent på kva dei hadde å by på.

Her var fleire sorter fisk å velge mellom, både filetert og ikkje. Eg valde Blå- Lange. Den går djupare enn vanlig Lange. Dei fangar den på 300 meter. Den er fastare i fisken. Og, hald dykk fast... billigare.  For 50,- kroner fekk eg fekk rikelig med fisk til ein familie. 

Butikken skal vere open to dagar i veka. Sjå skiltet på bildet under under for opningstid. 

Det er lenge sidan sist me hadde fiskebutikk på Sand. Den siste blei medlagt rundt 1968 (?)  Det var Ørjan Marvik sin. Han kjøpte butikken av Einar Andersen i 1958  

 Nå er opp til oss om me får behalde fiskebutikken på Sand.  Eg skal iallefall innom igjen.


DSC00240

 Inngangspartiet til Skiftun fiskemottak pynta med blomar og levande lys

Flott fersk fisk i fleng


DSC00242
Eg kjøpte fersk Blålange. Her er Langa komme opp i gryta og kosar seg med grønnsakene.



DSC00244
På tallerkenen med sennepsrømme og Hollandaisesaus valgfritt.



DSC00244
Nærbilde av min første ferskfisk middag på lange tider.


fredag 1. april 2011

April!!!!



I dag er dagen når me ikkje må ta noko for "god fisk". Dette utrykket speglar tilbake til farne tiders aprilspøkar. På 1500- talet ga dei inkvan aprilfisken. Denne spøken gjekk ut på å lista seg bak ryggen på folk og feste ein papirfisk på dei og let dei gå rundt med den på ryggen.  I norden går ikkje skikken lenger tilbake enn midten av 1600- talet.

Aprilsnarringa har utvikle seg gjennom tidene.  Dei siste åra er det media som står for dei mest oppfinnsomme oppslaga.  Mange hugsar med lengsel Suldalsposten sitt intervju med Korsvoll der han fortel om ei fantastisk god løysing på bruproblemet. Eg ergrar meg ennå over at det ikkje var sant!

Det luraste ein kan gjere denne dagen er å ikkje sjå tv, eller lese aviser, eller snakke med folk. så slepp du kanskje bli lurt.  Visste du forresten av VG av prinsipp aldri har aprilsnarring. Eller gjekk du på ein spøk nå?




1957 Svensk tv lanserte fargetv gjennom nylonstrømper. Ved å henge ei nylonstrømpe foran tv skjermen kunne svensk tv nå formidle sendinga i fargar. Svenskane gjekk 5 på.)

Samme år hadde BBC sitt seriøse program: Panorama, ein av dei mest vellykka spøkane. Dei synte eit program der sveitsiske bønder hausta spaghetti frå trær. Den milde våren hadde gitt ein rekordstor spaghettiavling. Folk ringde ned sentralbordet for å vite korleis dei kunne dyrke eigne spaghettitrær.

1998 Staten Alabama vedtar å endre verdien av den matematiske konstanten "Pi" til den meir bibelske verdien 3



2000 Avisa Nationen erta på seg bøndene når dei sa at dei ville bli pålagt å bidra til eit ulvefond for å sikre ei livskraftig ulvebestand

Men det hender at noko er sant den 1. april.  I 2005 lova Frokost tv (NRK) at den føste som kom ned til dei i Oslo, skulle få fri tv lisens og lottokupong. Dei stod klar med kamera og gåver, men ingen kom.


Spaghetti vokser på trær


Lurer på korleis folk reagerte på denne?

Nokre kloke ord av Mark Twain:
" April first: This is the day upon which we are reminded of what we are on the other 364"

Statkraft lurte oss godt:
http://www.youtube.com/watch?v=hgbtVR2Qrco

Dagens kviss: Kva er det Grandiosa serverer oss på pizzaen?

Har du ei god aprilsnarr, så del den med oss!!