lørdag 2. april 2011

Det skjer på Sand…. igjen!

Nå har det skjedd!  Me har venta lenge. Og, den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.  Det hadde gått rykte lenge at me skulle få ny butikk på detta Sand... igjen!  

Men etter som tida gjekk, lurte me på om dette berre var, ja eit rykte.  Så høyrde me at den skulle starte opp i mars. Me gjekk og venta mest som dei to som venta på Godot.

Så kom dagen og timen. Som Kielland sa: "Vi kommer sent, men godt Herr Konsul.."   Eg har vore ei av dei som har sakna fersk fisk. så eg stimte ned til den gamle melkebaren og stilte meg i handlekø. Ja, for det var kø. Det var fleire enn eg som er lei av frosenfisk. Eg hadde høyrdt at det vil variere kva fisk ein får, alt etter sesong, og kva som blir levert til Skiftun fiskemottak. Så eg var spent på kva dei hadde å by på.

Her var fleire sorter fisk å velge mellom, både filetert og ikkje. Eg valde Blå- Lange. Den går djupare enn vanlig Lange. Dei fangar den på 300 meter. Den er fastare i fisken. Og, hald dykk fast... billigare.  For 50,- kroner fekk eg fekk rikelig med fisk til ein familie. 

Butikken skal vere open to dagar i veka. Sjå skiltet på bildet under under for opningstid. 

Det er lenge sidan sist me hadde fiskebutikk på Sand. Den siste blei medlagt rundt 1968 (?)  Det var Ørjan Marvik sin. Han kjøpte butikken av Einar Andersen i 1958  

 Nå er opp til oss om me får behalde fiskebutikken på Sand.  Eg skal iallefall innom igjen.


DSC00240

 Inngangspartiet til Skiftun fiskemottak pynta med blomar og levande lys

Flott fersk fisk i fleng


DSC00242
Eg kjøpte fersk Blålange. Her er Langa komme opp i gryta og kosar seg med grønnsakene.



DSC00244
På tallerkenen med sennepsrømme og Hollandaisesaus valgfritt.



DSC00244
Nærbilde av min første ferskfisk middag på lange tider.


3 kommentarer:

  1. the librarian bitch2. april 2011 kl. 11:34

    Men ope berre to dagar i veka? Det er jo ikkje noko for oss som har krøkkete arbeidstider og jobbar på fleire hus. Hadde håpt på ein fredag eg. men då er det vel ingen som ete fisk "itte gamalt" eller hur?
    Men eg er glad tilbodet er kome :-)

    SvarSlett
  2. Kjempe bra,håper dette slår ann,gleder meg til ferske reker ++++

    SvarSlett
  3. Fredag er feil dag å ete fisk, så du må nok stå over ;) Eg forstod det slik at blir det renn her, kjem dei til å halde ope oftare.

    Middagen min var knallgod om eg får sei det sjølv;)

    SvarSlett