torsdag 14. april 2011

Sommardagen

I dag er det første sommardagen. Me går ei, vonaleg, lys og varm årstid i møte. Sommaren er tid for kos og avslapping. Av og til slappar me for godt av. Me gløymer å passe på avkommet vårt. Me trur at så snart det er ferie kan dei "hotta seg sjølve". Men det kan dei ikkje.

Sommarstid er tida då me finn ungane sanselaus i gata. Natteravnane finn kvart år rusa ungdommar, i mai og juni, då dei er på oppdrag.  Me bør ta inn over oss det som skjer i nabokommunane Vindafjord og Etne. Der har fleire ungdommar fått alvorlege skadar av å innta eit fluidum som etsar og stinkar. Trur me verkeleg at usynlige kommunegrenser heldt denne væska vekke frå trygge Suldal?

Eg fekk eit innlegg på bloggen min at det skal haldast kurs i Vindafjord for pårørande om rus, og at det var heile 3 påmelde! I Vindafjord har SLT- koordinatoren 150 namn på rødlista si.  Sjølv om dei har så mange unge i faresona, er det kun 3 foreldre som engasjerer seg. Det seier noko om oss som foreldre.

Kor mange namn det ville vore i Suldal veit me ikkje, for her er det få som bryr seg.  Rådmannen har lova SLT- koordinator stillinga utlyst i løpet av april.  Nå blir det kanskje heller mai før midlene er på plass. La oss håpe ho kan halda det ho lovar.

Mens me ventar på SLT koordinatoren må me gjere vårt for at ikkje Suldal får mange rødlistenamn. De som går turar med hundar og ser mykje-, De som bur nær festplassane-, de som ser ting de ikkje skulle ha sett-: gi beskjed til dei pårørande, eller andre som kan sei frå for dykk.

Det kan vere vanskeleg å sei frå. Mange foreldre tyr til "angrep som beste forsvar".   Det håpar eg de hever dykk over. De skal ikkje bry dykk om foreldra og deira trong til fine fasader. Dei er uviktige her. Det er ungane som er viktige. Det er kanskje berre du som ser det. Du er kanskje den einaste som kan gi dei ein sjangse til å komma vekk frå ein feil retning. Bruk den sjansen: bry deg!




Natteravner i Oslos gater
Natteravnane bryr seg



Dette skriv regjeringa om SLT:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/nouer/2008/nou-2008-15/6/2/7.html?id=527301

Natteravnane:
http://www.natteravnene.no/

Dagen kviss: Kva heiter SLT-koordinatoren for Vindafjord og Etne kommunar?

5 kommentarer:

  1. enig med deg Liv,....fine fasadar,o,l,me må tåla å få døra slengt midt i trynet!!!det er ungdommane me MÅ bry oss om!!!

    SvarSlett
  2. Heilt rett,Anne. Du er dagens vinnar.Gratulerer!

    Takk,anonym! Godt at fleire er enige i KVEN me skal bry oss om, og takk for at du leser bloggen:)

    SvarSlett
  3. Eg rakk ikkje å kommentere i dag, måtte berre slengje nedpå svaret før eg styrta ut dørene...

    Hadde min son/dotter fks. vore "dritas" liggjande i ei grøft el. busk - og ein som såg dette ikkje hadde gitt beskjed te oss foreldra - då hadde eg blitt mildt sagt forbanna!! Me må vera såpass at me tåler innblanding frå andre - når det er til ungen sitt beste.

    Og ungen/ungdommen treng slett ikkje få veta kem som har "sladra" Ja, for eg trur faktisk det er fleire som ikkje våger å gi beskjed, av redsel for å verta sladrehanker el. at det skal gå utover deiras unge(at ungdommen får veta kven som har brydd seg - og lar avkommet til denne personen få så øyrene flagrer)

    Me gjere det jo for at me bryr oss. .
    Eg har sjølv prenta i mine "born" at dersom nåke skjer, uansett kva eller med kven - så ring heim å gi beskjed(om dei ikkje torer ringe heim til foreldra d gjeld, så ring iallefall oss så får me ordna opp med dei vaksne).Dei skal veta at uansett kva stand dei er i - el. kva som har skjedd, vil me ha dei trygt heim, så får me heller ta "alvorspraten" neste dag.

    Så, kjære sambygding - ha MOT TIL Å BRY DEG!

    SvarSlett
  4. Eg håpar de tek oppfordringa til Anne på alvor!
    Eg har snakka med folk som har brydd seg, og fått så øyrene flagra. Dei seier det var ein risikosport dei ikkje tør utsetje seg for igjen. Dessverre. Synd for ungdommane. Dei fortener rettleiing. Håpar likevel folk vil følge med og bry seg.

    SvarSlett