mandag 11. april 2011

Korleis er psyka i dag?

God psyke er godt å ha. Det er ikkje sjølvsagt å ha det. Nokon har stålspsyke og går på smell etter smell utan å ta skade.  Andre att, er meir av persillesorten og får stadige knekkar. Slik er det. Det kallast Livet!

Me som er foreldre har borna i vår varetekt til dei kan ta vare på seg sjølv. I følge mor mi skjer det aldri. Eg hugsar godtat  bestemor på 99 år var bekymra for ungane sine.
Me skal ialle fall passe på dei slik at dei veks opp til å bli duglege mennesker som meistrar livet sitt og finn sin plass i fellesskapet.

For å klare det, er det viktig at me er på hogget. I dag får me sjangsen å utvida horisonten vår, og bli meir var for det som kan vere eit stort problem for ungdommane. I dag er det stormøte i Kulturhuset. Kommunalt FAU arrangerer felles møte om born og deira psykiske helse i kveld kl 19.15

På møtet tek dei opp positive og negative sider ved å gå på ein større ungdomsskule. Oppvekstsjefen skal presentere resultatet av ungdomsundersøkinga. Her blir det spanande å sjå om me er like Vindafjord, eller om me er i leikestova ennå.
Me får foredrag om Psykisk helse hjå barn og unge.
Me får informasjon om kombinasjonen psykisk helse og aktivitet/ kosthald.
Tilslutt kan me stille spørsmål til eit panel som består av: rådmann, helse. kultur, oppvekst foreldre og politikarar.

Eg trur dette kan vere eit interessant møte om du har tenåring i heimen, eller har ein tenåring in spe.


Psykiske lidelser blant barn og unge


Dagens kviss: Kva meiner lensmannen i Vindafjord er årsaka til at unge rusar seg?

7 kommentarer:

  1. pga at dei kjedar seg... Du vett me sko fått sett dei i arbeid med steinhenting, lemmevakter eller rydding av hagar for strøyesand så hadde det blitt folk av dei og!

    SvarSlett
  2. Der var du før meg igjen ;)

    Ja, han meiner dei kjeder seg - og at rusen blir eit alternativ.. Han syns og Facebook e nåke "skit", der nye "venner" rekrutterast , og oppskrifter på diverse skumle stoffer vert lagt ut.

    Det vert og arrangert eit kurs, "Du er ikkje åleine", som er retta foreldre/heimer med ungdom med rusproblem, og der er det 3 stk !!(ein fra Suldal, ein frå Sauda, og ein frå Vindafjord) som er påmldt. Dei har fått tak i 2 deltakarere te, etter ein ekstra runde, men har plass te 30-40stk. Lensmannen e overraska over at ingen fleire har meldt seg på, men som han seier, folk er kanskje redde for bygdesladder..

    Det hadde kanskje vore ein ide og endra invitasjonen - at det ikkje kun går på dei som HAR ungdom med rusproblem - men at det rett og slett kan vere forebyggjande, og meir informasjon kva kan me gjere hvis det verste skulle skje...

    Eg kunne tenkt meg å vore på det kurset for å læra meir om styggskapen, men føler og på "bygdeuhyret" !! (sidan kurset er retta mot dei som har ungdom som rusar seg) .

    SvarSlett
  3. Lure på om me hadde felles frukost i dag Liv?

    SvarSlett
  4. Nei ka søren!!! åt du på sjukehuset???? fatosen og. Eg va kje vaken på den tida. Gluggane va kje oppe. Nå trege eg på at eg ikkje slo opp auene før eg gjekk til frokostsalen, så hadde eg funne ut kin du e. Jaja, det gjer eg jo viss du vinne kvissen :)

    Så tilbake til temaet. Han Innante var først sjøl om han påstår han åt frokost "med" meg. Gratulerer som dagens vinnar!

    Anne kor har di avertert dei kursa??

    Eg nådde ikkje møtet i dag. Reiste om haugesund med ting til Maren. Så eg håpar inkvan av dei som var på møtet informerer litt her på bloggen...

    SvarSlett
  5. Eg fant det i Grannar:
    http://www.grannar.no/index.cfm?event=doLink&famID=174959&frontFamID=67945

    vet kje kor de averterte det. begynne 14 april - maaaange ledige plasser.

    Eg og ville på møtet idag, men den pokkers helsa gjorde at eg blei sengeliggande... grrrr...

    SvarSlett