mandag 25. april 2011

Påskemorgenslukkersorgenegg!

Påskemorgen slukker sorgen. Me slukker svolten påskemorgen med påskeegg. Då er det berre kokte som gjeld. Dette har me lært av Jødane. Dei et "Pesach", hardkokte egg, som ein del av påskemåltidet. I tillegg til å ete hardkokte egg påskemorgonen, går me ut i naturen og kokar oss egg også.

Den årlige turen til Vikane for å koke påskeegg er ein vel innarbeida tradisjon i heimen. Kvart år, den dagen med beste værutsikter, rustar me oss ut på ekspedisjon. Dette året blei det skjærtorsdag, for påska i år var stappfull av bursdagar som skulle feirast.

Påsketuren til Vikane opnar sesongen til paradiset vårt. I år vart det vel seint, me kunne godt ha gjort det tidlegare, men har me ein tradisjon, så må den haldast. Slik er det med det.

Eg trudde lenge me var åleine i verda som dreiv med slikt, men så las eg i Stavanger Aftenblad, for nokre år sidan, om ein familie som kokte egg i fjæra kvar påske. Me starta når dei eldste var små.

I år var det så tort at me måtte tenne bålet i Lågen for å unngå katastrofekoking. Me er ikkje ute etter overskrifter, så dette tek me alvorleg.

Me har med pølser, egg og pinnebrød. Pinnebrød er veldig godt om ein ikkje brenn det for mykje. Så er det til å styre og steike. Koke egg og kaffi. Etter maten har me leikar, og går tur omkring på Sanden, Skotiå, Gåpavad, Grovahølen og Evjedalen. Dette er eit av årets høgdepunkt.


P1010016
Grillrista var der framleis, heldigvis.


P1010012
Innbakte pølser. Det smakar ennå betre enn det ser ut.


P1010014
Skikkelig påskegule egg får me når me har laukskall oppi vatnet.


P1010017
Ma`s bidrag var bilbåren påskekake, fersk frå haugesund.


P1010021
I år var det turnering i bueskyting. Mange talenter blei oppdaga.


P1010022
Ma viste seg å vere  eit naturtalent.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar