Me finn plastposar på venterom. Butikktilsette avvisar unge som plutselig vil kjøpe sprayboksar an mass. Stoffmiljøet har fått vore i fred i Suldal, og det får vere det ennå ei god stund.
I Etne og Vindafjord har dei hatt SLT- koordinator ei tid. Dei oppdagar, og bryt inn i uheldige ungdomsmiljø. Hjå oss er koordinatorstillinga ennå ikkje utlyst. Då er me ennå månadar fram. Personen skal gjere seg kjent med instruksene, byggje nettverk, og få kontakt med ungdomsgruppene. Koordinatoren skal heilt sikkert konsentrere seg mest om Sauda, sidan me skal dele på stillinga og Sauda er byen. Vår vidstrakte kommune har vist å ha rusproblem i alle krokar. Så det krevs at koordinatoren har gode medspelarar i krinsane. Foreldre, FAU, vaksne og ungdommane sjølv må vera aktive , i tillegg til politiet, for å bli kvitt dette problemet.
Det siste innan ruskreativiteten er å tilsette eit sterkt etsande stoff i rusdrikka. Ungdommane fell i koma og vaknar med etseskader i munn og svelg. Stoffet er lokalt laga, meinar politiet. Då ringer det ei bjelle hjå meg. Kva er det som finns lokalt på bygda? Som oppvaksen på gard veit eg alt om kva maursyre er, og korleis det virkar. Kan dei ha brukt dette?
Det er ei blank væske. Den kan kjøpast fritt, eller ein kan gå i reidskapshuset til foreldra og tappe over på colaflasker. Får du maursyre på huden svir det kraftig. Bror min fekk ein dråpe maursyre i munnen då han var liten og han fekk svære etseskadar.
Maursyre: HCOOH er fargelaust og har ei stikkande, gjennomtrengande lukt. Syra er sterkt etsande. Den finns naturleg i, til dømes, brennenesler. Det er fritt omsett via Felleskjøp og liknande butikkar.
Kan desse ungdommane har forvilla seg inn på ikkepedia sine infosider og lese om dei islandske vikingane som drakk maursyre? Kan dei ha fått sin inspirasjon her?. Ikkepedia omtalar maursyre som vikingane sin nasjonaldrikk. Ikkepedia er den upolitisk korrekte versjonen av wikipedia. Rein 96 prosent brennevin har også sterk etsande virkning når det er ublanda.
Stoffet politiet har fått tak i skal inn til analyse, og tida vil vise kva ungdommane hiv innpå.
ikkepedia:
http://ikkepedia.org/wiki/Maursyre
NRK :
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/1.7577763
Maursyreinfo:
http://home.c2i.net/astandne/help_htm/compund.htmhttp://home.c2i.net/astandne/help_htm/compund.htm
Dagens kviss: Kor mange ungdommar fall i koma etter inntak av dette stoffet?
3 stk
SvarSlettHeilt rett, Han Innante! Gratulerer, du er dagens vinnar.
SvarSlettHar du tru på teorien min da?
Skremande utsikter, og det set enda sterkare krav til at vi foreldre føl med på kva barna våre gjer og kor dei er. Ikkje overvake for å kontrollere men for å lede i rett retning og eventuelt hjelpe i situasjonar dei ikkje kjem ut av for eigen hjelp.
SvarSlettHjelpe til å stå imot press frå kyniske leverandørar av private helvete
litt tvilsom til at det har med maursyre å gjere... Har høyrt rykte om at Plumbo vert nytta i slike samanhengar... Og Plumbo hadde nok ikkje vikingane... :)
SvarSlettSant Kalle, Det er viktig å bry seg!
SvarSlettHan Innante: Plumbo!!! jøss. Ja, ikkje rart de får tarmproblem også, som det stod i avisa.
Plumbo renser ganske kraftig opp. Men, når kineserane har rottegift i tannkremen, så kaffår ikkje plumbo i rusen. Bør vel vere logisk det;)
Guriland så møkje enklare det var å ta dei første ungdomsstega før... Anten var det himabrent, eller så var det kjøpeøl! :P
I tillegg var vi vel i ein og annan kjellar eller eit sjøhus og "lånte" heimelaga vin eller øl. Men det stoppa med det. og vi var litt eldre enn dei som sit med plastposen idag
SvarSlett