torsdag 28. april 2011

Snorre Sel

 
Eg vaks opp med Snorre Sel. Det var ei flyssete bok med mjuke permer. Den var godt lesen, og hadde vore godt godt gjøymd. For fleire år sidan fann eg boka om Snorre Sel i Akvariet i Bergen. Eg kjøpte den der og då, og las den for mine ungar. Nå er boka på vandring. Ikkje veit eg kven som har den nå, men eg vonar den har det godt der den er.

Snorre Sel var ei fantastisk bok. Den var gitt ut 1941 og fekk god omtale i "Fritt folk" , organet til Nazistane, og i Deutche Zeitung in Norwegen. Ein månad etter dette gjekk det opp for den tyske okkupasjonsmakta kva dette var, og boka blei tilbakekalt.  Symbolikken var krystallklar, så det var rart den var i sal så lenge. Over 12 tusen sikra seg boka då. Den er trykt opp att fleire gonger.

Eg likte historia om Snorre. Den var skummel, men heldigvis gjekk det bra. Som vaksen las eg den igjen, og likte den enda betre. Eg hugsar at dei vaksne også las barneboka når eg var liten.

Snorre Sel, symbolet på Noreg, har den leie uvanen  at han stadig drøymer seg bort. Han er også narsissistisk og speglar seg lenge i isen. Mora til Snorre formanar han om å passe seg. Det er farlig ute på isen. Snorre er uforsiktig og gløymer å passe seg. Han møter forskjellige dyr ute på isen. (Noregskartet)  Alle har si rolle. Spekkhogggaren Glefs er Nazi-Tyskland. Måkane er tyskerane sine medhjelparar i Noreg. Den trege onkel Bert er Storbritannia. Han kjem Snorre til unnsetning seint for han har hjulpet Trollkrabbe ( etter Pearl Habour)

Denne boka vil eg anbefale dykk sterkt å lese. Les den for ungane dykkar. La eldre ungar lese den, og sjå etter symboler. Dei er overalt. Slik kan de få heile historia om andre verdskrig fortalt på ein morosam måte.

Fritjof Sælen ga ut to bøker til med sterk symbolikk: Ein motig maur ,og tre kalde karer.


Snorre Sel - Frithjof Sælen Frithjof Sælen
Boka om Snorre Sel

Den troskuldige selungen

Dagens kviss: Kva sjukdom plaga Fritjof Sælen dei siste åra han levde?











5 kommentarer:

  1. Parkinsons sjukdom.

    I`m back :)

    SvarSlett
  2. the librarian bitch28. april 2011 kl. 08:53

    Ein modig maur. Tre kalde karar og Snorre Sel kom ut igjen i 2005 og du finn dei i Suldalsbiblioteka.

    SvarSlett
  3. Stemmer det. Gratulerer, Han Innante, du er dagens vinnar.

    åå eg må låna di

    SvarSlett
  4. Hei
    Kjekk og lærerik blogg Liv. Eg er stadig like imponert. Gjer ikkje noko om eg stadig er for sein til spørsmålet. Stå på!!! (Marit)

    SvarSlett
  5. Marit! Takk skal du ha. Det gledar meg når nokon vel å lesa bloggen, utan at eg treng å lokke med kviss, ;)

    SvarSlett