Så gjekk dotter nr. 2 hen og fekk seg ein kjærast frå Haugesund. Eg sa då til folk at dotter mi hadde funne seg ein Araber. Eg fekk mange merkelige blikk, heilt til ein gong på kulturhuset. Ein venn av meg var i alderen han med ein gong sa: "Å ja, e an frå haugesund?" Det var ein lettelse å ikke vere den einaste gamle i verda.
Den same venen sat med oss på kafe. Han fekk helse på den unge Araberen. Sandbuen smilte, og sa han kunne ein vits frå Haugesund. "Ikkje at den er så morsom då. Dåkke har sikkert hørt den før" sa han smålåten.
- "Det var ei jente frå Haugesund som traff ein gutt. Og, så seier ho til han:."Hei, eg er frå Haugesund. Har dåkke piano hjemma?"
Dette blei sagt med verkelig fin Haugesundsdialekt ,og med eit så uventa poeng at me ler i 20 minutt. "An va nå kje så løyen," prøver han seg, og er jysla øvejidde øve atte me ikkje har hørt denne før. Men me var nok ikkje gamle nok.
Så slår han til igjen: " Det var ein reder frå Haugesund som hadde besøk av ein utenbys kollega. Han viser vennen sin rundt i villaen.- "Her er stuen, her har vi flygelet. Ovenpå har vi piano. Før hadde vi piano på landstedet også, men det solgte vi. Vi kunne ikkje barre spille piano."
Me vil dø igjen, for min unge svigerson hadde nettopp sagt at dei hadde piano heime tidlegare, men at de hadde solgt det.. "For," som me skrik i kor, "me kan jo ikkje barre spille piano."
Så, for kort tid sidan gjekk eg og sveiv i sjukehuskorridorane på Helsefonna; Haugesund by sitt eige sjukehus. Og kva finne eg i ein korridor? Eit piano! Eg ler igjen. Eg ler så mykje at det er rett før de ber meg ut, og over på psykiatrisk avdeling.
Piano til arabernes frie benyttelse
Lure på om han svigersonen din gjekk og fortalde dette hima. :-)))
SvarSlettVett du ka, tlb.. d trur eg ikkje :P
SvarSlett