onsdag 6. april 2011

Nåken så har mista sanden sin?

 Inkvan har mista sanden sin. Anten har dei mista den, eller så har dei feilparkert den. Det kan vere dei saknar den, så derfor seier eg i frå. Den ligg i bedet, og på plenen min, i Prestaåsen.

Eg har irritert meg over at plenen min kvar vinter er opplagsplass for snø, og tonnevis med sand. Buskar og vekster blir øydelagde. Eg skjønar det kan vere vanskeleg å bli av med alt, men alt treng ikkje liggje i min hage.  Snøen blir lagra her, sjølv i vintrar der ein utan problem kan skuffe den andre stadar.

 Så las eg i vinter i Suldalsposten at kommunegartneren uttala at det var forbode å tøme sand i kommunale bed. Då lurer eg på om ikkje lova skal vere lik for "far og Katten"?  Far og katten er eit Hiimsomgrep på Kong Salomo og Jørgen hattemakar.  Då skal det følgelig vera forbode å tøme sand i min private hage og private bed!

Nå er eg ikkje så sikker på om lova er lik for alle i suldal.   Eg las nylig  i Suldalsposten at Svein Ramsland seier lova ikkje er lik på litle Knatten og Foldøyna. Så, då er det sikkert forskjell på kommunale gatebed og private byggjefeltsbed også.

Fordi eg har musklar berre til pynt, kan eg ikkje kvitte meg med snøen og sanden som kjem fram når alt smeltar. Derfor blir plen og bed styggare og styggare for kvart år. For dei som har mista den, kjem aldri for å  hente den.

Nå har eg tenk ut den smarte ideen å kreve inn leige for den kommunale deponeringa av snø og sand. Og, er dei seine med å betale, skal eg gjere som dei; skreme  dei med inkasso!


DSC00199
Først såg det ikkje så gale ut, men etterkvart som snøen smeltar kjem sanden fram.Dette er ein kvass og grov sand.

 DSC00200
Ingen ville ha den då...

Denne busken døydde av kveling. I fjor døydde bror hans på same måte


.. og ingen vil ha den no heller..

Dette var ein gong ein plen i ein hage.

Dette kjem nok til å bli for mykje for plenklipparen min. 

Her ligg grusen og ventar på eigaren sin

Her ligg det grus i eit 10 cm tjukt lag.


Dagens kviss: Kva heiter kommunegartneren eg referte til i innlegget?

8 kommentarer:

  1. Og likar tanken på å sende rekning for leige av lager til kommunen:)

    SvarSlett
  2. Har du bedt dei om å kome og ordne opp?
    Seier dei nei kan du leige inn firma på kommunens bekostning for å rydde opp etter dei.

    SvarSlett
  3. Heilt rett, han Innante er dagens vinnar!

    SvarSlett
  4. Takker:) MEN, nå vil me ha svaret på kvissen 1. april....

    SvarSlett
  5. Rett svar vart lagt inn 2. april Anne hadde rett... tilslutt :P

    Rett svar er 40 prosent soyaprotein. Anne har funne alle ingridiensene og lagt ut på innlegget. Me et soya istaden for skinke, men slepp heldigvis å ete plast :)

    SvarSlett
  6. e ikkje langt vekke med plast heller trur eg... e jo igroen "søppelmat" heile grandiosaen...

    SvarSlett
  7. Eg eg veldig enig med Han Innante når det gjeld Grandiosa. Eg gremmes kvar gong ungane forlangar søppelmaten

    SvarSlett