fredag 26. august 2011

Ondebokser!


Det går mot haust. Det har de nok funne ut av dykk sjølv utan å lese det på bloggen min. Med hausten kjem kulde og trong for varme klede. Eg fann ut i går at det var på høg tid å leite fram varmare klær. Når eg byrja å kikke i skapet etter varmare klær kom eg på ondeboksene.  Eg måtte le for meg sjølv.  Ikkje av mine eigne ondebokser, men Borghild sine.

På Hjelmeland bur det ei dame med livlig fantasi, Ho er sjølvsagt frå Sand, og eg har sagt det før, og seier det igjen:  mykje godt kjem frå Sand!


Desse fint tilpassa ondeboksene i ull talar for seg sjølv.


Dei finns i alle elefantstørrelsar og mønster



Her er kunstnaren sjølv. Eg lo så mykje når eg tok bilete at eg klarte ikkje halda kameraet i ro. Unnskyld, Borghild, du blei litt utydelig.

Desse ondeboksene kan kjøpast i kiosken ved Hjelmeland ferjekai. Det heng eit rikhaldig utvalg, og dei kan brukast til dei fleste festlege anledningar. Godt å ha på seg i kalde utdrikningslag i vinter?
Då blir mitt spørsmål: Kva menn finn me ut har desse ondeboksene på seg?

Dagens kviss: Kva heiter kunstnaren av desse ondeboksene?

8 kommentarer:

  1. Borghild Østerhus (hette vel Lien før ho gifta seg)

    SvarSlett
  2. Gu, me e gode Han Innante, dama var ukjent for meg, så eg måtte på fjesboka og sjekka vennene te Liv, og der fant eg ho;)

    SvarSlett
  3. Eg bøyer meg i støvet for dåkke to synkronkvissarar!! Gratuler med delt vinnarplass!!

    SvarSlett
  4. the librarian bitch26. august 2011 kl. 12:25

    Eg hadde fri i dag så eg sov frampå. Liv har så mange vener på fjesbokå si, så eg hadde aldri hatt gidda t å finna ut av kven damå var. Eit heilt ukjend fjes var det for meg jaffall

    SvarSlett
  5. I kvissen gidde me alt, Eva... Er kje problem, Liv skreiv ei unnskyldning under bildet til Borghild, vips- finn vennene te Liv, skriv Borghild - og vips dukkar ho opp, og tilogmed bur på Hjelmeland!! Berre flaks at eg klarte alt det på sama stunda som det tok Han innante å skrive!!

    SvarSlett
  6. Ja, Anne det var imponerande... Eg ringde ein venn:)

    SvarSlett
  7. Hehe, ja Anne kvissen var lette viss ein tenke slik, Godt me har hjelpemidler tilgjengelig:)

    SvarSlett