tirsdag 30. august 2011

Bubilkrig

I sommar har det vore styr i Nordenden. Folk som bur der er leie av all trafikken i den smale gata. Bubilane parkerer heilt opp i badestranda og tek opp all plass.

Slike bilar vil me ikkje ha i Nordenden

Med fare for å bli oppfatta som ein "Besserwisser" sa eg, og mange med meg, at det var på "trynet" å flytte turistinformasjonen til Nordenden. I Dalane var turistinformasjonen det første turistane såg, og det var mange parkeringsplassar utanfor. Istadenfor som nå, å presse all trafikk inn i ein flaskehals.

Då alt var fryd og gaman i Dalane, var det inkvan som snakka saman. Dermed vart turistinformasjonen flytta inn på Ryfylkemuseet. Då køyrde bilane dit. Turistar som før gjekk på føtene bort dit.

Gata bort til Neset er ei perle, og det burde helst vore køyreforbod der. Trongt er det og. Nå får dagleg dei fastbuande bilhjul mest opp i kjellarhalsane sine. Nå har dei fått biltrafikken opp i halsen.

                                   (foto: E. M)
Rainer Speth i Høgre meinar at dette må ordnast opp i før neste sesong.  Heilt rett. Men me må ikkje la inkvan få vere med å snakke denne gongen.  Me såg korleis det gjekk...


Det bur faktisk folk i Nordenden (foto SP)

Eg tykkjer innbyggjarane bør få Nordenden tilbake. La dei få sleppe bilar klin i inngongsdøra si. La dei få lufte i stova si som vanlege folk utan at dei får avrivne vindusruter.

Me har ein campingplass. Eg skulle tru bubilane kunne stå der. Dette er ei sak for den nye næringsforeininga. Det er dårlig næring å la bilane stå gratis når campingplassen står tom. Lite pengar i kassa då.  Det er vel det same om bubilane legg frå seg pengar i Bergekrossen eller i Gata?

Politikarar: Det er snart val!
Eg ville ikkje likt å ha 4 - 5 bubilar ståande i tunet mitt i Prestaåsen. Ville de?

Dagens kviss: Korleis oppfører turistane seg i Nordenden?


8 kommentarer:

  1. Delte meininger om koss de oppføre seg.. Nåken skryte og seie dei legge fra seg kronasjer i kassa på butikkene på Sand(men me vett vel det at de har hamstra med seg ALT de trenge i bubilen, og kjøpe KUN det dei må ha når dei er på ferie her).

    Nåken er hissige på dei, seie dei jage vekk ungane frå stranda, skite i buskene og kjøre "svin" !!

    Eg vil ha turister på Sand, men trur ikkje Nordenden er plassen.Nå står det et heilt område på Klypa som kan nyttast til fks. ein bubilcamping, eg ser mange står her... FOrstår godt museet si fortviling over at turistane brukar deiras toalettfasiliteter, (spesielt når dei ikkje er besøkande på museet, men "berre" parkeringsgjester.)

    Viktig å få orden i dette nå , uansett bør dei ikkje få stå der gratis, og DERSOM dei fortsatt skal stå der, må det leggjast til rette for det med eigne anlegg med dusj, vatn osv... Eg syns ikkje det er kjekt å gå på Neset når det står 100 bubuiler der, og du får sure blikk når du vågar deg på stranda - akkurat som eg trenge meg inn på deiras område.... Nei, få dei på KLypa el. campingen i Bergekrossen, så me får attende friområdet vårt!!

    SvarSlett
  2. the librarian bitch30. august 2011 kl. 08:39

    Dagens kvissvar: Bubilturistane oppfører seg ufint.
    Bubilane har vore ei plaga i åravis, også medan turistinfoen var ved Rimi. Alle veit jo at Hydrokaien og Neset er avmerka på alle kart og gps'ar nerøve i Europa. Alle turistar veit at det er fri ferdsel i Noreg. Ein laurdagskveld i sommar telde eg 13 bubilar og det var slått opp 3 telt der borte. Det eine teltet sto i fleire dagar. Ein annan ting er at mange av utlendingane har hundar med seg. Og svært ofte gir dei f... i bandtvangen. Håpar at kommunen kan få ei ordning på dette. Det blir sendt eit brev frå oss som bur i Nordenden til kommunen nå ein av dagane. Eg skreiv under på det i går.

    SvarSlett
  3. Bobil
    Nå er det sånn i denna verden att ein ikkje berre kan klaska opp eit bilde av ein ting og sei sånne vil me ikkje ha, det er ikkje sånn det fungerer.
    Folk i norenden BURDE vore på vakt før /når turistinformasjonen blei lagdt til Ryfylkemusset, og det er ei altfor lettvindt løysing å skylda alt dette på Bubilane. All trafikk har auka formidabelt grunna turistinfoen, det er en legal trafikk, likeeins alle som skal på museet og sjå på dei flotte utstillingane osv. Til dette MÅ Ryfylkemuseet ha tilrettelagdt toalettforhold til sine gjester, alle som går in der er ein gjest enten det er for å henta ein brosjyer eller sjå på ei utstilling. Kor sko me bada og gådd på do når me reiste til syden om alle sa denne stranda, og dette doen er berre for lolalbefolkningen. Vi lever i ei større verd i dag, og vi vil alle ha tilrettelagdt når me er på ferie. Men å gi bobilane skylda for alt er ei gammaldags holdning som hører steinalderen til i dagens samfunn. Kor mange flere teltgjester /liggedøgn i telt har det ikkje vore på neset i sommar, etter turistinformasjonen blei lagdt til museet, og med 0,0 tilgjengelige toalett må dette bli gale, men her er det tilrettelegging og skilting som må til. Eg er av den meining att Bubilar kjem det altid til å bli på hydrokaien, og trur det er politisk vilje til det også, MEN det må regulerast, oppmerka plasser 5,5m x 10m og då reduseres anntallet til et levelig nivå. Hadde bubilar harr samme interesser som bil med campingvogn hadde det vore enkelt å sagdt det er ein campingplass, men vi har mer behov som båtfolk, så derfor er ikkje en campingplass 2,5- 4km frå sentrum rundt omklring interesant. Vi har jo Klypa som er sentrumsnært, men ikkje så aktuelt, og største delen av området der er og privat. Nei det beste er å redusera talet på Hydrokaien til 6-7 biler, legge tilrette for dei m betaling og strøm og utvide parkeringsplassane i Lavika. Muren mot elva bør mures loddrett opp 2 m og ftlles ut inn til nåværende autovern, dermed har en fort 15-20 oppstillingsplasser mot elvekanten, og så merker en opp parkeringsplasser til privatbiler på oppsida av veien. Det er en av det beste løysingane med toalettanlegg, en turistmagnet i nærheten, sentrumsnært og her vil folk komme i stort anntall når national turistveg og Høse bru er ferdig, og dette kjem på karta, og nettsidene rundt omkring. Bubilfolket legg igjenn penger i lokale butikkar, Bobilsalgert steg med 36% første halvår i 2011 og Norsk Bobilforening har ca 10.000 medlemmer. Dette er den størst økende ferieformen for tiden, og som turistkommune har vi ikkje råd å ha slike fordommer som enkelte ytrer ang Bubiler. Forrige helg stod eg på Hydrokaien med Bubilen og hadde ei fantastisk fin helg med mange gode samtaler både med utlendingar som lurte på om det verkelig var gratis og stå her, dei vil gjerne betala for seg, det er dei vant med frå tyskland hvor dette er godt utbygd "stellplatz" kalles det.
    Eg innviterer deg som er skeptisk til Bubil til ei helg i Bubilen min på hydrokaien, så ser me på det.

    MVH
    Jarle Nilssen
    Norsk Bubilforening medl nr 6309

    SvarSlett
  4. Men, dykk må ikkje gløyma at problemet løyser seg sjølv når brua over Sandsfjorden opnar, då er det INGEN som tek turen nedom sentrum på Sand lenger...

    SvarSlett
  5. Etter nøye vurdering har eg komme til at TLB er kvissvinnar. Gratulerer!

    Anne fint innlegg om Nordenden. Eg elskar innlegg på sida mi, men du gløymde å avgi svaret. du referer at nåken seie...

    Jarle, Tusen takk for langt innlegg. Dette kan du leverer rett til politikarane. Du har dei fleste løysingar klar.:)

    Eg trur innbyggjarane i Nordenden meiner all unødig trafikk når det vert sagt bubilar.Det er mange meiningar om dette og det burde bli eit heitt tema i valkampen!!

    Eg elskar bubilar, håpar du ikkje trudde motsett. Det er som å vere ein snigle, ta huset med og gå. Hadde me hatt breiare vegar i Noreg hadde eg sikkert hatt ein.

    Eg har jysla lyst å ta utfordringa di, men eg blir vel kvelt av lokalbefolkinga då ;)

    Men eg trur Han Inante får rett tilslutt: etter bru, ingen bubilar på Sand!
    Då kjem me sikkert til å grina og savna dei:P

    SvarSlett
  6. Eg skal lova deg att vi Bobileiere ikkje skal svikta Sand etter brua. Sand og Suldal har stor egenverdi, berre så få som ser det og seier det med folk dei treffe. Eg stiller meg til disposisjon som administrator for Bubil oppstillingsplassane med innkreving og utdeling av info om alt det gode me har i kommunen vår. Målet må ver å få eit døgn til på alle i Suldal. Mvh Jarle

    SvarSlett
  7. Oppfører dei seg ufint då sidan TLB vinn??

    SvarSlett
  8. Godt at ikkje alle gir opp når brua kjem. Eg las ei bok om kva som skjedde då ein søvnig italiensk landsby fekk hovedvegen lagt utanom. Dei måtte skje eit under. Då valfarta folk til staden ;) Det treng me og.

    Ja, Anne, det ifølge Suldalsposten.

    SvarSlett