tirsdag 23. august 2011

Striskjorta og havrelepsa



Nå er sommaren definitivt over. Skulane har starta opp att. Det er vanskelig å fortsette å vere i feriemodus med det været me har hatt, så det er helst godt at me slepp å leike sommar lenger. Verken denne eller den førre somaren var noko å skrive heim om. Vintrane har vore heller kalde og lange. Folk ymtar om ei ny istid, eller at fimbulvinteren er over oss. Uansett, august er på hell.

Bulgariasommar

Nå går me inn i ei travel tid. Jobb, skule, møter og aktivitetar står i kø. Til tider kan det vere travelt, men det er likevel noko trygt og godt over det. Alt er tilbake til det vante: striskjorte og havrelepse som dei sa før. Kvardagen er her att. Men med den kjem også venner og slekt tilbake. Folk me ikkje har sett heile sommaren dukkar opp att.

sommarminne

Ungane våre ser fram til endringane. Nokre byrjar i  første klasse, og andre startar på nytt på vidaregåande skule. I heimen er dotter nummer 2 tilbake i Bergen til siste semester. Dotter nummer 3 flyttar til Stavanger for å gå på vidaregåande, og dotter nummer 4 byrjar på ungdomskulen.


Det minkar det på ungar rundt meg. Til kvardags skal eg berre lage middag for to personar.  Det har eg ikkje gjort på over 30 år!  Det vert underleg, men blir det som vanleg, er det alltid fleire som stikk innom i matfatat.


Det er ei jente som ofte er innom matfatet. Ho kjem alltid på feil dag, men har etterkvart lært seg å sky heimen tirsdagar og torsdagar.

Det ein må hugse i desse travle kvardagstidene er at det er dette som er livet! så stopp opp litt av og til, og pust,og sjå på fjella.  Så kan ein gå tilbake til kavet med meir energi.

Så får me håpe at me alle får ein god haust!



Dagens kviss: Kva heiter jentene frå Kvilldal som byrja i 1. klasse i går?

8 kommentarer:

  1. Sigrid Vaarvik Benninghoff og Ingrid Kristiansen Bakka

    SvarSlett
  2. Sigrid Vaarvik Benninghoff og Ingrid Kristiansen Bakka !

    PS: HURRA FOR DEG SOM FYLLER DITT ÅR, JA DEG VIL VI GRATULERE!!

    SvarSlett
  3. Me har god start - igjen, eg og Han Innante;)

    SvarSlett
  4. GRAULERAAA ME DAGEN MAMMA ! :D

    SvarSlett
  5. Hehe, ja me er gode på synkronkvissing :)

    SvarSlett
  6. the librarian bitch23. august 2011 kl. 08:47

    Som dåkken ser så er tysdag ein dårleg dag for meg. Når kvissen blir lagt ut, så må eg gå ut dørene for å nå Sand skule til rett tid. Satsar på at eg tar dykk igjen resten av veka.
    Ellers så må kvissmakaren ha ein fortreffelege flotte fødselsdag *lure på om det er kaka å hala i åsen i kveldingå?*

    SvarSlett
  7. takk for helsing, ja alltid kaka i kveldinga på åremålsdagar! :) D e bare t å ta turen.

    Eg hadde ein helste frustrerte tenåring i heimen i dag. Dataen er ødelagt og den bærbare klikka akkurat når ho skulle sende svaret. då ho var på att hadde de svart.

    - "Så kom dei dumme, Anne og han innante og di va akkurat på likt som vanligt, Eg e så sure!" Det blei ein dårlig start på dagen for henne;P

    Så vil er gratulere synkronkvisserane med rett svar. Gratulerer og velkommen tilbake til blogg og kisshaust :)

    SvarSlett