lørdag 10. september 2011

Husflidsdagen

I dag er det Husflidsdagen.. Dagen blir arrangert rundt om i Noreg. Temaet er strikking.
Strikking har fått sin renessanse dei siste åra. Stadig fleire unge likar å spøte som me seier her. Strikke, eller spøtakafear dukkar opp over alt i landet. Det er også strikkesamlingar, og strikketog. Der alt dreier seg om, ja strikking.

Me kan spøte så mangt. Eg gløymer aldri den idiotiske prøvelappen på 10x 10 cm me måtte laga på skulen. Eller bamsen me skulle strikke i 6 (?) klasse. Min brune bjørn fekk aldri armer. Han døydde som handikappa fleire år seinare.  Spøting var kjedeleg tykje eg.

Det tykte eg i mange år. Ja, heilt til eg blei liggande lenge på sjukehus for at badnet skulle komme seg ut på rette måten. Det var så usigeleg kjedeleg å vere lenka til senga at eg fekk nokon til å skaffa meg spøt. Og plutselig blei det kjekt, eller iallefall kjekkare ennå liggje pal i senga.


10
                                            Det gjeld å ha tunga beint i munnen.


4
Tvebandstrikking.

Me kan strikke rett og vrangt. Kva med tvebandstrikking? Det er også blitt populært. Kreative sjeler strikker bodyar til store trær. Nokon klær på sykkelen sin, andre klær opp ungar og barnebarn.


                                                Ein påkledd sykkel.


Bilde 11
Mange er flinke til å spøte Selbuvottar.


julekuler
Kva med å spøte sine eigne julekuler?


Kva med frukt som ikkje rotnar?..

Iskrem  som ikkje smeltar?


                                            Hundar som ikkje frys..


                                   For dagen har QI- Qi rosa genser i  hønestrikk.


Hue med Fanaroser har eg spøta til fleire av døtrene


Gullongen har fått krokodille med matchande hue.


Slikt kan ein og spøte.

Som de ser kan ein spøte det meste. Eg har sett strikka kaker med lys. Folk spøtar klær til hundar, syklar og trær. Det er berre fantasien som stoggar oss,  ikkje spøtepinnane.  

La deg inspirere av den store strikkedagen; strikk i veg!


fredag 9. september 2011

Kyrkjeval 2011

I år er det kyrkjeval att. I 2009 var det første gong eg gav mi stemme i eit kyrkjeval. Eg hadde tenkt på det før og, men det har vore for utilgjengeleg å stemme. Først måtte ein gå på gudsteneste, så var det kyrkjekaffi og val. Tenk då å ha ei meining, men ikkje vere "kristen nok".


Eg stemmer for å få ei slik kyrkje her.

Derfor er eg glad over nyordninga som kom. Kyrkjevalet blei lagt til eit politisk val. Eg trur det var slugt å gjere det. Det viste valdeltakinga i 2009  Den auka fleire prosent.


Kyrkja ho er eit gamalt hus..

Dette valet blir viktig. For dei som me stemmer inn, skal vere med å vurdere statskyrkjeordninga. For å få fram meininga di, stem på den som meinar det same som deg.
Fleire nye liturgiar skal tas i bruk. Dei som blir sitjande no får vere med å bestemme forholdet mellom kyrkje og stat. Det er viktig det.

Likt som kommune- og fylkestinget er på val same år, er også menighetsråd  og bispedømmeråd på valg samstundes. Det er ingen frå Suldal som står som kandidat til bispedømmerådet. Der har me forsømt oss.

Men me har Tor Olav Varhaug på prestekandidatlista.  Eg har det ikkje heilt for meg om me kan stemme på lærde, eller om kun leklista er for oss?
Hugs; me kan endre her og. Kryss i ruta gir ekstra stemme.

Og hugs, du treng berre vere 15 år for å få stemme her.

Dagens kviss: Kva er neste linje på songen under bildet av ruina?

torsdag 8. september 2011

Valets kvaler

Politikarane satsar på korttidsminnet vårt. Valkampsopninga starta for ikkje så lenge sidan, og på første sida av Suldalsposten stod det: "Tid for å sjå framover."  Det er viktig i dei fleste sitauasjonar. Men når det gjeld politikarar er det viktigare for oss å snu på flisa; sjå bakover!


Ikkje greit å vere kar dersom politikarane serverer dette valflesket.

Politikarane lovar gull og grøne skogar, og valflesket dissar og glinsar av feite lovnadar.
Men kva hjelper vel det? Dersom me bit på agnet, er løpet kjørt. Då heng me der og kan ikkje anna. Då kan dei gjere som dei vil dei neste fire år, og love nye gull og grøne skogar neste gong også.


Desse beit på!

Sjå bakover! Kva har det partiet du vil stemme på gjort sidan sist? Har dei halde lovnadane sine? Kor mange brotne løfter ligg langs vegen deira frå sist val?

Gå inn i ditt minne. Sjekk gamle aviser, eller handsama saker i kommunearkivet. Oppsøk politkarane på stand i gata. Eller, og dette er viktig; gå på debattmøtet på:
                                       Kulturhuset i kveld kl 19.00
Så kan du gjere deg oppp ei meining.  Då kan du gjere eit val, eit godt val!

Vel rett!

Dagen kviss: Kven skal gje oss åndeleg påfyll på debattmøtet?

onsdag 7. september 2011

Val i Suldal 2011

Partia lovar, og lyg. Det veit me. Det er mange år sidan det vart lova einerom for eldre på sjukeheimane. Kva får dei, jo ofte eit bøttekott.

Suldal er ein god kommune å bu i, men det er mange ting som ikkje er som det skal vere her heller. Og me må vere klar og vere budde med lampene tende, for me veit ikkje dagen, eller timer når ein politikar snur i ei sak.


Ha politikarane i rampelyset. Det er mykje kameraderi i mørke krør.

Arbeidarpartiet lovar at alle bygningar og anlegg skal ha tilgjenge for alle, uavhengig av funksjonsnivå. Kva har dei gjort? Eg veit berre at Sand skule som er eit nytt anlegg stigmatiserer bevegelseshemma. Skal ein i andre høgda og må bruke heisen, som jo er installert, må ein først gå, hinke, krabbe, eller rulle inn på kontoret og be fint om at heisen kan låsast opp. Ein må passe på å avtale opplåsing når ein skal gå att også. For nøkkelen må stå i låsen under heisturen. Ein må også ha musklar for å få heisen opp. Ein knapp må trykkast inn under heile turen, ellers stoppar heisen. Tilgjenge?


Anne-Grete Strøm-Erichsen
Samhandlingssjefen

Ellers er arbeidarpartiet  ( Kari Gjuvsland og Odd hotvedt), og senterpartiet (Gerd Helen Bøe) som i eit lesarinnlegg, nemner den nye kommunehelselova som trer i kraft frå nyåret. Eg er spent på om dei andre partia er klar over det. I den såkalla Samhandlingsreforma skal pasientane ut av sjukehusa og tilbake til kommunen. Dette gjeld alt frå lårhalsbrot til hjerneslag.


Bønder har vore livgjevande i fleire tusen år.

Senterpartiet ved Ola Hauge er opptatt av variert landbruk. Utan landbruk, intet Suldal. Det er heilt sikkert, men kva kan politikarane gjere med det når fylkesmannen til dømes hindrar bøndene effektivt drift, som gardsdriftsopplegg med båt på Berakvam?


Hugs: maten blir ikkje fødd her.

Partia som vil styre landbrukskommunen Suldal, tek nokså lett på saka. Dei vil anten oppretthalde dagens nivå, eller så overser dei bøndene. Sjå dykk om; Gardane blir færre og færre. Er det dette dagens nivå me vil ha? Eit land der me nå leiger folk og fe til å skoge langs vegane slik at me har utsyn, og hindre gjengroing av beite.

Dette problemet slepp me i Noreg, så kvifor vil me ikkje ha bønder?

SV hadde også eit innlegg i Suldalsposten, men det stod på bokmål, så det las eg ikkje!!! Suldalsveljerar les og skriv nynorsk. Hugs det, Bersås!

        Om kommunestrukturen der folkets meining var klar meiner politikarane:

Senterpartiet: Døra på gløtt for fusjon. Har ordføraren gløymt kva han sa på kulturhuset? Folkets vilje var klar!
Krf: er opne for nye kommunegrenser. FY!!
Arbeidarpartiet og Høgre meinar ingenting!
Frp og Venstre er imot, men krev folkeavrøysting om det blir fusjonskrav.
SV er i mot samanslåing.  Det er bra, for me var veldig framsynte i 1964

Dette vil politikarane, men får dei det til? Me kan hjelpe dei ved å stemme på dei. Men har dei gjort seg fortent til vårt stemme?

Ha eit godt val!

Dagens kviss: Kven vinn valet?  Av naturlege årsaker blir vinnaren kåra etter valet ;)

tirsdag 6. september 2011

Privat-privatisering av kai

Som de hugsar, ville nokre av dei politikarane som me skal stemme på, privatisere kaiane i Suldal. I økomomiplanen for 2006 - 2009 skulle dei sheina opp kaiane, men politikarane snudde i  2008.  Så måtte de snu seg igjen etter at folket dei skulle tene, protesterte. Dei hadde si fulle hyre med å snu seg etter kor vinden bles. 

I dag er kaiane framleis kommunale, men i denne tida har inkvan starta denne privatiseringa som var kommunen sin intensjon. Nå kan me sjå kva som vil skje om kaiar blir privatisert. Folk kan ikkje bevege seg fritt på kaien og området omkring. 

I dag får eg høve til å sei: kva sa eg! Eg hadde ein visjon over kommuneplanen og skapa den om i peparkakedeig. Den var utstilt til spott og spe i Peparkakebyen på Kulturhuset. Eg minnest at ordføraren tykte eg var vel negativ. Sjå for dykk sjølv, og sjå om det er slik me vil ha det...

Rådmannen svingar kniven og kuttar til beinet, og tvert over også ;)


Rådmannen klaga si naud over den stor budsjettsprekken i komunehuset. Det vil sei sprekken var større, men den krympa i steikeomnen. Kanskje eit godt råd til rådmannen neste gong sprekkane blir for store?


                         Dette var det politikarane ville ha. Og nå har dei fått det!

Dagens kviss: Kor ligg med nemnde kaien?

mandag 5. september 2011

Lang og lenger skuleveg

 I vår fekk me som har ungdomsskuleelevar vite at ungane frå halvøynå har unødig lang reisetid.  Dette vart tatt opp på foreldremøtet og eg trudde beintfram det var gjort noko med det. Så les eg i Suldalsposten at elevane reiser langt og lenger for å komme til skulen.

Frå Vormestrand til Ropeid brukar dei omlag 75 minutt ! Dette fordi elevane må stå å vente på ferja i ca 15 minutt. Det er Tide og Kolumbus som styrer dette. Og det er altfor komplisert for dei å leggje om rutene slik at elevane slepp å stå å hutre på venterommet. Ordføraren vår har bede Kolumbus om å korte inn på reisetida for ungdomsskuleelevane.


Desse likar å vere ute i tide...

Kolumbus seier dei ønskjer ikkje å setje inn ekstra skyss for elevane. Dei har så mange å ta omsyn til. Så hiv dei ballen tilbake til politikarane og seier at dei visste dette før samanslåinga av ungdomsskulen.

Ønsker ikkje, vil ikkje, har ikkje lyst! Kva slags kommunikasjon er dette? Jo det er Kolumbus, oppkalla etter ein mann som ikkje fann vegen han skulle fare. Ikkje fann han plassen han skulle til heller...



Kva tid vart det busselskapa som skulle styre kvardagen til ungane våre? Tidlegare hadde fylket klare reglar på borna si reisetid, delt inn etter kor gamle dei var. Aldri skulle dei ha opptil 75 minutters reisetid kvar veg. Er det regelverket parkert nå?

Ordføraren meiner elevane bør gå føre andre reisande. Det er eg einig i. Han ønskjer kortare reisetid for elvenane frå halvøynå. Det blir feil. Det skal ikkje vere eit ønskje, men eit krav!


Her er det mange bussar å sette inn...

Kva seier politikarane, i valkampen, om dette?  De som ville ha felles ungdomsskule; ikkje svikt elevane! Stå på og få dette endra!

Dagens kviss: Kva heiter direktøren i Kolumbus, og kor er han frå?

søndag 4. september 2011

Lordags-Søndagsskulen

Når det haustar og alt byrjar å gå tilbake i gamal tralt, byrjar også søndagsskulen. På Sand har dei og søndagsskule, men med ein heilt spesiell vri. Dei har lordags-søndagsskule.


Dette er opplegget dei følgjer.

Ungane har det gildt på søndagsskulen. Etter "skulen" er ferdig er det kafe.  Det er eit tilpassa opplegg etter alder. Først har dei samling, så deler dei seg i grupper.Nå skal songkoret inn i søndagsskulen og.

Framleis får dei stjerner i boka, men bildekorta me fekk, er historie. Nå får dei velje gaver or ein kasse.  I enda eldre tider hadde folk Mannakorn. Det er ikkje kviss, men veit de kva det er?

Eg har hatt ungar i søndagsskulen i Bekkefaret menighet, Døves menighet, Tastaveden kirke, og på Sand.

Desse korta er historie.

Eg må sei Sand er best. Det er heilt ufarlig å sende ungane på søndagsskule. Ingen "stel" dei frå dykk. Dei teiknar og lagar ting, syng og får fortald historier. Dei lærer mykje bibelsoge. Noko som kan vere greit i desse RLE- tider. Kristendommen har vore ein del av vår kultur i 1000 år. Kultur og historie er viktig ballast å ta med seg.


                                                           Mannakorn.

Då dotter nummer 4 var 9 år hadde ho gått 8 år og 4 månadar på søndagsskule. Dette må det bli godtfolk av!

Ha ein fin søndag!

lørdag 3. september 2011

Jeg gikk en tur på stien..

.. og søkte skogen ro.

Etter at eg hadde vore 5 veker i Bulgaria var det godt å kome heim. Me hadde vore i lag med folk heile tida. Eg hadde tenåringar rundt meg med liv og røre. Då var det godt å kome heim til stille og ro.  Eg hadde mest gnagsår i øyrene, så fred og ro stod høgt på ynskjelista.

For å få heilt ro måtte eg på heia. Og denne helga var værgudane på mi side.  Eg vart avlevert på Torgålen av Anne. Me sat ute i sola, slappa av og såg sola gå med bak Hestafjellet, før Anne gjekk vidare. Så var eg åleine til søndagen då eg fekk kaffigjester. 

Heilt ro er det ikkje der heller. Det rek folk forbi. Det kom ein ung kar som skremde vettet av meg. Eg trur eg skremde vettet av han etterpå ;) Ellers såg eg folk på avstand og naut skogens ro.

Det er mest fullt i Hiimsvatnet ennå dei tappar det dei har lov til og vel så det.


P1010001
Mens eg gjekk ein tur på stien såg eg mykje fint. I og med at eg må sjå kor eg trør ser eg meir av både fauna og flora. På myra veks fine liljer, som denne.


 P1010002
Denne blomen er særs interessant. Den er kjøttetande. Eit  dårlig bilde.


 P1010004
Inkvan hadde vore før meg. Eg fann kun 5 molter på myra mi.


 P1010005
Ungane kalla dette gullbær når dei var små. Lett å forstå.


P1010006
Her "leikar" to sommarfuglar seg i sola.


P1010008
På Torgålen heng dette minnet etter far. Denne capsen kjøpte eg til far i Canada det året han blei 67  Det blei favorittcapsen hans. Siste gong han var på Torgålen hengde han den frå seg. Då visste han at han ikkje kom til å bruke den meir.


P1010009
Kantareller nok til ein god middag.

Eg gjekk småturar i nærområdet og hausta inn mat. Kantareller og bær. Eg laga meg  blåbærlappar. Det var vellykka. Eg åt blåbær i så store mengder at eg trur synet held denne vinteren og.

P1010010
                          Her ser de resultatet: ris, kantareller og steikt kjøt


       Det er viktig å følge fjellvettreglane når ein går i heia. Meld frå kor du går!


  P1010013
Og jammen fekk eg besøk.

Søndagen kom det innrykk. Eg og Kari blei sittande og lese i hytteboka frå når me var unge og ferierte på hytta. Me lo og kosa oss og fann ut at me hadde ein enkel humor.   Det gjekk mykje på floger. Dei pla å tyte fram påsketida når me varma opp hytta.

Mellom anna stod det, sitat Liv:  - Me ete møkje løye me, men me har suppe oppi for å gjøyme det!

fredag 2. september 2011

18 år og valgbar

Det er val om litt over ei veke. Mange har gjort opp ei meining, andre tvilar. Nokre vil velje frå sofakroken. Det er dei sistnemnde som klagar mest etterpå.  For nokon er årets val det første. Dei vert kalla førstegongsveljarer og er ettertrakta vilt.

Eg hugsa godt på eg var førstegongsveljar. Eg var 20 år og hadde lenge sett fram til denne verkeleg vaksne milepælen. Men trur de ikkje at same året fekk alle 18 åringar lov å stemme. Det var nedtur.

Den gongen kledde folk seg opp, og det vart flagga frå alle stenger. Eg kler meg framleis opp, for det er litt høgtid over dette. Eg nyttar min demokratiske rett og kan vere med å forme den nasjonen eg bur i. Vil de klaga, må de stemme!  Dei som ikkje nyttar stemmeretten sin, har mista sin klagerett. Så enkelt er det.

Så til dykk 18 åringar: Gå ut og krev din rett. Ta stemmesetelen med dykk og la din stemme bli høyrd.  Om de er usikre, gå i gata og snakk med politikarane, eller ta ein sving innom bloggen min fram mot valget.


 


 Ei slik urne har me på Sand. Om du vil, kan du kjøpe di eiga på Finn. no  for kr 2800,- så kan du la di stemme bli høyrt i heimen og.


 P1010145
Sjå til venstre: Slik ser ein førstegongsveljar ut. Her representert ved Valborg frå Sand. Ho er køyrbar også. Tenk å vere 18 år og ha ny stemmesetel og køyresetel. Stem like fint som du køyrer:)

Er du 15 år kan du også stemme. Då kan du stemme i kyrkjevalet. Det valet føregår same dag og same plass som kommune og fylkestingvalet.

Dagens kviss: Kva år fekk kvinner allmenn stemmerett ved kommuneval?

torsdag 1. september 2011

Blått lys for Suldal skattekontor

Eg har skrive eit par innlegg på bloggen min om det litla skattekontoret me har, som staten ikkje unner oss. Det meste av offentlege kontor blir nedlagt. Kvardagen vår bli veldig upraktisk når me må reise fleire timar for å ordne småting. Eg laga ei Facebookside der folk kan engasjere seg, eller rettare sagt  Wonderwoman hjalp til meg å lage facebooksida.


Til forsiden på Skatteetaten

Skatteetaten vil leggje ned alle kontor med færre enn fem tilsette. Dette er noko dei har fått lov å bestemme frå dei som verkeleg bestemmer: staten. Det er visst lenge sidan våre valde representantar ga opp desentralisering som arbeidsmal.

Tidlegar skulle det vere skattekontor i kvar kommune. Kor er de, politikarar?  Kva har de gjort, eller ikkje gjort sidan i vår då Suldalsposten skreiv om dette sist?

Dei tilsette har ikkje lov å uttale seg. Som alle statstilsette får dei taleforbod og korg kring munnen når det gjeld negativ, eller kristisk omtale av etaten.

Underdirektør Idsøe i skatt vest seier dei har lagt opp til lik behandling i heile landet. Men lik behandling blir ikkje automatisk likeverdig behandling.  Bonden på Jæren kan køyre til Stavanger og heim att innan eit par timar mellom fjostid. Bonden på Nes må stå opp i otta, bruke heile dagen, og i tillegg ha avløysar for å nå det same kontoret. Er dette lik behandling?

Her sit ein bonde og tastar eit av 5 valg for hjelp. Før han har fått kontakt har kontoret stengt.

Sidan me snart skal ut og stemme på dykk, kjære politikarar, så trur eg mange forventar litt action her.

Berre for å presisere; eg er ikkje sponsa av likningskontoret! Dei går tvert imot mine krav og ankar, og er dyre for meg.  Men likevel meiner eg me treng dei!

Dagens kviss: Kor mange er tilsett ved skattekontoret på Sand?