lørdag 16. april 2011

Påskepynt

Så blei det påskeferie i år også. Sidan påska var så sein i år, tenkte eg at eg hadde all verdas tid til førebuinga. Me har to bursdagar i heimen, nevøen har bursdag, og avkommet kjem veltande heim. Huset skal pyntast som seg hør og bør til påske. Det skal bakast og ikkje minst, handle inn som om butikkane la ned til påske. 

Men brått var dagen og timen komen. Påska innhenta meg, og eg var ikkje klar. Ikkje har eg gjort porten vid, eller døra høg, men eg trur me får det til sjølv om ting ikkje er heilt på G. 

I dag kom pynten fram. Øskja er henta ned frå loftet. Me mimrar og ler når me ser på dei skakke og rare påsketinga ungane har laga gjennom tidene.  Hønene mine har vagla seg på peishylla. Egga er fylte opp av allslags godteri. Så kjem påskeharen og legg dei under hovudputene til ungane ;) Her i huset trur til og med dotter nummer 1 på Påskeharen, så det er berre til å følgje det opp.

Når alt på plass, og eg har pusta på ei stønn, er eg klar for kviss på Heidrun. Det blir ei fin innleiing til påskehøgtida.  

DSC01609 
Diverse påskepynt laga av Liv og Liva.


DSC00014
Eg har pynta dotter mi til påske.


Ha ei fin helg!

fredag 15. april 2011

Hurra for Laura Seltveit

Hurra for Laura Seltveit. Ho er historisk. Like historisk som kong Sverre. Slik kongen tala Roma midt i mot, tala ho Jens Stoltenberg og regjeringa midt i mot. Hennar forslag om avstemming over EU sitt tredje postdirektiv fekk full utteljing.  Det var jammen  på tide at nokon brukte både vett og vetorett.

Me har godkjent EØS direktiver i bøtter og spann. Nå skjelv inkvan i buksa si for han må reise til EU og sei at me er imot. Me vil bestemme sjølv at me vil ha post i kassen kvar dag. Me vil bestemme sjølv at posttenestene skal koste det same om ein bur i Kautokeino, eller Majorstua.

Dette var noko tilnærma ei bomba på landsmøtet. Stoltenberg gjekk på eit stor nederlag. Han møtte sin overmann i Laura Seltveit.  På pressekonferansen etter årsmøtet prøvde han å halde på fasaden, men uttala omsett til norsk:  "Hadde eg byrja å overtale folk tidligare, hadde eg fått det slik eg ville." Men det fekk han ikkje, takka vere modige damer som Laura Seltveit. Hurra!


Sauda-ordfører Laura Seltveit leverer inn sitt veto-forslag. FOTO: ERLEND AAS/ SCANPIX

Denne dama "talte Roma midt i mot"  Her leverer ho vetoforslaget frå seg. (foto scanpix)


Slik må vers 2 av "Ja vi elsker" syngjast frå nå av :)


2. Dette landet Harald berget
med sin kjemperad,
dette landet Håkon verget
medens Øyvind kvad;
Olav på det landet malte
korset med sitt blod,
fra dets høye Laura talte
Brussel midt imot.


Jens Stoltenberg mener utfallet kunne blitt et annet hvis han hadde startet jobben med å overtale partiet tidligere. (FOTO: BERIT ROALD/ SCANPIX
Hadde eg bare begynt å mase på delegatene litt tidligere.....

Dagens kviss: Det var ein delegat til som tala denne saka på landsmøtet. Kven var det?

torsdag 14. april 2011

Sommardagen

I dag er det første sommardagen. Me går ei, vonaleg, lys og varm årstid i møte. Sommaren er tid for kos og avslapping. Av og til slappar me for godt av. Me gløymer å passe på avkommet vårt. Me trur at så snart det er ferie kan dei "hotta seg sjølve". Men det kan dei ikkje.

Sommarstid er tida då me finn ungane sanselaus i gata. Natteravnane finn kvart år rusa ungdommar, i mai og juni, då dei er på oppdrag.  Me bør ta inn over oss det som skjer i nabokommunane Vindafjord og Etne. Der har fleire ungdommar fått alvorlege skadar av å innta eit fluidum som etsar og stinkar. Trur me verkeleg at usynlige kommunegrenser heldt denne væska vekke frå trygge Suldal?

Eg fekk eit innlegg på bloggen min at det skal haldast kurs i Vindafjord for pårørande om rus, og at det var heile 3 påmelde! I Vindafjord har SLT- koordinatoren 150 namn på rødlista si.  Sjølv om dei har så mange unge i faresona, er det kun 3 foreldre som engasjerer seg. Det seier noko om oss som foreldre.

Kor mange namn det ville vore i Suldal veit me ikkje, for her er det få som bryr seg.  Rådmannen har lova SLT- koordinator stillinga utlyst i løpet av april.  Nå blir det kanskje heller mai før midlene er på plass. La oss håpe ho kan halda det ho lovar.

Mens me ventar på SLT koordinatoren må me gjere vårt for at ikkje Suldal får mange rødlistenamn. De som går turar med hundar og ser mykje-, De som bur nær festplassane-, de som ser ting de ikkje skulle ha sett-: gi beskjed til dei pårørande, eller andre som kan sei frå for dykk.

Det kan vere vanskeleg å sei frå. Mange foreldre tyr til "angrep som beste forsvar".   Det håpar eg de hever dykk over. De skal ikkje bry dykk om foreldra og deira trong til fine fasader. Dei er uviktige her. Det er ungane som er viktige. Det er kanskje berre du som ser det. Du er kanskje den einaste som kan gi dei ein sjangse til å komma vekk frå ein feil retning. Bruk den sjansen: bry deg!




Natteravner i Oslos gater
Natteravnane bryr seg



Dette skriv regjeringa om SLT:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/nouer/2008/nou-2008-15/6/2/7.html?id=527301

Natteravnane:
http://www.natteravnene.no/

Dagen kviss: Kva heiter SLT-koordinatoren for Vindafjord og Etne kommunar?

onsdag 13. april 2011

Heilt Cacas

Me forfløtta oss ut or kommunen i helga. Helga blei tilbrakt i Stavanger og på Ålgård. I Stavanger var me på dagtid, mens nettene blei tilbrakt på Ålgård. Takk til Heidi og Jan for at dei hadde rom i herberget.

Ungane var på kurs og eg var sjåfør og bud. Dotter nummer 2 og 4 likar å klyse med kaker. Dei styrer på og bakar og pyntar. Begge har bursdag i påskeferien dette året. Eg hadde sett at Cacas skulle arrangere kakepyntingskurs i Stavanger. Då blei presangen kakepyntekurs. Smart, ikkje sant?  Dei lagar kaker som eg får ete. Dermed får eg litt igjen på investeringa.

Dei gjekk på fire kurs, så nå kan dei det meste: Grunnleggende teknikkar, smørkrempynting, royal icing og Cupcakes. Og dei som trur dei veit korleis ein muffins skal  sjå ut, må tru om att.


Denne klovnen laga dotter nummer 4  Ho var den yngste på kurset


 Cupcakes må ikkje forveksles med ordinære muffins..


Dotter nummer 4 blei kalla eit naturtalent på kurset.


Imens ungane kursa seg, gjorde eg noko eg ikkje har gjort på 18 år; Eg var på ekte siddisloppemarked. I mitt forrige liv var eg fast inventar på loppemarknadane i byen, ikkje som loppe, men som kjøpar av lopper. Det kunne vere to til fire loppemarknadar på ein lordag. Guro og eg gjekk på dei fleste. Me pleidde ikkje avtale, men det var fast takst at me gjekk. På eit eller anna loppemarked traff me kvarandre og hadde kaffi saman mens me lo eller skrøytte over kjøpa våre.

Denne gongen gjekk eg også åleine. Eg valde Våland loppemarked. Det er musikkorpset som arrangerer. Våland skolemusikkorps er garva arrangørar med to marknadar om året.  Dei står med tausperring, og det er nedteljing før kjøperane slepp inn, presist på sekundet.

Det var som å gå inn ein tidskapsel: Eg traff dei same folka som gjekk der før. Litt meir hud, fylde og gråmelerte, ellers var alt som før.

Eg hadde den gildaste dagen på evigheter. Eg kikka,pruta, handla og prata.
Men sidan eg kom i godt raddel , enda eg opp med ei vare frå auksjonen som eg ikkje trudde eg hadde kjøpt.


Minikonsert mens me ventar på opninga.


 Folk strøymer til....


Auksjonarius har ein stor kjepp som han dunka inn tilslaga med

Dagens kviss: Kven arrangerer årviss loppemarknad på Sand?

tirsdag 12. april 2011

kvissoppdatering

Så er det klart for ny oppdatering:

1/4  under 50 prosent.                          rett svar: Anne
4/4  Rophaug                                       rettt svar: the librarian bitch
5/4   3                                                 rett svar: Han Innante
6/4  Janne B. Møgedal                          rett svar: Han Innanye
7/4  Nils I- Korsvoll                              rett svar: Han Innante
8/8  Håvard B. Øvregård                      rett svar: the librarian bitch

Stillinga er nå:


Han Innante:         8 poeng
the librarian bitch:  5 poeng
Anne:                   4 poeng
Anette:                 1 poeng

På fredag er det Heidrunkviss igjen. Så det er berre til å ta med seg hjernemassen og komme!

Fusjon, eller fisjon

Skal du gå gå møter og slit med å priortitere blant dei mange, og alle like viktige, eller uviktige, møta, så bør ein blinke seg ut møtet på Suldal kulturhus i kveld!

Tysdag 12.april er det møte om dei nye kommunegrensene. Bent Aslak Brandtzæg, Telemarksforskning, legg fram rapporten:" Utgreing av kommunestruktur i Ryfylke"

1957 var det 744 kommunar i Noreg. Schei- komiteen reduserte dette til  454 kommunar i 1967  Nokre av fusjonane blei fisjonerte. Så vart andre fusjonerte att. Nå har me  430 kommunar i landet vårt. Utsira er minst med 261 innbyggarar, og Oslo størst med ca 600 000 innbyggarar. Størst i areal er Kautokeino kommune. Minst er Kvitsøy og Utsira. Begge er på 6 km2

Ved sist kommunesamanslåing skjedde det mot folkets vilje. Styresmaktene tvinga viljen sin gjennom slik styresmakter alltid har gjort.  Nå skal me få rå sjølv, enn så lenge. Me veit ikkje kva som skjer etter stortingsvalet i 2013  Fleire meinar at grensene slik dei er nå står for fall. Me skal få velje kven me vil leike med, men me må leike med inkvan.

Derfor kan det vere slugt å koma dei i forkjøpet og sjå om me kan finne opp eit betre krut enn dei har. Kommunane i Ryfylke har bestemt seg for å sjå på saka og me skal vere med på det.

Dei folkevalde vil ta oss med på råd. Ein ny kommunestruktur vil få konsekvensar for dei fleste av oss. Det vil vere viktig å møte opp og sei si meining. Det er forseint i ettertid.



Oversiktskart Suldal

Her er me. Kor vil me?



Suldal kommune
Stor i utstrekning med masse krokar og krør



Dagens kviss: Kva meinar ordføraren i Hjelmeland om samanslåing?

mandag 11. april 2011

Korleis er psyka i dag?

God psyke er godt å ha. Det er ikkje sjølvsagt å ha det. Nokon har stålspsyke og går på smell etter smell utan å ta skade.  Andre att, er meir av persillesorten og får stadige knekkar. Slik er det. Det kallast Livet!

Me som er foreldre har borna i vår varetekt til dei kan ta vare på seg sjølv. I følge mor mi skjer det aldri. Eg hugsar godtat  bestemor på 99 år var bekymra for ungane sine.
Me skal ialle fall passe på dei slik at dei veks opp til å bli duglege mennesker som meistrar livet sitt og finn sin plass i fellesskapet.

For å klare det, er det viktig at me er på hogget. I dag får me sjangsen å utvida horisonten vår, og bli meir var for det som kan vere eit stort problem for ungdommane. I dag er det stormøte i Kulturhuset. Kommunalt FAU arrangerer felles møte om born og deira psykiske helse i kveld kl 19.15

På møtet tek dei opp positive og negative sider ved å gå på ein større ungdomsskule. Oppvekstsjefen skal presentere resultatet av ungdomsundersøkinga. Her blir det spanande å sjå om me er like Vindafjord, eller om me er i leikestova ennå.
Me får foredrag om Psykisk helse hjå barn og unge.
Me får informasjon om kombinasjonen psykisk helse og aktivitet/ kosthald.
Tilslutt kan me stille spørsmål til eit panel som består av: rådmann, helse. kultur, oppvekst foreldre og politikarar.

Eg trur dette kan vere eit interessant møte om du har tenåring i heimen, eller har ein tenåring in spe.


Psykiske lidelser blant barn og unge


Dagens kviss: Kva meiner lensmannen i Vindafjord er årsaka til at unge rusar seg?

søndag 10. april 2011

Lemming

Vinteren har vore lang, men heldigvis har alt ein ende. Nå er våren i kjømda. Snøen smeltar, det dryp frå tokene og blomane kikkar opp av jorda. Eit anna vårteikn er lamma som brækar rundt om kring. Påsketida, meir eller mindre, er tida for nye sauer på gardane. Lemminga startar, og med det ei travel tid for bøndene.

Det er travelt. Som regel går det i eitt.  Me hadde også sauer då eg vaks opp. Me hadde dei fram til eg var tenåring. Då gav far opp. Han vart vel lei av å sove lite. I den mest hektiske perioden sov far ute i sauehuset. Han låg i saue-eta. Det tykje han var betre enn å renne ut og inn heile nettene. Der låg han mjukt og varmt, og var vaken på sekundet om han trongs.

Korleis sauebøndene gjer nå, veit eg ikkje.  Men eitt veit eg, og det er at dei søv lite på desse tider. Lemminga kolliderar med årsmøtespringing, påskefeiring og konfirmasjonar. Mange trøtte avgjeringar er tekne i insomnia.

For oss ungane var det kjekt. Me fekk som regel nye kjæledeggar. Det var alltid nokre lam som mora anten ikkje ville ha, døydde frå, eller av annan grunn blei  "morlause."  Då var det for oss å overta. Me fekk ansvar for desse himalammå.

Eit år fekk eg ansvar for eit lam som ikkje kunne gå. Det skulle eigentleg ikkje leve, men eg ba for livet til lammet. Far smelta, og sa eg fekk prøve. Min Truls lærte etter mykje trening å gå. Han følgde etter meg kor eg gjekk.  Eg fekk behalda lammet. Me hadde mykje gildt den sommaren. Så, seinhaustes sa far at Truls var blitt så stor at han måtte opp til dei andre i heia.

Då hausten kom spurde eg far om han hadde funne Truls, men kva gong sa han "nei, ikkje ennå."  Han meinte at han hadde sett han på avstand. Han var stor og fin.

Tida gjekk. Åra gjekk. Truls kom ikkje heim. Far hadde som regel sett denne Truls stor og fin springa glad rundt i heia. Det slo eg meg til ro med.

Og har ingen slakta han, så spring han nok glad rundt om i heia endå.


Ganske nytt lam

Eg spela gjerne fotball med sauene i mangel av leikekameratar


Her har eg lammet Liti som var mitt. Sjekk Krameren i bakgrunnen. Verdas tøffaste traktor


Vårteikn

Slik kan det gå i ei verd som lærar ungane å tru på julenissen, og at dyra flyttar på landet for å kvile seg. Det gjekk eit halvt liv før inkvan av mine kjekke søsken  fortalde kor Truls vart av. Men, eg held på mitt. Han spring glad rundt i heia. 

Nå er det dykkar tur. Eg vil ha lamma- historier, anten de er born, eller bønder! :) 

lørdag 9. april 2011

Mens me ventar på bru

Ordet bru kan få adrenalinen  til himmels i til vanlig så sindige suldølar. Mange er i mot bru, mens nokon er for. Treffes desse folka blir det livat.

Av og til kan det bli vanskelig å halda tunga beint i munnen, for me kan vere for ei bru og mot ei anna.  Den brua ute i fjorden som ingen vil byggje, og ikkje har veg, er det mange som er mot. Det er kjekt med bruer. Me kan kommme oss raskt over ein fjord og sånt. Men det trengs trygge vegar å nå dei på.

Nå har det seg slik i Suldal at på detta Sand har dei veg,  men ikkje bru. Suldal kommune har klart det fylkeskommunen ikkje klarer; skaffe veg til brua. Langs Lågen på Fiskebergåsen ligg det ein fiks ferdig veg og ventar på brua si. Brua over Øvre- høse.

Inkvan har vore for dristige når det  gjaldt valg av bru. Kubisme e ikkje noko fylkesmannen likar. Suldal har venta på svar sidan februar. Fylket kan ikkje bestemme seg om dei vil  gå for denne brua. Dei haler det ut med å kommentere at det er mangelfull info om tilkomstveg.

Kva med brua ute i Hålet som fylket vedtok... utan tilkomstveg? Vidare vil fylket ha svar på allslags saker som ikkje var noko problem lenger ute i fjorden. Så kjem siste argumentet; denne brua er eit markert framanelement.

Kva søren er då den brua ute i Hålet? E ikkje det eit framandelement.?  Jo, i høgste grad.  Framandelement er også den nye Holmenkollen, eller kafeane inni Lysebotn. Kråkereiret som ser ut som om det skal detta i fjorden.  Alle inngrep i naturen er framandelement. Nokre av desse elementa vil me ha, andre ikkje.

Eiffeltårent i Paris va i høgste grad eit framandelement som skulle stå ei kort tid under
Verdsutstillinga der. Men jammen står det ennå. Før til ergrelse, nå til glede for tusenvis av turistar i året. Utan samanliikning forøvrig, trur eg at me kan lika,og vere stolte over ei kubistisk bru over Øvre. Høse. Og, så kan me nå den på ein veg!



Finnen Rintala har teikn denne brua   (foto SP)


Kafe som har  åvelta i lysefjorden
Øygardstølen, Lysefjord, tippar snar utover

Hamar Olympiahall Vikingskipet - for de store øyeblikk
Markert framandelement

Verda er full av  markerte framandelement. Dei vart alle diskutert på førehand, og ein del av dei att er nå ein landemerke og turistattraksjon.

fredag 8. april 2011

Garantert ikkje mållaust i helga

Til helga blir det mange røyster med felles mål på detta Sand. Noregs Mållag har årsmøte på Sand og 160 målfolk samlar seg her. Dette vil merkast. Folk frå heile det vidstrakte landet vårt, med sine dialektar, kjem til å setje sitt preg på Strandstaden. Dette er språkmedvitne folk, så eg tenkjer me får høyre mykje fint mål. Og alt det takka vere ein barnebokpioner frå Hylsstråndå.

Noregs Mållag plar ikkje ha årsmøta sine utanom allfarveg. Årsmøtet og leiinga tenkjer logistikk og då er ikkje Suldal førsteval, men Lølandstiftinga freista dei med draum og tullskap, og dei kunne ikkje stå i mot.

Lølandjubileumet går mot slutten. 24. mai er det 150 år sidan han var fødd. Då har me feira han i fleire år og festen er slutt. Men la oss håpe gror i fara etter han.

Denne helga mållaget har årsmøte sitt, er det framsyning av Belsnes sitt stykke : " Kvar vart det av jola?"  Det er også premiere på kort-animasjonsfilmen "Hunden og katten". Denne animasjonsfilmen er laga etter inspirasjon av Løland si forteljing med same namn.


Tre nynorskstatsrådar
Eit døme på nynorske statsrådar


Vassendgutane
Døme på nynorsk band


Målprisen 2008
Døme på nynorske komikarar


Døme på nynorsk krus. (Tekst: Det går mangt eit menneske og ser seg fritt i kring for Ivar Aasen si skuld.)


Ha ei fin og målrik helg!

Noregs Mållag:
http://www.nm.no/index.cfm

Lølandstiftinga:
http://www.nashornet.no/index.cfm?id=138469

Dagen kviss: Kven er leiar i Noregs Mållag?