Thormod Torfæus, ein gong var han den største historikaren, så drog inkvan gløymselens slør over minnet hans. Men heldigvis fins det eldsjeler i verda. Desse eldsjelene kunne heldigvis latin. Nå har dei oversett hans fire første Noregshistoriene, av åtte bind, til norsk.
Latin var ein gong "lingva franca." Seinare kom uvitenheita, og meinte at latin var ut. Dermed kunne kun få menneske lese Torfæus si noregshistorie. Nyare historikarar kunne ikkje lese hans verker. Dei måtte nøye seg med andrehandsskrifter. Og desse andrehandsskriftene har nedvurdert han. Sjølv om mange av dei ikkje hadde lese bøkene hans sjølv.
Thormod Torfæus, ein staut kar.
Thormod Torfæus var fødd på Island i 1636 Han døydde på Karmøy i 1719 Då var han 83 år. Han hadde eit eventyrleg liv. Han fekk god skulegong, og var godt kjend med den islandske sagalitteraturen. Han studerte i København der han tok ein glimrande teologieksamen i 1657
Torfæus var historieinteressert, og det i ei tid då eldre norsk historie var etterspurt. Alle kongar ville føre slekta si tilbake til heroiske røter.
Han fekk ein kremjobb av kong Frederik 3. Men hoffet intrigerte mot han. Då Torfæus sa til kongen at den store Saxo gramaticus hadde feil i si historiebok, sende kongen Torfæus til Noreg for å få han vekk. Han skulle bli "kammererer". Der kom han i konflikt med kongen sine byråkrater, då dei var mot hans effektivisering av eneveldet. Han sa opp.
Stangelandsgarden på Karmøy. Torfæus si stove i midten.
Så fekk ein superjobb. Han blei kongelig antikvar. Han var nygift, og lykka smilte til han. Då døydde Frederik 3. Sonen Kristian 5. sa han opp etter råd frå hoffet. Så vart Torfæus utan jobb. Han vart dømd til døden etter eit drap i nødverge. Men kongen, som hadde kjent Torfæus alltid, benåda han. Kongen klaga : I er så morderisk". Då svara Torfæus:" Jeg har alltid vært av det sinn heller å drepe, enn å la dem drepe meg."
Han vart tilsett, og oppsagt gjennom heile livet. Det var dei, til einkvar tid, rådane kongar som hyrte han. Var dei imot han, eller døydde, vart han utan jobb.
Historikarar som kom etter, har ikkje verdsett Torfæus. Etter 1770 kom nye tider. Gerhard Schønning gav ut Norigs historie. I føreordet rosar han Torfæus, men seier han eigentlig ikkje var historiker. Han hadde berre samla materiale om Noreg. Indirekte antydar han at Torfæus var unødvendig å lese. Og slik blei det.
Seinast i 1916 blir Torfæus vurdert ut frå si lisvførsel. Dei brukar personleg livsførsel for å vurdere hans kvalitet som forskar. Dr. philos Kålund konkluderte med at: Torfæus besøkte vertshus meir enn tilrådeleg, og hadde han vore kvinne ville han ha kome i ulykka. - Han trudde på astrologi, og teikn. Kven gjorde ikkje det i den tida då heksebåla varmde Danmark- Noreg både titt og ofte? - Han var tilbøyelig til å drikkke seg full. Finn ein mann på 1600- talet som ikkje gjorde det..
På 1900- talet var det få latinekspertar som kunne vurdere Torfæus, og dei få som kunne, gjorde det ikkje. Dei torde ikkje utfordre dei rådane ekspertane. Det akademiske fagmiljøet godtok at Torfæus blei tatt vekk frå historiearenaen. Ein katastrofe, spør du meg.
Ingen er ufeilbar. Kvar nye generasjon bør gå til originalkildene og gå grundig gjennom dei. Så lenge ein gir seg for den rådande teori, går vitenskapen veldig seint framover.
Så, hurra for dei som no har sett i gong med det enorme arbeidet med å oversette 8 bind noregshistorie. Slik at me kan lese med sjølsyn, og vurdere det som står. Då kan me "Tænke sjæl!"
Torfæus blei utsett for misunnelse, og andre sine spisse oldbogar blei hans skjebne. Det som Helene Uri har skrive om i ein av romanane sin: " De beste blant oss." Der skriv ho om korleis folk i høgtståande stillingar utnyttar sine posisjonar. Ho sa opp stillinga si ved universitetet i Oslo på grunn av det. Så det skjer framleis på universiteta.
Dagens kviss: Kva heitte konene hans?