mandag 22. august 2011

Klimaflyktning

De som har lese bloggen min på det jamna har vel merka at eg har tatt vel lang sommarferie. Eg får sei som ungane: det bare blei sånn!

Eg tenkte i mitt stille sinn at me skulle få ein knakandes fin sommar etter den lange og kalde vinteren me hadde. Det hadde me jo fortent. Men været er ingenting me kan fortene. Så det vart ein heller kald og våt sommar. La oss håpe at me ikkje fekk sommar som fortent...

Eg har lidd under kulda og det våte været. Stiv og støl som eit gammalt skinn. Eg fyrte i omnen kvar dag og låg med sokkar om natta. Likevel vart straumrekninga for juni på heile 4100.- kroner. Like mykje som om vinteren.


Fra "landstedet"

Då vart det til at eg gjorde motsett av fuglane. Eg for til Syden. Planen var å vere to veker, men værmeldingane frå nord gjorde sitt til at eg enda opp som klimaflykning i Bulgaria. Eg vart verande i fem veker. Eg steka meg i 30 til 35 grader. Lange late dagar ved bassengkanten og i bassenget gjorde underverk. Plutselig passa skinnet til kroppen. Eg vart mjuk og rørig og, til stor lykke, utan smerter.

Så kom Anne G S med smektande sms`ar og lokka meg heim med 26 grader og sol. Vel heimkomen for både sola og varmen. Og eg har frose sidan eg kom inn døra. Nå ligg eg med sokkar att. Kufta er på, og eg kranglar med meg sjølv om eg skal fyre i omnen att. Eg har sett røyk or nokre piper, så eg er ikkje åleine om tanken.


Regndråper på et vindu (Foto: Aas, Erlend/Scanpix)
Sommar?

Ennå har eg energi til å vere i farten heile dagen. Ennå er eg utan verk i kroppen og utan kulde i marg og bein. Takk og lov at det går an å vere klimaflykning.

Eg gruar litt til skinnet krympar og blir for trong  til kroppen. Eg gruar for kulden og smerter, men du så kjekt det er å komme heim.

Nå spørs det om de er klar for kviss att?  Kva klokkeslett er ønska?

På grunn av alvorlege tekniske problem blir det snautt med bilder til teksten i dag og kanskje framover....  Det er visst  ikkje berre eg som har tatt lang ferie. Dataen har visst tatt kvelden, med alle bildene mine. Eg la dei inn på maskinen, og skulle ta kopi ein annan dag....



tirsdag 2. august 2011

Dum som ei ku?

Den som meinar det, må ete i seg orda. Kua er slettes ikkje dum. Det har ein irsk bonde erfart. At kyr er nautne er berre ei uheldig språkblanding.  Naut betyr først og fremst storfe, så har det fått ei vidare tyding som stemplar folk med særs begrensa mentale evner. Det er på lik line med omgrepet "er du døv", som spelgar at ein er dum.
Så feil kan ein ta...

     


 Ei ku er ikkje berre ei ku.

Den irske bonden trur ikkje lenger at kyr er nautne.  Han hadde irritert seg i lang tid over ungar som slapp dyra ut or båsen.  Han vart så irritert over desse rampestrekane at han sette opp videokamera for å overvåke fjoset.

Han vart lang i fjeset når han fann ut at det var hans eige naut som opna låsen. Låsen som er heilt korrekt i henhold til forskriftene.  Sjå videoen i lenka nede på sida.

Kven var det som snakka om dumme kyr?

Frittgåande kyr


Kunstfe



Nå kan kyr til og med produsere morsmelk. Argentinske forskarar har ala fram ei genmanipulert ku som gir morsmjølk istaden for ku-mjølk!  Rosita ISI har fått innsett to menneskegener, og produserer mjølk med proteinet Laktoferrin og enzymet Lysizym. 
Bon Appetit!

Studer den teknikken som utbrytarkongen har:
http://www.nationen.no/2011/06/16/landbruk/ku/irland/6702998/

fredag 1. juli 2011

Sveti Vlas, Bulgaria

Nå har eg logga meg av nettet og reist til sydlegare breddegrader. Eg har reist på landstedet i Bulgaria. Staden der halve Suldal, Vindafjord og Haugalandet ferierer. Nå ventar 14 dagar med late dagar og varme strender.

I fjor var det hetebølge når me var der. Det kan godt vere mildare dette året, men me tek all sol og varme som bonus. Bulgararane var ikkje så opptekne av temperaturen som me nordmenn var. Når me spurte kor varmt det var, sa dei " maybe 30" Når me protesterte, sa dei " ok, maybe 40!"  Så dette året har eg pakka gradestokken i kofferten.


 P1010023
                                      Det litle bassenget med barnebasseng.

 P1010034
    Soverommet har utgang terrasse. På terrassen har eg kveldsol. Det er nydeleg å sitje der og sjå sola gli ned bak åsane. Einaste minuset var at det var i varmaste laget i fjor. Men vil me til syden må me ta varmen  også.

 P1010071 
                             Det store bassenget. I bakgrunnen ser de Svartehavet.

P1010097 
                       Kjøkkenkroken. Stova, kjøkken og gangen er i eit rom.

P1010108
 Gata vår. Min leilighet der utelyset er påskrudd. Når eg sit på denne terrassen, ser eg over til øya og den gamle byen Nessebar. Nessebar står på Unescos verdsarvliste.  Kvar dag kjem det store cruisebåtar og legg til der ute.


P1010095
                                                          Fint flislagt bad.

P1010075
                                               Restaurant ute og inne

 P1010092
Stova har 3 liggjeplassar. Sofaen og stolane blir gjort om til senger. Her huserte dotter nummer 3 i fjor.

Då er de oppdaterte på mine ferieplanar. Nå kan de fortelje meg og bloggleserane kor de skal feriere...
Så må de komma dykk av nettet, og ut i naturen. Ser dykk over ferien. Kva tid nå det blir.....

Happy hollyday!

torsdag 30. juni 2011

Noreg vart samla til eit rike

Store deler av Noreg vart samla til eit rike under Harald Hårfagre i ca 872 - 900
Så blei resten samla på 1200- talet.  Etter det, gjekk det opp og ned og bortover for oss nordmenn.
I 1905 fekk me vårt eige rike, men me delte oss på målstreken. Knudsen og Aasen fekk oss til å krangle i 100 år.

Så kom NRK. Dei klarte det ingen før hadde klart; samla nasjonen. Folk samla seg i dei stovene det var tv. Alle sat musestille og såg på klokka som tikka, eller meir spanande, pausefiskane i akvariet.

The Forsytes

Nordmenn samla seg om Forsytesagaen, Astonfamilien, Onedin- line, Kruttrøyk etc etc.  Så fekk folk tv i alle stover og dei haldt seg heime. Men alle hadde dei den samme referansebakgrunn. Dei sat heime og såg Dallas, Dynastiet, barnetv og Cosbyfamilien.
Neste dag var dette det store samtaleemnet. Me tala same språket og alle fekk likt tilbod.

Så kom kanalvala. Folk blei forvirra for dei som kun hadde NRK skjøna ikkje kva folk snakka om. Det blei forskjell på folk.

Me har vore forskjellige og hatt forskjellige referansepunkt i mange år. Men så skjedde det: NKR klarte å samla Noreg til eit land.  Me reiste med Hurtigruta. Verdas lengste program.
Fem og eit halvt døger. I 135 timar gjekk denne seilasen direkte. Kvar 3 nordmann følgde programmet. NRK gjekk frå ein marknadsandel på 4 %  til 36 %


Har du sett denne seilasen er du i godt lag. Omlag 3 millionar nordmenn såg den.  Det visar seg også at "heile verda" har følgt hurtigruta. Til og med Bhutan, det siste landet i verda som fekk tv og internett har vist programmet på nett- tv.

I byrjinga såg dette ut til å bli eit vanleg program. Ingen hadde venta dette resultatet. Til lenger nord båten kom, til meir fest og show vart det. Det blei eit kultprogram utan like. Etter 5 dagar sa folk til kvarandre: "kva skal me nå gjere?"

Noreg var atter samla til eit land. Alle samtalar dreia seg om reisa. Me tala atter same språk og hadde same referansebakgrunn.
Heia NRK!



Alle stadar den la til var det fest. Folk gjekk mann av huse og viste kva dei hadde å by på. Me fekk sjå det meste; musikkorps, song, kor, dans og masse sprell. Til og med Elvis left the building i kvit limousine. Me fekk sjå frieri og helsingar til slekt og venner.


Willy montasje (Foto: Marianne Langøy/leserbilde/NRK)
" Finn Willy" dukka opp tre stadar. Fann du Willy?



Hurtigruta slapp å seile åleine. Ho fekk lag overalt av båtar og kanoar.




Nyholm skandse i Bodø salutterte.


På veg inn Trollfjorden.

For de som ikkje fekk  sjå denne reisa kan eg opplyse om at Hurtigruta alltid filmer. Då mor og co reiste med hurtigruta følgde eg reisa deira på hurtigruta sine sider. Her kan de sjå korleis det ser ut: 

Her kan de lesa om seilasen:
http://nrk.no/kultur-og-underholdning/1.7685999

onsdag 29. juni 2011

Kvifor så annige?

Staten er annige. Ofte for anninge. Ofte så annige at dei må snu og ete kamelar.

Det siste anninge staten tek i ferde med, er nedlegging av skattekontora rundt i landet.
Dei byrja då dei delte landet i  fem skatteregionar. Deretter byrja det å rulle: 1 juni  2010 hadde me 259 skattekontor. I desember same år blei 121 nedlagt.

1. juni 2011 blei med øyeblikkelig virkning 48 kontor nedlagt.  På resten av kontora ventar dei tilsette i spaning om dei har jobb til hausten.

Dei siste nedlagdet kontora fekk melding 23. mai at døra var låst 1. juni.  Kvifor denne hasta?
Du får nå åtte valg. Følg med, ellers må du ringe opp att og stille i ny kø.

Regjeringa si sniksentralisering gjer det stadig verre for distrikta.
Skatteetaten seier det blir meir like tilbod når alle brukar telefonen for å få hjelp. ??

Me veit at staten spinkar og sparar der dei kan, utan at det hjelper eit øre. Sjå korleis det gjekk i då forsvarsministeren flytta Jåttå hovedkvarteret. I den pakken var nedlegging av Harald Hårfagre (Madlaleiren) innkalkulert. Men inkvan forrekna seg då NATO hadde avtale med forsvaret om bruk av leiren. Så nå er hovudkvarteret vårt flytta, mens Madlaleiren består. Null sparte kroner.

Me veit at det hjelper å bry seg.
Eg synes me skal slå ring rundt skattekontoret vårt. Det kan svi i lommeboka vårt når me skal diskutere frådrag med ein telefonmaskin som gir oss fleire tastevalg, men ikke medhald...

Ååh, nå har eg gløymt kva tal eg skulle velje.

I dag går den siste kvissen på denne sida av ferien. Nå tar eg snart ferie og logger av.  Det bør de og gjere snart....

Dagens kviss: Kven tek som regel telefonen på skattekontoret på Sand?

tirsdag 28. juni 2011

Hurra for Thormod Torfæus

Thormod Torfæus, ein gong var han den største historikaren, så drog inkvan gløymselens slør over minnet hans. Men heldigvis fins det eldsjeler i verda. Desse eldsjelene kunne heldigvis latin. Nå har dei oversett hans fire første Noregshistoriene, av åtte bind, til norsk.

Latin var ein gong "lingva franca."  Seinare kom uvitenheita, og meinte at latin var ut. Dermed kunne kun få menneske lese Torfæus si noregshistorie. Nyare historikarar kunne ikkje lese hans verker. Dei måtte nøye seg med andrehandsskrifter. Og desse andrehandsskriftene har nedvurdert han. Sjølv om mange av dei ikkje hadde lese bøkene hans sjølv.

Thormod Torfæus, ein staut kar.

Thormod Torfæus var fødd på Island i 1636   Han døydde på Karmøy i 1719  Då var han 83 år. Han hadde eit eventyrleg liv. Han fekk god skulegong, og var godt kjend med den islandske sagalitteraturen. Han studerte i København der han tok ein glimrande teologieksamen i 1657

Torfæus var historieinteressert, og det i ei tid då eldre norsk historie var etterspurt. Alle kongar ville føre slekta si tilbake til heroiske røter.

Han fekk ein kremjobb av kong Frederik 3. Men hoffet intrigerte mot han. Då Torfæus sa til kongen at den store Saxo gramaticus hadde feil i si historiebok, sende kongen Torfæus til Noreg for å få han vekk.  Han skulle bli "kammererer".  Der kom han i konflikt med kongen sine byråkrater, då dei var mot hans effektivisering av eneveldet. Han sa opp.

Stangelandsgarden på Karmøy. Torfæus si stove i midten.

Så fekk ein superjobb. Han blei kongelig antikvar. Han var nygift, og lykka smilte til han. Då døydde Frederik 3.  Sonen Kristian 5. sa han opp etter råd frå hoffet. Så vart Torfæus utan jobb. Han vart dømd til døden etter eit drap i nødverge. Men kongen, som hadde kjent Torfæus alltid, benåda han.  Kongen klaga : I er så morderisk".  Då svara Torfæus:" Jeg har alltid vært av det sinn heller å drepe, enn å la dem  drepe meg."

Han vart tilsett, og oppsagt gjennom heile livet. Det var dei, til einkvar tid, rådane kongar  som hyrte han. Var dei imot han, eller døydde, vart han utan jobb.

Historikarar som kom etter, har ikkje verdsett Torfæus. Etter 1770 kom nye tider. Gerhard Schønning gav ut Norigs historie. I føreordet rosar han Torfæus, men seier han eigentlig ikkje var historiker. Han hadde berre samla  materiale om Noreg.  Indirekte antydar han at Torfæus var unødvendig å lese. Og slik blei det.

Seinast i 1916 blir Torfæus vurdert ut frå si lisvførsel. Dei brukar personleg livsførsel for å vurdere hans kvalitet som forskar. Dr. philos Kålund konkluderte med at: Torfæus besøkte vertshus meir enn tilrådeleg, og hadde  han vore kvinne ville han ha kome i ulykka. - Han trudde på astrologi, og teikn. Kven gjorde ikkje det i den tida då heksebåla varmde Danmark- Noreg både titt og ofte?  - Han var tilbøyelig til å drikkke seg full. Finn ein mann på 1600- talet som ikkje gjorde det..


På 1900- talet var det få  latinekspertar som kunne vurdere Torfæus, og dei  få som kunne, gjorde det ikkje. Dei torde ikkje utfordre dei rådane ekspertane. Det akademiske fagmiljøet godtok at Torfæus blei tatt vekk frå  historiearenaen.  Ein katastrofe, spør du meg.

Norges historie: bind 1

Ingen er ufeilbar. Kvar nye generasjon bør gå til originalkildene og gå grundig gjennom dei. Så lenge ein gir seg for den rådande teori, går vitenskapen veldig seint framover.

Så, hurra for dei som no har sett i gong med det enorme arbeidet med å oversette 8 bind noregshistorie. Slik at me kan lese med sjølsyn, og vurdere det som står. Då kan me "Tænke sjæl!"

Torfæus blei utsett for misunnelse, og andre sine spisse oldbogar blei hans skjebne. Det som Helene Uri har skrive om i ein av romanane sin: " De beste blant oss."   Der skriv ho om korleis folk i  høgtståande stillingar utnyttar sine posisjonar. Ho sa opp stillinga si ved universitetet i Oslo på grunn av det.  Så det skjer framleis på universiteta.


Dagens kviss: Kva heitte konene hans?

mandag 27. juni 2011

Kor mykje bly må til for å få ein ny blyant?

Eg er litt hekta på NPM. Det som heiter New Public Management på fint. Og fint er det. Det er like fint som Keisarens nye klær. I dag kjem historia frå Trondheim.



Tor G. Syvertsen, Professor i konstruksjonsmekanikk

Professor Tor G. Syvertsen er tilsett ved NTNU . Han ser ei klar endring frå 1996  No har NTNU studenta for å tene pengar på dei, ikkje for å gi dei ei skikkeleg utdanning,seier han.

Byråkratiet har tatt overhand, med mange tungvinte ordningar som er frustrerande. For å vise kor tungvint det kan bli, brukar han eksempelet med blyanten. Før kunne han gå i Studentsamskipnaden sin bokhandel når han trong ein blyant, og be om at den vart skriven på instituttet. Så fekk instituttet rekninga og betalte den. Enkelt og greit.

Nå må han spørje ein konsulent om å skaffe den. Då må konsulenten leite for å finne ut kva for ein av NTNU sin leverandør som fører den billigaste blyanten. Så bestiller han den, og den kjem til NTNU ved neste samlelevering om ca tre veker!


Profilbilde
Prorektor for forskning Kari Melby

Som forsvar seier Protektor for forskning, Kari Melby; - at sektoren er underlagt mål- og resultatstyring, styrt av kunnskapsdepartementet. Deler av bevilgninga er knytta til resultater. Det er ikkje spesielt for oss. Det ligg i  systemet."  Dette systemet kallast NPM. "Me må levere kvantitet". Ho seier likevel at det som er viktig for studentane, er kvalitet.

Studentane skal no gjennom studia til normert tid. Kva lærer dei når veilederane brukar tida på å søke om blyantar, lysrøyr og minnepinnar? Er koplinga budsjett og pengeflyt viktigare enn å gi studentane ein skikkeleg utdanning?

Systemet som Melby visar til er NPM. Ei organisasjonsform som driv kostnadseffektivt. Staten nektar for at dei driv AS Noreg etter dette systemet. Jens Stoltenberg uttala i 2008 at han ikkje kjende til NMP.  No seier universiteta at dei må følge opp NPM, pålagd dei av kunnskapsdepartementet!!


Dagen kviss: Kva står NTNU for?

søndag 26. juni 2011

Nordklang

På søndag då alle var heima og slappa av, gjekk eg på konsert på Kulturhuset. Eg veit at alle slappa av heima, for eg var mest åleine på konserten. Det var til og med ein gratiskonsert.

Eg trur folk flest var skremd av at det var Arne Nordheim sin musikk som skulle framførast. Dei er vel ikkje heilt der ennå. Det kan eg forstå. Eg var ikkje heilt der eg heller, men når det er gratis har eg råd til å prøve ut nye sjangrar. Og eg må sei det var ein opplevelse. Eg er glad eg gjekk.

På programmet stod verk for trombone, lur, slagverk og klangrik elektronikk.  Me fekk høyre både norsk- og asiatiskinspirert musikk. Det var verkeleg ein opplevelse, noko eg aldri hadde trudd. 

Når eg har høyrt Nordheim sin musikk på tv eller radio, har eg raskt skifta kanal. Men det viser seg at dette er musikk som må opplevast "Live."  På Sand denne kvelden, fekk me ein interessant opplevelse med veldig gode musikarar og måkeskrik-akkompanement.


Arne Nordheim
Arne Nordheim på leit etter lyden

Arne Nordheim gav dei tradisjonelle instrumenta ein ny klang. Han tok i bruk elektronikk på magnetband. Ei tid jobba han berre med det. Han blanda elektronikk og tradisjonelle instrument.  Frank Zappa var inspirert av Arne Nordheim. Fleire eksperimentelle unge musikarar er overraska over kor moderne han var, alt på 60- talet.

Eg må sei at når dei framførte "The return of the Snark," fælte eg. Eg blei jammen meg fysisk kvalmen av lydane, og eg såg han!  Eg såg han før meg den han duppa på overflata. Tenk på det neste gong...





Her sit publikummet!  Mannen i svart dress er musikaren Odd Børge Sagland.  Øvst i bilete sit lydmannen. Vår eigen Øyvind Sand, karakterisert som den beste lydmannen desse karane hadde hatt. Den attesten bør han skaffe seg skriftleg prov på, for dette var proffe karar som visste kva dei snakka om.



Her er paukisten Sagland i sving med allslags løgne instrumenter, mykje asiatisk.  Skogsdjevelen, tysk instument, var ny for meg. Han var fasinerandes.



Me får høyre forskjellige anekdotar om Nordheim og hans musikk.  Mellom anna blei det fortald om ein  rein klang dei ikkje kunne gjenkjenne. "Jo," sa Nordheim. "Eg hadde eit prosjekt med flygel. Så eg heiv pingpong- ballar oppi flygelet og spela mens eg tok det opp på band!"

Trombonisten,Gaute Vikdal, framfører Bjølle`e`fjelle` for lur og elektronikk.

For dei som lurer på kva me høyrde, var det: Bjølle`e`fjelle`- for lur og elektronikk, Response- for slagverk og elektronikk, The return of the Snark- for trombone og elektronikk, og Nordklang- for slagverk og elektronikk.

For interesserte:

lørdag 25. juni 2011

Draumen om å bade i silopresset...

I ei avis såg eg bilete av ein silopressduk.  Det sette "mine små grå" i gong med mimring. Eg minnest, å eg minnest....




I eit slikt basseng har eg bada, på toppen av siloen vår. Slik lærte eg å ta dei første famlande symjetaka. Og slik blei eg hekta på symjebasseng.  Far lova å spa silopresset ned i hagen mellom huset og folgehuset. Då skulle me få flott basseng i hagen. 

Eg venta og voks...  Kvart år sa far: "neste år." Tilslutt innsåg eg at de ikkje blei hagebasseng på meg. Men draumen forsvann aldri.

I alle år som vaksen har eg hatt basseng i hagen, både store og små. Nå har eg eit halvstort som me kan ta to symjetak i. Snart blir det vel sommar og finver. Då er ungane klar til å sette det opp.




Silopressen holder seg oppreist pga. den innsveisede flytekanten

Flott basseng. Dette står av seg sjølv.  Nå er det helst balling bøndene driv med, så kanskje det er mogligheit for billige, fint brukte, silopress. Det ligg sikkert mange slike og sleng om ikkje mysene har ete hol i dei,

Slik vart silopresset sett opp. Tenk deg det raude er siloen, og det grøne er siloforet.



I mangel av basseng går det også fint med bøtte. Her har dotter nummer 1 leika i ku-skiten og treng å fjelga seg litt.


Bittesmå basseng går også godt. På bilete kan me skimta 3 stk Karen`ar.


Dotter nummer 2 har stavra seg bort og er klar til bading.



Nå har eg del i to basseng på landstedet.  Så draumen er delvis oppfylt.

Er det andre som har silopressbade-erfaringar? 

Hageliv

Hageliv i farne tider. Når onkel Løland voks opp hadde dei søndags-siestaen sin nede ved Pøttaberget.  Dei skulle helst ikkje sitje å gjere ingenting i dei dagar. Men som vaksen i den nyare tid, likte han godt hageliv.

Sjå denne rosa. Det er min favoritt. Ho veks i min hage og eg er stolt over den. Men i år har sniglane funne den. Dei har ikje rørt den før, så det er rart at den er teken nå når det er så få sniglar.

Bind deg ein blomekrans, kom no til leik og dans.. Eg og Kirsten har botte kvar vår krans i Tante Anny og onkel Tor sin hage.

Hageliv i Prestaåsen.  Pause i kroketturneringa.

                                                          fine blomar



Pollinering på gong

Sjekk dette kreker her. Hadde gløymt å stille makroen på , så den er noko uklar. Det er ein Tege.

Her er den litt tydeligare.  På søndag sag eg ein heilt lysegrøne og.

Utedo i hagen kan vere kjekt å ha, spesielt når det er ein parasoll som gir skygge i sol, og ly i regn.