mandag 29. november 2010

Laksen og Lågen



Eg trur eg kan sei at den mest kjende staden i Suldal er Skoti på Hiim. Men det er under vatn. Der Lågen slynger seg nedover frå Juvet ligg Skoti. Der held Team Skoti til.

Dei som les VG nett avis har sikkert sett " Laksen Live". Der kan me sjå laksen i Lågen. Fleire kamera følger laksen. De er fastmontert, men kan fjernstyres via pc av eigaren.
Dette er nokså unikt og stadig fleire får augene opp for dette. Folk over heile verda kan sitje og sjå på auren og laksen si ferd i Lågen, mens det skjer.   Sida har passert 1 mill besøkjande. Dei fleste er utenlandske.  Nå har det vore mykje aktivitet på sidene då gytinga er i gong. Her er det mykje spanande å sjå for dei som er interesserte.

Danskane har nettopp skrevet om det i politiken nett  www.politiken.dk  baksiden, innslag 25 nov. Dei er helst misunnelige på oss.

I stykket sitt lurte dei på korlesi nokon hadde komme på noko så genialt. Det som er det beste med dette er at det er ikkje klekka ut av ein etat som er lønna for å komma på  smarte ting. Det er ei eldsjel som står bak. Agnar Berge, som har slekt i Suldal, har fiska her i alle år. Dei siste åra har han leigt fiske på Hiim hjå  Magnus og Olav Magne Hiim. Der fekk han lov til å gjennomføre draumen sin; live kamera i Lågen.

Dagens kviss: Eit kamera står over vatn. Kor peikar det mot?

10 kommentarer:

  1. E kje det eit oversiktskamera over Skoti, eller Skotihølen?

    SvarSlett
  2. Då har me ein vinnar via mobil.Hadde vore kjekt om fleire la svara sine inn på bloggen min, så ikkje folk trur eg finne på svara sjølv ;)
    Svaret er Sahara. Vinnaren er Tord. Gratulerer

    SvarSlett
  3. Du må kje kåra vinnaren så tidligt Liv - me andre e kje komt oss innpå dattan og fått sett kvissane dine!! Derfor vinne Tord kvar dag!!! ;)

    SvarSlett
  4. liva har og klaga. ho kjem heim klokka 3
    Tord har funne ut at eg legg sida ut klokka 9 og då er han klar.
    så eg får oppfordra dykk til å kikka innom då, eller så må eg legge den ut tidligare, slik at folk får sjå før dei går på skule/jobb.

    Korleis er stemninga for det?

    SvarSlett
  5. Enda tidlegare?? Ka med enda seinare???
    Stønn, e kje alltid eg e oppe når tøttå går på skulen.. Elles får du døypa om til Tord`s quiz!

    SvarSlett
  6. Hehe, stadig fleire klagar på det. Men han har konkurranseinnstinktet i orden.Eg likar veldig godt at svaret tikkar inn 10 min etter at kvissen er lagt ut. i morgon er det eit meir utfordrande spørsmål, som er meir i di gata:)

    SvarSlett
  7. de e feikt! eg e på skulen nå du legge de ut åå eg kan mången av svaro! :(

    SvarSlett
  8. Eg kan legge ut bloggen klokka 8 sidan det er så mange protester på klokkeslettet.

    Men du vett det Lutten det er alltid første mann til mølla -- ;)

    SvarSlett
  9. Nå har eg endra tiden for kviss-sleppet til klokka 07.30

    SvarSlett