onsdag 24. november 2010

Teknisk innsikt:)

For oss midt i livet som hadde sveivegrammafon på hytta, høyrde på Radio Luxenburg og tok opp musikk på kassettar er ikkje den nye virtuelle verda så lett å forstå. Det skal synkroniserast, formaterast og kommuniserast.

Det å bruke tekstbehandling og sende e-postar kan vere ei utfordring. For ikkje å snakke om å starte blogging.  Det høyres greit ut...  men hjelpe å trøste for ei innsikt ein må ha. Innlegga kjem ikkje ut når dei skal... koss kunne eg vita at bloggen min stod på stillehavstid.
Ingen svarer på innlegga... koss kunne eg vita at eg bloggen var stengd for kommentarar.
Eg trudde ikkje bloggtjenesta tenkte at nåken ville ha ein blogg heilt for seg sjølv.

Ungane mine har ikkje hatt så stor tru på meg og min inntreden i  verdensveven. Dei veit koss eg slit med noko så enkelt som å ta bilder. Eg har ein  tendens til å trykke på feil knappar og får ikkje til å trykke det vekk. Under får de eit døme på mine evner. Eg skulle ta dokumentera at  Suldal el-verk hadde herpa kaffikjelen vår under anleggsperioden deira i Vikane ( Sahara)
La videosnutten tale for seg sjølv:


Dagens kviss: Kvifor dreiv Suldal el-verk med anleggsarbeid i Vikane (Sahara)?

6 kommentarer:

  1. Ha ha gullfine , Liv !!!!
    Syns du er kjempeflinke !!!

    SvarSlett
  2. hehe, då tenker eg nok at du ikkje siktar til mine fotografiske evner ;) Men tar i mot alle takk ;)

    SvarSlett
  3. Eg synes du e goe eg Liv! "learning by doing" hette det vel. Eg tåre ikkje prøva eingong:)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch24. november 2010 kl. 20:40

    Så var det løysing på kvissen då! Anleggsarbeidet t everket? Meinar du den jobben dei måtte gjera etterpå? Det var nåke med sandbanke/elvegrusmasse som hadde forflytta seg etter at everket hadde "herja" tidlegare .... eller er eg heilt på jordet nå?

    SvarSlett
  5. Du e på rett sandbanke du e god :)

    SvarSlett
  6. hei anonym. Hadde d nå bare vore "learning by doing", så var det ein ting. Men dette gjentar seg litt for ofte. :P

    SvarSlett