fredag 26. november 2010

mor mi

Dette er mor mi.  Ho er frå sand, fødd på folkehøgskulen. Bestefar var lærar på Ryfylke folkehøgskule. Bestefar kom frå Bråtveit og bestemor frå Fattnes. Dei var innflyttarar til Sand  i den tida måtte ein vere tredjegenerasjon sandbu for å vere innfødd. Mor er eldst av fire sysken. Det er kun dei to eldste som ennå lever.

Mor var au pair lenge før ordet var oppfunne. Sandsjenter fekk ofte komma utanlands via kjende som fiska i Lågen.  Mor kom til ein liten stad i East Anglia. Der var ho i halvanna år. Ho kom heim og fekk jobb på trygdekassen. Sjefen  var Gunnar Lunde og han styrte alle penge- kassane i Sand kommune.  Så vart ho gift til Hiim og fekk etterkvart 4 ungar.

Her ser de henne i buå framfor bilete av  dei som budde på Hiim før henne. 

Mor og far var veldig sosiale og hadde ein open heim. Folk kom og gjekk heile tida. Frokostbordet på Hiim står dekka i mange timar mest som på hotell. Slekt og venner kom og slo seg til for lengre eller kortare periodar om somrane. For oss ungar var det kjekt med liv og røre. Det var rart om det berre var oss sjølv rundt middagsbordet.
For mor har det nok vore meir slitsomt enn me trudde . Ho måtte opp først og sist i seng for å stelle for alle i tillegg til å arbeide på garden, men ho let oss aldri merke det.

No er ho 83 år og fremdeles like sosial. Ho har fremdeles kontrollen på slektsforhold. Det var av mor og far eg lærte å like slektsgransking. Når folk sat i godt lag rundt kjøkkenbordet og fortalde soger, vart det før eller seinare alltid ein diskusjon om slektskap. Då fekk mor alltid siste ordet. 

Den beste evna ho har er at ho aldri  snakkar stygt om folk. Der har ho vore ein god rollemodell, sjølv om me  ungar aldri klarte å leve opp til det. 
Ei god mor er godt å ha.

Dagen kviss: Kva heiter den noverande bonden på Hiim?

3 kommentarer:

  1. Svaret i dag kom kjapt... av ein innflyttar til og med ;)
    Dagens vinnar er Tord. Gratulerer. Svaret er Magnus Hiim

    SvarSlett
  2. the librarian bitch26. november 2010 kl. 18:01

    Eg fekk beskjed om at eg trong ikkje svara kl 9.41 i dag :-)
    Men ellers fine ord for dagen og fint bilete. Du er heldige du, Liv

    SvarSlett
  3. Ja, kvissarar er ivrige og morgonfuglar :)
    ja, Eva eg er det :)

    SvarSlett