onsdag 9. mai 2012

Å sette spor etter seg

Det er viktig å sette spor etter seg. Alt i Håvamål kan me lese at det viktigaste er ettermælet:  " - men ordet om deg aldri døyr vinn du eit gjetord gjevt".


Suldal tek i så måte mål av seg for å sette store spor etter seg. Dei vil sette store fotspor. Karbonfotspor!

Suldal komune legg til rette for meir bilkøyring. Folk skal køyre opptil 6 mil for å hive skrot. Dette gjer at me klatrar godt opp i klimafotsporkonkurransen.

Den same Suldal kommune har i info frå kommunen ei annonse i SP om å spare på utslepp av karbonspor. "Det er viktig å slå av lyset i det rommet ein forlet".  Annonsa viser til at om alle slo av ei  lyspære ein time per dag, ville klimagassutsleppet bli redusert med 22.000 tonn.  Det tilsvarer halvparten av Suldal kommune sitt klimautslepp.

Dei formanar oss alle om å vere med å vere med på å stoppe utslepp. Me må førebu oss på ei framtid med lågare utslepp av drivhusgassar, og sparing av energi. " Alle kan ikkje gjere alt," seier dei, men " me kan alle gjere litt". "Og det nyttar". Suldal kommune har til og med tatt dette så på alvor at dei har laga ein "klima - og energiplan" som dei skal vedta.


Då rimer det dårlig med at Rymi legg ned  nokre av miljøstasjonane sine.Rymi ( Ryfylke miljøverk IKS,  eigd av mellom andre Suldal kommune) legg ned, eller flyttar, fleire hyttecontainerar på grunn av dårlig veg. Denne dårlige vegen skal nå ikkje køyrast av containerbilen, men av alle som må køyre for å hive søpla si,

Eg er ikkje god i rekning, men eg meiner superenkel forskning viser at fleire bilar gir meir utslepp, enn ein stor bil av og til.

Til meir trafikk, dess meir utslepp. Nå må bilistane kjøre lange strekningar, ofte åleine i bilen, for å  tømme søppel. Dei må også kjøre lange vegar for å handle. Dei må kjøre lange vegar for å komme å jobb, levere og hente ungar i barnehage. Bussane fraktar ungane våre daglig lange strekningar. Og så må me spare dette inn med å slå av lyspærene?

VANDVIK, EJRIK: FAR ETTER MENNESKE. 1945
                                                          Store fotefar frå Suldal


Dette blir kjempestore fotspor frå Suldal. Me vil vere gode i alt, og nå blir me det i karbon. Inkvan  frå Suldal kan ta ein Vandvik, og skrive ei ny bok. "Far etter menneske"! Der kan dei skrive om folket her inne som sette far etter seg.

Viss me skrur av alle lyspærene våre et par timar til dagen, rettar me kanskje opp att det utsleppet som kommunen får ved at folk må køyre frå Nes til Sand med søppelet sitt?

                                                 -----------"-------

Her er informasjonen til Rymi sine kundar om nedlegginga av sorteringsannlegget på Vikaneset i 2010 Etter det trong me ikkje sortere så sirleg som me hadde gjort før.. Her står det i God "Mamsen og Lillebror" ånd at me køyrer søpla  til forbrenning. Ikkje kor, berre at det skjer. Kanskje endar det i Blåfjell?

http://www.rymi.no/nyheter_cms/2009/desember/endring-i-sorteringsordninga-for-hushaldningar-i-ryfylke/14

Eit kjekt leiketøy. Her kan du finne karbonfotspora til alle land i verda:
http://www.carbonfootprintofnations.com/content/calculator_of_carbon_footprint_for_nations/

tirsdag 8. mai 2012

8. Mai

8. Mai er frigjeringsdagen vår. Me minnest at Noreg vart fritt 1945  Det var då " freden braut laus" som dei gamle sa. Dei tyske styrkane skreiv under på ein betingelseslaus  kapitulasjon. Då hadde me vore okkupert i fem år. Josef Terboven, Noregs rikskommissar tok livet av seg på Skaugum. Han sprengde seg i lufta i bunkeren på Skaugum ved midnattstider.

Det vart klart for alle at krigen gjekk mot slutten og eit nederlag for Das Reich, men det var usikkerhet omkring  Noreg. Ville tyskerane halde seg i Festung Norwegen?  Det var ein halv million soldatar att i Noreg, og dei hadde på ingen måte gitt opp. Men så kom ordren frå den nye rikspresidenten i tyskland, Dønitz. Det vart slutten på "operasjon Weserubung"



Dessverre var det ikkje alle som hadde det gildt 8. mai. I seiersrusen vart ein del folk vel modige og røynte seg ut på dei som var mindre enn seg sjølv. Hevna var søt i dei dagar. 


Her har me eit eksempel på festlighetene etter at freden braut laus.  Ordet "Tyskertøs" kom inn i vokabularet vårt. Dei og ungane deira fekk betale ein høg pris for kjærleiken. Over 8000 barn har lidd, og lir den dag i dag. Var ein i tillegg så forræderisk at ein gifta seg med ein tysker, måtte kvinnene forlate landet i ein fart. 

Få tok til motmæle mot denne oppførsla. Ein av få var jusprofessor Andenæs:
- Jusprofessor Johs. Andenæs protesterte mot dette i Verdens Gang: «Man utviser ikke landssvikere, ikke tyskertøser og deres barn, bare akkurat denne kategori som har fått sitt forhold legalisert ved ekteskap, og deres barn. Hvis man sier at det å gifte seg med en tysker er et så uverdig forhold for en norsk kvinne at hun bør miste sitt norske statsborgerskap og utvises, må det være like uverdig for en norsk mann å gifte seg med en tysk kvinne.» 28 norske menn giftet seg med tyske kvinner under krigen og denne gruppen ble aldri truet med deportasjon. [21]-

Då var det ingen som siterte Arnulf Øverland sitt dikt:  "Du må ikke sove". Han skreiv det mot nazismen. men kom vel ikkje på at det måtte seiast til oss etter krigen. 
"Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv." " Tilgi dem ikke, de vet hva de gjør!"

Tenk over dette idag. Er me så gode som me vil ha det til?
----------"----------
Nytt frå 2011 er at 8. mai også er Veterandagen der me skal feire alle veteraner. I dag blir det markert på tretten forskjellinge stadar rundt om i landet.

8. mai er også FN sin offisielle dag til minne om alle krigsoffera etter  2. verdskrig.
8. mai er også den Internasjonale Raude Kross dagen. Dei feirar dagen sin på grunnleggjaren, Henry Dunant,  sin fødselsdag. 

mandag 7. mai 2012

Kva er det med været?

Eg sit og klør meg i hovudet for tida. Eg har visseleg snudd primstaven om til sommarsida. Det gjorde eg sist månad. Eg har sett snøklokker, krokusar, påske- og pinseliljer komme og gå. Nå står tulipanane i flor. Eg har slått plenen. Men kva skjer då?  Jo det snør!


Nå kom det ikkje så mykje snø på Sand i dag, men det har ennå ikkje gitt seg heilt. Så kven veit...

Eg såg værmeldingane på TV, og eg kjende verken i oklene, men eg trudde ikkje heilt på det. Me er jo så globalt oppvarma at me skulle sleppe å ha det slik forfedrane hadde det på tidleg 1700- talet  Då snøa det i juni.
Eg skulle på søndagstur til Vikane (Sahara for sandbuar) men måtte snu på grunn av snøstorm. Eg hugsa fjellvettregelen:" Det er inga skam å snu"...


Denne terrassen treng varme og sol slik at me kan beise over den.

Dette kalde været er vel ikkje så gale for andre enn oss som skal måle hus og beise terrasser. Etter gamalt var det bra om mai ikkje var for varm. Kald mai skulle gi gode avlingar.  Far min steva alltid: " Mai kulde/gjør bondens lader fulde!"




Kva er vitsen med global oppvarming når me må fyre i omnen kvar kveld?





   
                                             Denne utviklinga  ser ikkje ut til å slå til.

søndag 6. mai 2012

Gratulatione Confirmandorum

I desse konfirmasjonstider er det på sin plass å gratulere alle konfirmantar, kyrkjelege og humanistiske med dagen.



I Suldal er me godt i gong med feiring av årets konfirmantar. Humanistiske konfirmantar feira i går på Kulturhuset. I dag er det Erfjord og Sand kyrkje som arrangerer konfirmasjon. Jelsa kyrkje var først ute. Der vart dei konfirmerte 29. april. Suldal og Marvik gjer det 13. mai.

Å bli konfirmert har nokon kvar blitt, både bokstaveleg og i overført tyding.  Men i dag er det kun gledeleg konfirmering.

Den kyrkjelege konfirmasjonen er første gong nemnd  i ei pinseandakt som Faustus av Riez heldt ( ca 450) :
- " I dåpen blir vi gjenfødd til livet, etter dåpen blir vi konfirmert til kamp. I dåpen blir vi tvettet, etter dåpen blir vi styrket".


Frå 1981 er konfirmasjonen ei rein forbønshandling i den norske kyrkja. Lovnaden frå dåpen blir stadfesta.


Det er ikkje lite som skal til for å få av stabelen ein konfirmasjonsfest. Det er mykje baking, klippping og liming rundt om i heimane i Suldal i desse tider.

Mange hjelpande hender.



Det kostar skjorta av kroppen å ha konfirmant. Mange legg alt dei har av energi, kreativitet, venner og pengar i å lage ein flott fest for avkommet. 


Og så skal hatten passe...



Anten det er ei overgongsrite, ungdomsfest eller dåpsstadfesting : Tillykke alle konfirmantar!

lørdag 5. mai 2012

Bæ bæ lille ku

Det er tid for lemming. Ei travel tid for dei som driv med sau. Sauer er jo, som me har høyrt frå høgare hald, ålreite dyr.  Det tykkjer arvingen i heimen og. Barnebarn nummer 1 elskar sauer, eller bæar som det heiter på hans språk.  "Bæ bæ lille lam" er ein av yndlingssongane hans. Helst vil han høyre den sungen på I-padèn til mora. Det er andre tider nå!

Då barnebarnet var på besøk fekk han sjå sauer, og jubla og brekte. Så såg han ein hest og uttalte skråsikker: "BÆ"!  Då tenkte bestemora at dette måtte han lære seg forskjell på, og dei for ut på tunet.



P1010024
Bestemor tar på seg å vere pedagog. Her skal det lærast forskjell på dyra. "Stakkars barn, frå Bærum og alt. Det er ikkje fyse for dei å lære slikt".


 P1010025  
"Dette ser du guten min, er ei ku. Den seier møøø"


    P1010028
                                             Guten svarar skråsikkert: "Bæ"


Bestemor gir seg ikkje. Ho forklarar guten at dette er Mø. Slik går kommunikasjonen  mellom dei "Mø",  "Bæ". Tilslutt er guten heilt på grininga og seier med svak stemme og stigande tone: "BÆÆ?"  Då legg bestemora pedagoghatten av og klemmer gutungen. Ho har heilt vondt av han. Der kjem han, sjølvsikre Bærumsguten, og veit kva dyr er, så kjem bestemora og tek frå han livsløgna. Bestemor tenkjer: " Han finn det vel ut av seg sjølv tilslutt". Ho går over til å vere det ho er best på ; å vere bestemor.


Til alle små Bærumsgutar, og andre. Dette er ein Bæ

æ bæ lille lam,
har du noe ull?
Ja, ja, kjære barn,
jeg har kroppen full.
Søndagsklær til far,
og søndagsklær til mor,
og to par strømper
til bitte lille bror.

        Dette verset var dotter nummer 2 sitt favorittvers: 

Bæ bæ lille lam
hoppa i en dam,
kunne ikke svømme,
bare spise rømme
Bæ bæ lille lam
hoppa i en dam,


Denne svenske tegnspråkversjon av Bæ bæ lille lam berre MÅ de sjå. Så bra kan det lyde:

fredag 4. mai 2012

Å rehabiliterast

Eg har blitt rehabilitert. Heldigvis slapp eg å bli rehabilitert på kinesisk, eller sovjetisk vis. Eg blei rehabilitert på norsk vis.

Helserehabilitering i Noreg går ut på å oppnå "best mulig funksjons- og mestringsevne, sjølvstendighet og deltakelse sosialt, og i samfunnet etter sjukdom, eller skade"!
Eg fekk eit fint opphald og eg vart til det betre, .. trur eg.

Før jul var eg 1 månad på Steffensrud rehabiliteringsenter på Toten. Som seg hør og bør eit rehab senter, må det liggje i øydemarka. Kanskje for å unngå at me stikk av. Men dei fleste som var her hadde vel ikkje klart å hinke så langt før dei ville blitt hanka inn att.



Utsikt frå rommet. Her er det langt til naboar.


Einaste huset me kunne sjå var prestegarden. Det var eit busstopp nede i vegen, men bussane gjekk kun mens me var opptatt med rehabilitering. I helgene kom me oss ikkje av flekken.


                                                         Skog så langt du ser....


Dette er Steffensrud gard. Rehabiliteringssenteret ligg på denne garden.


Arbeidsstova blei mitt retreat. Der var det mange kjekke folk. Ser denne dama kjent ut, så har de sikket sett henne før.


Gentlemen  finns ennå. Desse karane gjorde opphaldet  interessant. Me var innom dei fleste tema.


Hjartechips, symbol på hjartevarme og empati



Ein av dei ivrigaste på arbeidstova. Eg trur han trong tilhengar for å få produksjonen med seg heim.



                                   Denne sympatiske dama hadde sjølvsagt ein kjenning på Sand.

torsdag 3. mai 2012

Å låne og levere tilbake

Blånissane hadde ein veldig god regel. Dei lånte, og leverte noko tilbake. Det er ein leveregel eg prøver å gjere til min.

Eg låner bøker, i hopetal, og eg leverer tilbake. Ikkje alltid like raskt som bibiotekaren vil, men dei kjem om ikkje så brått.

I tillegg til biblioteket, låner eg på ein filial. Diktarvegen bibioteket er ein stad eg ofte er  innom. Der låner eg bøker, og leverer tilbake. Men det er ikkje alltid dei same bøkene som kjem tilbake.

Eg har donert mange bøker til Diktarvegen bibliotek, i verdas navle, på venterommet på Ropeid. Eg har funne mange veldig "smale" bøker der. 



Denne boka lånte eg på Ropeid. Eg tok den med meg til Toten. På Steffensrud rehabiliteringssenter på Toten hadde dei også bibliotek. Eg lånte bøker der. Også der leverte eg tilbake...ei anna bok. Dersom inkvan skal dit, kan de gå på jakt i bokhylla i gangen og sjå om de finn denne boka.


                                                    Diktarvegen, nå også på Toten.

Det høyrer med til historia at boka eg lånte på Steffensud enda på Ropeid. Så finn de ei bok stempla Steffensrud rehab, så veit de korleis den kom dit. Boka som enda der var biografien til Gary Gilmore sin bror. Boka handlar om deira oppvekst. Gary Gilmore vart henretta i Utah i 1977

Eg oppforar alle til å nytte Diktarvegen bibliotek på Ropeid.  Lån. og lever ei tilbake. Då er det ikkje så trist å komme 2 minutt forseint til ferja. Tida går fort om det er kome nye bøker. Og husg etter bru, blir dette historie.

onsdag 2. mai 2012

Get no kick on route 66

I England kan ein i store byar  tinge skrekkturar til undergrunnen. I Amerika kan ein reise inn i skrekkvelde heilt gratis.

Me har vel alle sett amerikanske filmar der familiar kjører feil og kjem inn i eit mareritt. Spesielt i såkalla spøkelsesbyar. Men eg trudde det kun var på film.
Nå veit eg at dette kan skje i det verkelege liv, og eg gruar meg til familien min skal ut på tur "over there" igjen.


030911 083_1026x770
Point of no return, Winslow, AZ

Larsgard, mor og son, kjørte feil og punkterte i Winslow, Arizona. Dei måtte avgarde for å få hjelp til bilen. Etterkvart  leige seg bil for å hente bagasjen. Då gjorde dei ein stor feil. Dei køyrde inn i Route 66 Den legendarisnke vegen gjennom USA. Men her var den einvegskøyrd. Det ser dei ikkje, og svingar inn i gata mot køyreretninga, og endar rett i den årlige musikkfestivalen.

Ferieturen endar med at Larssgard får ein knyttneve i nasen, som knekk, og eit fengselsopphald som har vart i 6 månadar.


Larsgard got his kick on route 66 Det ga han 7.5 år i fengsel.

Larsgard endar i fengsel i oransje fangedrakt, håndjern og fotlenker.  Der sit han i isolat. VG møter han og må snakke med han gjennom tjukke ruter.  Han er blitt staten Arizona sin  farligaste fange. Han er skulda for mordforsøk på seks personar.  Mordvåpenet..  bilen!  Dessverre for Larsgard er det valår i år  og statsadvokaten og dommaren på val. Kva sjangse har han då?

Då tenker eg på ein parallell i Oslo. Der sit tidenens verste  norske massemordar. Han er skulda for å ha drepe 70 personar, og tatt uskulden på det norske folk.

Korleis blir så han behandla? Jo han stiller i dress i retten, får håndhelse på dommaren. Håndjerna blir tekne av før han set seg. Tilbake i cella har han tilgong til media og kan endre forsvaret sitt etter kva som blir skreve om han.

Forskjellen?  Ja, dommaren og statsavokaten vår er ikkje på val, og treng ikkje tenkte på stemmer.




tirsdag 1. mai 2012

1. mai

I dag er det 1. mai. Det er vår, og lauvet har sprotte på bjørka. I dag er det Gaukmesse. Gakk ut og sjekk om gauken galar, og ta lærdom av teikna.

1. mai er det den internasjonale arbeidarane sin kampdag. Den blir markert på ulikt vis over heile verda. I gamle Tjekkoslovakia fekk arbeidarane fri for å gå i demonstrasjonstog. Formennene på arbeidsplassen var på plass og sjekka om dei tilsette verkeleg gjekk i det kommunistiske arbeidartoget. Var dei ikkje det, blei det replisalier. Takk og pris for at dei nå kan gjere som dei vil.



                                          I dag er det flaggdag. Derfor flagrar eg her.




Har du ein slik, kan den bli verdifull om nokre år. Det er laga 8 millionar myntar med denne feilen.
                                   
Idag er det slutt på å betale med 50- øringar.  Eg har levert dei fleste til kreftsaka. Eg håpar kreftaksjonen kikkar nøye på myntane, og tek vare på nokre med feil. Dei kan bli samleobjekt.

mandag 30. april 2012

Titanic volum ll

Me har sett i media, og nokre av dykk har vel lese på bloggen min, om uhella som følgde "Titanic"  Eg kan sei dykk at til å med å lage film om "Titanic" kunne vere speligt. Det fekk Goebbbels erfare i 1942


Propagandaministeren som elska amerikanske filmar.

Goebbels hadde funne ut at rein propagandafilm ikkje slo så godt an som propaganda pakka inn i romantikk og heroisme.  Etter suksessen med Jøden Suss bestemte han seg for å lage ein film om "Titanic" , frå ein tysk ståstad.

Han tilsette Zerlet og Selpin til å lage filmen.  Zerlet hadde Jernkorset frå første verdskrig  og hadde dermed den rette ånden.  Dei skreiv inn ein tysk offiser som helt i manuset. Denne tyske offiseren var ein førstekaptein som hadde stor kunnskap om isfjell.  Har var den einaste som såg trusselen. Hadde dei høyrd på han kunne katastrofa vore unngått.  Slik fekk dei inn tysk heroisme og det skulle bygge folkets moral.

Goebbels var ikkje den einaste som tok i bruk film som verkemiddel. Etter angrepet på Pearl Habour blei Hollywood medspelar i krigen. Filmindustrien laga klassiske venn- fiende filmar som den anti-nazistiske filmen Casablanca.

Hilter og Goebbels elska amerikanske filmar, og såg mange  filmar saman i Hiltler sin private kino. Goebbels såg verdien av å bruke filmkunst i propaganda.  

Før krigen var Berlin Europas Hollywood. Men mange av dei store filmskaparane for  til Amerika nettopp fordi dei var jødar og ikkje kunne lage filmar i Tyskland. Slik mista Tyskland mange talent. 

Då Titanic skulle lagast hadde dei få filmskaparar att til å lage gode filmar. Innspelinga starta i 1942 og alt gjekk bra til dei skulle skyte søkkjescena. Det var gjort ved Scharmutelsee. Frå nå gjekk alt som gjekk gale for Titanic, gale her også. Det var regn, vind og storm.  Dei gjekk tom for filmrullar, og det var uråd å få meir av  i  eit krigs-slete land. Filmapparata måtte reparest. Dei krangla om lys. Tyskland var under bombardement og skulle mørkleggast om kvelden. Selpin nekta, og fekk lov av Goebbels å ha lys på om kvelden.





I 1943 blei den "totale krig annonsert" og rett etter blei eit krigskip brukt som"Titanic". Omlag 100 soldatar blei flytta  frå austfronten for å vere statistar. Soldatar som skulle kriga for Tyskland.

Krigen sleit på alle og nervøsiteten greip om seg på filmsettet. Selpin slo ein vits for mykje. Jernkors-vitsen blei hans, og tilslutt filmen sin undergong. Selpin blir fengsla. Han blir funnen hengd i fengselet, av eigen, eller andre sin vilje. Ny regissør blir tilsett.

Krigslykka snur, og Goebbels finn ut at filmen om Titanic ikkje har kunstnerisk, eller propagandisk verdi. Han er redd at det tyske folk skal oppfatte det synkande skip som ein metafor på det tyske riket, og virke demoraliserande. Han  forkastar prosjektet. Enorme summar er kasta ut på denne filmen.

Goebbels ser det ferdige resulatet og konkluderer med at denne filmen aldri må synast i Tyskland. Filmen blir forbudt i Tyskland. Den blir ikkje vist der før i 1950, då i ein sensuret versjon.


Det var også ein norsk skodespelar med i denne filmen. Kirsten Heiberg var gift i Tyskland og jobba som skodespelar der.

Her kan de kikka litt på filmen:
http://www.filmfront.no/release/17074/Titanic