Kyrkjerådet var glade for endringa. Dei står framføre Stortinget og smiler. Dei skal få sjølvråderett. Nå skal dei få styre i eige hus. Ikkje lenger vere leiglending under krona, men sjølveigande kyrkjemenn.
Med dette blir ein tusenårig tradisjon broten. Nå skal me ikkje bli fødd inn i eit kristent land. Me skal bli fødd inn i eit land utan styring på trua si.
1000 år etter, er Odin og Tor kjekke eventyr å høyre om.
Me skjelv slik den katolske kyrkja skalv når Christian lll trumfa gjennom at Luther sin versjon av kristendommen skulle råde i Danmark- Noreg. Dei trøysta seg med at "Me er sterke i trua". Etter at dei siste katolske prestane døydde, vart det slutt på messer.
Nå skal kristendommen raderast ut or grunnlova. Kyrkjas menn er fortrøystningsfulle og seier me er glade for endringane. Det gir oss sjølvstyre og "Me er sterke i trua"
Kva sier folk om eit par hundre år?
Kongen vår har sagt sitt i 2008 Han brukte vetoretten sin. Sikkert for første gong. Han skal ikkje lenger forsvare den kristne trua. Han kan vel ikkje bruke vetoretten fleire gonger, ellers går det med han som Oscar ll Om ein nektar tre gonger, går det ein ille. Det har me også døme på frå Bibelen.
Les om grunnlovsendringa nedanfor. Er du uenig i forslaget om å endra grunnlova, kan du signere på oppropet. Er du enig, så kan du vente på at den neste religiøse bølga kjem. Den kjem! Slik har det alltid vore og slik vil det alltid vera. Om du tvilar, sjekk sogene.
Det er allereie eit forslag om at sharia lovane skal gjelde i Noreg. Det er om å gjere å vere sterke i si tru, for tru gjer me alle, på ein eller annan måte.
Gå inn her så kan de lese om lovforslaget og signere om du er uenig i endringa. Skund deg:
http://www.underskrift.no/vis.asp?Kampanje=3920



