onsdag 18. mai 2011

Meir flott frå Sand

Det kjem mykje bra frå Sand. Det har me slått fast for lenge sidan. Me har unge talenter, prisvinnarar, forfattarar og mykje meir.

Her ein dag eg surra ute i verdensveven, kom eg over noko eg ikkje visste; Olav Veka har fått ein pris. Det var ifjor han fekk den, saman med to medforfattarar.

Olav Veka er altså frå Sand. For å opplyse dykk, godtfolk, så er har bror av den, på Sand, meir kjende Tormod Veka som budde i Nordenden.

Olav Veka har skrive ei, etterkvart, stor rue med bøker, åleine, eller saman med andre.  Eg hugsar godt at Ledaal videregående skole nytta hans bøker i pensum.  Alt då skrytte eg over alt godt som kom frå Sand.

Frå han er det kome førenamnsbøker og etternamnsbøker. Det er sjølvsagt for pressa å konferere med når inkvan kongelige døyper borna sine.  Han har skrive ordbøker og lærebøker.  Eg trur han og likar gode ting frå Sand, for hovudoppgåva hans handla om stadnamn frå Sand i Ryfylke.

Olav Veka sine oppslagsbøker er særs gilde å ha.  Men hald godt på dei om du har dei, for dei har ein lei tendens å forsvinne ut av heimen, for så å aldri finne vegen heim att.

Så ser eg altså at han og to andre har fått ein pris for Sidemålsordlista. Det er Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening som gir ut prisen. Dette er ei nynorskordliste der bokmålsorda står med peikarar til kva ordet er på nynorsk.

Dei fekk prisen for boka, fordi boka er pedagogisk tilrettelagt på ny måte. Desse karane kjenner elevane og veit kor dei bommar.  Så eg håpar nå helst at dei ikkje les bloggen min.

Ordbokvinnarar
                            Desse tre karane fekk ordbokprisen 2010


Sidemålsordlista
Denne boka fekk dei pris for.


Dagens kviss: Kva heiter boka han nylig gav ut saman med Nancy Coleman?

tirsdag 17. mai 2011

Hurra for 17. mai

Gratulerer med nasjonaldagen!

La oss håpe at dagen blir  feira slik den alltid blir. Tradisjon er fint. Dette er ein dag me veit kva me skal gjere til ei kvar tid. Når kampen mot tida for å bli klar til avmarsj er over, er resten ein stor fest.

Det kan kanskje høve å minne om kvifor me feirar 17. mai. Dette er landets nasjonaldag. Me minnest at riksforsamlinga på Eidsvoll signerte Noregs grunnlov 18. mai, men grunnlova var ferdig utforma 17. Det er vel tilfeldig at det blei 17. og ikkje 18. mai som er nasjonaldagen vår.  Vidare kan me hugsa at dei valde danske prins Christian Frederik til Noregs konge.

Noreg vart då ein uavhengig stat, men berre ei kort tid. Me kom i krig med Sverige og måtte inngå fredsavtale der me måtte godta personalunion med Sverige, men fekk behalda grunnlova etter ei lita justering.


Christian Frederik
Kong Christian Frederik av Noreg  frå 17.mai 1814 til 10 oktober 1841



Ja, vi elsker dette landet 

som det stiger frem, 

furet, værbitt over vannet,

med de tusen hjem, - 

elsker, elsker det og tenker 

på vår far og mor 
og den saganatt som senker 
drømme på vår jord.





DSC00030
Liva og Qi- Qi i like bunadar, og med fjorårets store hit; hekla 17. mai sløyfer


DSC00034
Qi- Qi klar for nasjonaldagen


P1010024
Mor og dotter etter ein lang dag i sine bunadar frå Løland


P1010004
Ragnhild har ein annan variant av Rogalandsbunaden




Hvor hen du går i li og fjell,
en vinterdag en sommerdag ved fjord og fossevell,
fra eng og mo med furutrær,
fra havets bryn med fiskevær og til de hvite skjær.
Møter du landet i trefarget drakt, svøpt i et gjenskinn av flaggets fargeprakt.
Se,en hvit stammet bjerk oppi heien,rammer stripen av blåklokker inn,mot den rødmalte stuen ved veien;
det er flagget som vaier i vind.
Ja, så hvit som det hvite er sneen,
og det røde har kveldsolen fått,
og det blå gav sin farge til breen,
det er Norge i rødt, hvitt og blått.


Denne flotte fløytekaka skal me ete i dag.  Laga av Liva.


La oss håpe me får ein skyfri dag!

mandag 16. mai 2011

Dagen før dagen!

I dag er det dagen før dagen. Dette er ein av dei travlaste dagane i heimen. Det er masse førebuingar for å vere klar til den største festdagen i året: 17. mai!

Bunadskjortene er nok sikkert allereie vaska. Så skal dei dynkast og strykast glatte og skrukkefri. Bunaden må luftast og kostast. Den må og sjekkast nøye for å sjå om det er gløymde flekkar på den. Skoa skal pussast til dei skin. Og, korleis er det med sølvet? Er det blitt litt matt? Då må ein i tilfelle kneka litt på det. Flaget må strykast. Ein kan ikkje gjere skam på det.


Deretter må ein sjå over tilbehøret. Tjukke og tynne strømpebukser, og ullbol blir lagt fram. Me må vere klare for alle eventualitetar. Alt bør vere klar til den store kampen neste morgon: 

Kampen om å bli ferdig i tide. Det tar tid å få på seg bunad. Når opptil fleire skal ha på seg dette plagget i heimen, helst først, og for 10 minutt sidan, kan temperaturen bli nokså høg. Men når flaga er hengde ut, og alle er påkledde etter alle kunstens reglar, då sig temperaturen frå kokepunket, ned til normal.


Då byrjar festen. Me er alle så letta over at det gjekk godt denne gongen oså, at smila kjem på plass av seg sjølv, og blir der resten av dagen. Smilet blir der, for dagen er fin. Alle ser ut som om dei hadde allverdas tid på å gjere seg klar. Alle ser og ut som dei har all verdas tid til å mingle. Dette er dagen då me får skuldrene ned, og pratar med folk. Me  beundrar bunadane til kvarandre, og beint fram kosar oss.

 Alt må vere perfekt, både klær og hår.


Eit knippe bunadkledde damer og unge herrer.


Her foregjekk det heftige diskusjonar og steile frontar i april og mai 1814

Dagens kviss:  Kva dag skulle eigentlig blitt nasjonaldagen vår?

søndag 15. mai 2011

Typisk norsk

Sist veke hadde eg for meg EU sitt "frivillighetens år" her på bloggen. EU vil auke frivillig innsats. I Noreg har me drive med slikt, i sikkert 1000 år. Me har til og med eit eige ord for det: Dugnad.  Gro Harlem Brundtland sa i si tid at det er typisk norsk å vere god.  Me er gode. Kvart år dreg me på dugnad etter dugnad.

I 2004 kåra programmet "Typisk norsk" ordet Dugnad til Noregs nasjonalord. Det kom mykje høgare på lista enn dei andre finaleorda.

I Noreg har dugnad vore vanleg og forventa sidan middelalderen. Me kan rekna med at dugnad var arbeidsforma i eldre tider også.

Mens frivillighet er ein filantropisk ide der ein skal gjere noko for dei som er dårlegare stilt enn seg sjølv. Det er veldedig arbeid.  Dugnad derimot, er å gjere noko saman for å få ting gjort. Like hjelper like, og dei har det gildt saman mens dei gjer det.

Tokedugnad var eit arbeid der det vart venta at naboane var med.  I fjor var eg med på 10 dugnadar.   Me stiller på dugnad allslags stadar: bedehus, grendahus, idrettslag, skular, barnehagar, naboar, venner, badeplassar, leikeplassar og eit uttal andre stadar.


                                     (foto SP)
Sand bygdekvinnelag har hatt sin frivillige innsats i år. 60 personar fekk vere med å lage og leike med barkebåtar i bekkjen, og ete god mat.


Brødrene af Sand
"Brødrene af Sand" har eigen venneforeningen som steller godt med den gamle båten. I den  ligg det mange dugnadstimar.

DSC_0172www
         Desse kosar seg etter utført dugnad. (foto frå nettet)

Lingvongs venner skal ha dugnad siste helga i mai. Då skal dei skifte lister rundt vindauga, laga bokhyller og hogge ved. Her blir også gjort ein stor innsats. Husa her hadde nok ikkje vore i den stand dei er utan dugnadsinnsatsen til vennene. Og, vennene, dei har det gildt når jobben er gjort.

hland
Songkveld på Hålandstunet. (foto Ryf. museet)

Erfjord bygdekvinnelag har hatt dugnad på Hålandstunet. Etter fleire timar var det rydda ute og inne. Messing og glas skein og støvet forsvann. Etterpå kosa dei seg med kaffi og lappar. Denne kosen når arbeidet er ferdig, gjer at det er verdt det. Så arrangerer dei songkveld for alle i nyvaska museum.


Me gruer oss som regel på førehand. Men me har det gildt i den sosiale samanhengen, og når jobben er ferdig, har me hatt det nokså bra. Me får energi når me er saman med folk i godt lag og med god mat.

Ha ei god dugnadsinnsats, godtfolk!

lørdag 14. mai 2011

Fredag den 13.

I går var det fredag den 13.  Dette er også kjent som ein ulykkesdag. Frå gammalt av skulle ein ikkje starte nye prosjekter denne dagen.  Då lurer eg fælt på kvifor "Blogger. com" valde å starte vårreingjeringa si denne dagen. Kanskje bakmennene er så unge at dei ikkje har opplevd ein fredag den 13., eller veldig gamle?


Fredag den trettende er ulykkesdagen over noen. Del dine historier nederst i artikkelen!
Foto: STIAN LYSBERG SOLUM
                                                   SKRIK !!!....
   
Først tok dei litt støvtorking onsdagskvelden. Eg fekk nå komma inn i gongen, slik at eg fekk ut blogginnlegget for torsdagen. Men trur de ikkje at dei starta med skikkelig reingjering fredag den 13. 

Dei stengde meg heilt ute. Dei vaska og rydda, og når eg fekk komma inn att hadde dei heve masse eg hadde samla. Blogginnlegget for fredagen hadde dei kasta. Det same hadde dei gjort med kvissoppdateringa mi, så nå må eg telje over alt på ny. Fleire utkast for helgas innlegg har dei også tatt med seg. 

Trur dei at eg blei glad for denne vaskinga, må dei tru om att. Eg blei sur og gretten for mange timars arbeid var skylt vekk. 

I mens eg venta på å koma inn på bloggen min, sette eg i gong med å stryke bunadskjorter. Eg har stroke skjorter sidan eg var 18 år. Eg har til og med attest på at eg kan stryke skjorter. Men, eg har aldri stroke skjorter ein fredag den trettande, og eg skal heller aldri gjere det meir.  Eg fekk gule skjolder og måtte bleike dei i svakt klorvatn for i det heile tatt å vere anstendig i bunad på søndag.

Kvar for seg har både fredagar, og talet 13 vore uheldig i ei rekkje religionar.  I Noreg var den ikkje uheldig før på 1800-talet. Kristendommen seier at Eva ga Adam eit eple ein fredag, og det vart uheldig for dei. Både syndfloden og øydelegginga av Salomos tempel skal ha skjedd ein fredag, etter ein eller annan kalendar. Jesus døydde ein fredag, og langfredag vart særs uheldig.



Er ein 13 til bords, vil ein døy i løpet av 13 år!  Eller at den første som reiser seg frå bordet, døyr først. Selskap med tretten til bords har ein tendens til å dra ut i tid, då ingen vil reise seg først. For Hinduane er det nok å vere 13 i eit rom for å bli uheldig. Under den siste nattverd var dei 13 til bords. Det vart uheldig for nummer 13

Nå kan de slappe av resten av året, for det blir ikkje fleire fredagar den 13.  Neste gong blir 13. januar. I 2012 blir det fredag den 13. to gonger.

Angst for fredag den 13 heiter Paraskavedekatriafobi, og de skal vere glad for at denne blogggen kjem ein lordag, ellers hadde dette vore dagens spørsmål.








 

torsdag 12. mai 2011

Go With Love Indiana!

Ja, godtfolk, de har vel høyrt det? Indiana har hatt besøk av ein "utegut."

I gamle dagar fekk jentene besøk av utegutar som stod utfor glaset og ville inn. Og inn kom, dei av og til.  Det kunnne føre til ekteskap.  Av og til kom det noko "på laust" og.

"Go with Love Indiana" fekk besøk av ein slik utegut. Han lukta vel på lang lei korleis det stod til. Og mens me hadde avtale med helsefonna, gjorde Go With Love Indiana avtale med Winni.  They went with love. Folk hadde sett dei både her og der, der dei gjorde både det eine og andre.

Kva i all verda kan det bli av slikt? Kan det bli noko?


 Er det nokre mannebein i lufta? Ho er klar som eit egg.

 Go with Love Indiana er våryr


Slik som dette ser Winni ut.

Me hadde også ein gong to pommerske spisshundar. Onkel Magnus egla ungane med "pommeriks", der desse pommerske var ute for litt av kvart: 



Ein pommerske jevel på Moen
gneldra så folk mista roen.
Men Maren Kristine 
sa: Nå e du fine
Ellers hiv eg deg rett ned i doen.


To pommeske jevlar på isen
dei blei litt for lette i brisen
turen gjekk skjeis
dei fekk bakoversveis
og med vinden forsvann dei i disen.

ein pommeske jevel frå byen
Han hørte på nyhetsrevyen.
På kinesisk kafe
der kan hundar bli med,
og så gjekk han og kom på menyen.



 Eg skulle ynskt at vinden bles ei anna lei desse dagane. Då kunne me kanskje spart oss denne romansen.

   
Kan dette bli blandinga Chinese Crested og Pomeranian?
         
 
..men sidan dei vert kalla  nakenhund på norsk, er vel dette ein meir realistisk resultat.

Kva med dette? 


Eller kanskje dei blir sjåande slik ut?

Ja, den som lever får sjå. Eg tenkjer heile Sand kjem til å følge med på denne romansen.

Dagens kviss: Kan betyr det å komma noko på laust?

onsdag 11. mai 2011

Forført av våren

Det anga så godt av graset i dag...  Eg blei heilt poetisk av desse eimane. Slik som diktarar i alle tider har blitt. I rein våryrhet har dei hylla våren med sine lukter, og håp om nytt liv. Slik som  Jakob Sande også sa: det angar så godt frå nyutsprotne  hegge- og epleblomar.


Hegg
 Heggen blømer nå.

Eg har gått og venta på regnet nokre dagar. Lågtrykket slår ut på vær-radaren i oklene mine. Dei var sært vonde mandagen, for lågtrykket låg og lurte ute i nordsjøen, utan å komme heilt fram.  Eg la meg og venta ei vondt natt. Tilslutt kom svevnen og tok meg.

Utpå natta høyrde eg det regna, men eg snudde meg rundt og drøymde vidare. Draumen var fæl nok. Eg drøymde at mobilen min, min kjære litle lilla Sony Ericsson, var øydelagt. Eg hadde hatt den i lomma , men der vart den våt av regnet. ( som var ute, mens eg låg inne og drøymde) Når eg tok den opp for å ringe mens eg var på Rimi si kveldsopen trerettersmiddag som tante Anny og onkel Tor stod for, datt den frå kvarandre! Den hadde rusta sund. Eg følte sorg... så vakna eg!

Mens eg vakna og humra litt for meg sjølv over draumen, og sende eit skråblikk for å forsikre meg om at mobilen var heil, kjende eg at eg  ikkje hadde vondt lenger. Regnet hadde utlikna trykket. Eg var smertefri.  Eg opna døra og gjekk ut på altanen.  Då anga det så fint mot meg...



Lukta av groande, grønt gras. Blomar og våt mold med eit hint av land-lukt. Alt dette straumde mot meg, og ga meg glede og våryrhet. Graset var blitt grønare sidan eg la meg. Dette er intet mindre enn eit under.  Som Blix mimra i "Å eg veit meg eit land langt der oppe mot nord."  Eit land som han minntest så vel.  Dette landet er den finaste stad på jorda i desse dagar.
 
Dette er tida for seljefløyte og norske flag som veiar vilt i vinden.  Då kjem Jakob Sande for meg. Han seier det så fint:

Seljefløyte

Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
kvistfri og ferdig til fløytebruk
for hage små gutehender.

Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og får døyvde svar
langt borte frå andre grender.

 Eg har eit bed eg gløymde av. Som Håvard Hedde som eigde 2 furuer, eig eg 6 tulipanar. Dei veks så fint blant Skvallderkålen. Eg ser det er tid for Skvallderkål-pai.

For få veker sidan var det full vinter her.




                            
Våren gir håp om det meste
eg vonar han gir oss det beste.

Dagens kviss: Kor lenge kan ei seljefløyte leve?

tirsdag 10. mai 2011

Wenn jemand eine Reise tut,... Trondheim

...so kann sie was verzahlen! 

Mi reise denne gongen, gjekk til Trondheim på landsmøte for foreningen for muskelsjuke. Eg oppførte meg som ein reisevant globetrotter, og intet flaut er å berette.

Foreninga fylte 30 år. Prinsesse Martha Louise, vår høye beskytter, meldte forfall, men hadde fin helsing til oss. Landsmøtet vart avvikla på Rica Hotel Nidelven, og det er det eg vil berette om. ...

Big surprise! Vanligvis er konferansehotell lavbudsjettert, og de hive nokre skiver til oss når me blir for svoltne. Men ikkje her. Maten var utsøkt. Blide folk frå me snofla inn døra og til dei leidde oss ut att.

Fredagen fekk me treretters middag. Lordagen fekk me fireretters.  Då me hadde kost oss med forretten fredag, kom hovudretten. Til middagen følgde det med nokre ussalige små poteter. De som kjenner meg, veit eg er veldig kresen når eg et ute. Eg er av den meining at ris og ros skal deles ut i rikt monn. Oftast blir det ris. 

Eg auste opp to poteter mens eg spøkte med sidemannen: - sjå,her, de har berre "såpoteter" att. Eg stapper ei i munnen og smaken riv i meg. Eg blir som dama i tv reklamen:  "MMMMMM!" Eg snur meg til sidemannen og ser at han har det same våte, tilfredse blikket. Som eit under forsvinn alle potene. Servitørane kjem springane og fyller på. Dette var ikkje noko mindre enn eit potetsjokk. Eg fekk ikkje foreviga noko av dette me åt, for eg var i ekstase.

Frokosten neste dag var også ein opplevelse. Det stod kokkar rundt om i lokalet og laga mat til oss etter vårt begjær. Men så har dei også vunne prisen for sin frokostbuffet, 6 år på rad. 

Lunsjen kvar dag var eit eventyr. Dessverre fekk eg ikkje moglegheit til å kritisere nokonting, det som eg er så flink til.

I Trondheim skulle være fest
hos de med svake muskler
For FFM er tretti år
omtrent på denne tida.
gamle gode klubben vår
fyller tretti år i år.
Hipp hurra for FFM
de skulle fått en klem! 



 Årets overraskelse for meg. Kvifor er ikkje Rica Stavanger, som eg ofte brukar, slik som dette?

 Hotellet ligg rett ved Solsiden og fleire utestadar.


 Pause for røykarane.


 Sjå dette huset med klokketårn, litt inn i gata.


 Fjelga og sparkla, og klar for jubileumsfest.


Sjekk denne!- Kven kan hoppe etter Wirkola?


Gedigne ostar med nydelig honningnøtter til, akkurat slikt eg likar. Servert på tallerkenen vår av ein kokk, mens han fortalde kva ostane heitte og kor dei var fødde. 


 Hotellets blidaste kokk.  Høflig, blid og hyggelig. Tre i eitt, som eit Kinderegg;) Er det rart at eg skalv når eg skulle ta bilde?  Han laga omelett til meg begge dagane. Steika dei etter mitt ønske og med det eg ville ha i. Sist eg fekk slik service var i Hotel Chinggis Khaan i  Ulan Bator, Mongolia. Og det var eit 5 stjernes hotell som kongelige og statsgjester brukar..


 Ein kokk serverte oss Sushi


 Så var det kakebordet. Langt, søtt og godt. Fleire meter med stadig nye sorter kaker og dessertar.  Sjå dei små gule kjeksane oppå kakene. Dei var supergode. Luftige, sprø og smakfulle.


 I små drammeglass serverte dei sjokolademousse, Panna Cotta og fleire andre gode dessertar.


Bak kakefatet ser me Nidelven, stille og vakker den er... 

Dagens kviss: Rica Nidelven er bygd ut i elva. Kor langt ut?

Her kan de med sjølvsyn sjå om eg lyg, eller ei:

mandag 9. mai 2011

Det frivillige året!

EU bestemmer så mangt. Nå har dei bestemt at året 2011 skal stå i frivillighetens navn. Dette året skal fremje frivillig innsats og få fleire europearar til å engasjere seg.  Slagordet som skal nyttast er : " Bli frivillig, gjer ein innsats." Dette må vel vere noko av det betre dei har bestemt.

Tradisjonelt er Noreg eit "frivilligt land". Dugnadsånda står sterkt. Noko av dei første orda utlendingar må lære seg er: Dugnad. Det er dugnad her, og det er dugnad der.

Generalsekretæren i Frivillighet Norge, seier frivillighet er Norges arvesølv. Frivillighet har ei rekkje viktige funksjonar i norsk samfunnsliv. Utan frivillighet, stoppar Noreg.
Me er i verdstoppen i frivillighet. Innsatsen er anslått til 115 000 årsverk.

Frivillige organisasjonar er også vaktbikkjer overfor myndigheitene, og det trengs.  Dei utfordrar politikarar på alle plan. Dei er også ei arena for læring og engasjement, og er møteplassar for likesinna. Då er det rart at deler av det frivillige Noreg, som Frelsesarmeen, blir skvist ut av ideelt arbeid av staten og deira nye anbodsrundar.

Me er ein nasjon av møtegåarar. Gjennomsnitts Ola og Kari er medlem av 4 foreningar, og jobbar frivillig i endå fleire. Me kan engasjere oss i ungane våre og deira skule- oppvekst.-og fritidsaktiviteter. Me kan engasjere oss i det me er interessert i, som sogelag, husflidslag og skyttarlag. Me kan løfte augene og engasjere oss i humant og veldedig arbeid rundt om i verda, som Amnesty international og Sos barnebyar.

Eg har prøvd meg på det meste. Av organisasjonar som er bortforbi nasetippen min, er døvesaka og SOS barnbyar mitt hjarte nærast. Eg var med å starte foreldreforeningen for hørselshemmede i Sør- Rogaland,og blei den første leiaren. Me var med på mange kampar og jaga motstanden frå skanse til skanse. Me fekk rett til teiknspråk, Me fekk til og med  døveskulen redda som normalskule for døve. Me erfarte at politikarane var snakkande til. Lenge leve frivillighet, og demokratiet som gir oss høve til å drive korridorpolitikk!

Det er slik at me kan ikkje kunne hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon. Eg valde meg SOS barneby. Me har hatt 4 fadderbarn over heile verda.

Fattige og foreldrelause ungar har det vanskeleg, Er dei så jenter, er det endå vanskelegare. Når du då er foreldrelaus, jente og døv stiller du aller sist, så det blei saka i mi frivillighet.

Me har hatt 4 døve jenter. Me bestemte oss i 1991, og først fekk me Maria  frå sør- Afrika. Ho hadde me i mange år, for ho budde på ungdomsheim etter at ho hadde blitt for stor for barnebyen. Nå er ho mor til 2 ungar, og eg har framleis litt kontakt med henne.

Etter nokre år fann me ut at me kunne hjelpe fleire born. Då kom Melissa  frå Argentina. Etter 3 år kunne ho flytte til storesøstera si som hadde gifta seg. Då var me plutselig utan faddeborn.  Me bestemte oss for å fortsette å ha fadderborn.  Då fekk me vere med å hjelpe Nomafa frå sør- Afrika.  Etter ei kort til bestemte me oss for å få "datter" nr 4, Gloria i Peru. Så, då hadde eg like mange fadderborn som ekte born.

Fadderbarn nummer 3

Fadderbarn nummer 4


"Hvis vårt håp om å bygge en bedre og tryggere verden skal bli mer enn bare ønsketenkning, er vi avhengig av frivillig engasjement mer enn noen gang"
    Kofi Annan


Dagens kviss: Kven stifta SOS barnebyer?

søndag 8. mai 2011

Konfirmasjonssøndag

I dag er det konfirmasjon på Sand og i Erfjord. I går var det humanistisk konfirmasjon på Sand.  Neste søndag er det konfirmasjon i Marvik og i Suldal.  Sist ut er Jelsa, 22. mai.

Konfirmasjon kjem av latin: confirmare, som betyr bekrefte,bestyrke. Det er kyrkja som har brukt dette omgrepet sidan 40 e.kr.  Då preika Faustus av Riez over temaet. " I dåpen blir vi gjenfødd til livet. Etter dåpen blir vi konfirmert til kamp. I dåpen blir vi tvettet. Etter dåpen blir vi styrket."

1912 vart det slutt på tvungen konfirmering. Før det kunne ein verken gifte seg, flytte, eller få seg jobb om ein ikkje var konfirmert. I eldre tider var det endå strengare. Var ein ikkje konfirmert når ein fyllte 19 år, kom ein på tukthus, eller i gapestokk til spott og spe.

På den tida det var ein bekrefting av dåpen, måtte ein ha viten om kristendomskunnskap. Det skjedde både titt og ofte at konfirmantar måtte gå om att. Det var forsmedelig. Ennå då eg var konfirmert i 1974 hadde me overhøyring, men ein slapp å gå om att om svara var feil.

Fram til 1981 var konfirmasjonen ein bekreftelse på dåpen.  Frå 1981 har konfirmasjonen vore ei forbønnshandling i den norske kyrkja.

Kyrkja  har nok hevd på det ordet.  Men overgongsriter finns i alle kulturar og religionar. Oftast for å markere overgong frå ungdom til vaksen. Ein kan konfirmere seg i dei alle kyrkjelige retningar som finns. I tillegg kan ein bli humanistisk  (borgerlig) konfirmant frå 1951, eller holistisk konfirmant, frå 2006  Frå dette året kunne ein også bli akademisk konfirmant.

Det ser kjekkare ut å vere konfirmant nå enn då eg gjekk for presten. Dei får lov å diskutere og spørje om kristendommen. Det var mest ei synd  då eg gjekk og las. Konfirmantane har treff der dei diskuterer bestemte tema. Dei får utvikle seg gjennom diskusjonar og refleksjonar. Dei får reise og treffe andre konfirmantar. Det ser ut som det er meir glede i kristendommen nå. Då eg gjekk og las var det alvor, pugging og utspørjing, aldri rom for tvil, eller spørsmål.

Eg trur konfirmantane kan tenke tilbake på ei fin og utviklande konfirmasjonstid, ein fin fest og ein feit bankonto.

Alle konfirmantar: Ha ein fin konfirmasjonsfest. Gratulerer med dagen!




Dåp, konfirmasjon og nattverd  på midten av 1400- talet


  
Katolsk konfirmasjon anno 1679


Konfirmasjon anno 2009


Med bildet av konfirmanter frå Sand 2009 helsar eg alle årets konfirmantar.