lørdag 21. april 2012

Å twitre seg til botnar

Far min sa alltid: "Tenk før du talar". Han døydde før internett vart allemannseige. Hadde han levd nå, hadde han fått sett at ordtaket hans var aktuelt ennå. Kanskje meir aktuelt nå i multitaskingstida, enn i hans "TV med ein kanal"- tid.

Nå kvitrar, eller twitrar, me i tid og utide. Alt skal gå så fort at me har kvitra ut i verda før me har registrert at me har trykka "send".  Alt skal kvitrast om. Inga sak for lita og inga sak for stor. For mange har det vist seg at dei kvitra i utide. Dei kvitrar seg til ein sosial død. Dette hende med ein tidlegare meddommar i tidenes største rettsak i Noreg i fredstid.  Han talte før han tenkte. Før han fekk tenkt seg om, hadde han fortalt heile verda kva han meinte om eit føleseslada tema.  Det var den karrieren!

Internettguruen Jaron Lanier.

I tillegg gjorde han det under psevdonym. Er det meir lov å tale utan å tenkje då?
Nei, meiner Lanier. Han er skaparen bak "virtuell reality"- omgrepet. Lanier meiner me må vere klar over at me er mennesker, ikkje ein internett gadget. Han har skrive boka om dette temaet.

Når han held foredrag, ber han folka leggje frå seg ipod, ipad, laptop og smarte mobilar, og vente med å kvitre til han er ferdig med foredraget. Ikkje på grunn av oppmerksomheten. Men fordi det han seier bør ha ein runde i hovudet før det går u-tenkt ut i verda.

                                                           
                                                        Dette er ein gadget!


Den klassiske sendar-, bodskap- og mottakermodellen er aktuelt ennå. Ting forstås betre etter ein runde i hovudet. Som kyrne drøvtygg, bør me tenke før me talar.

Det Lanier seier, er som å banna i den virtuelle kyrkja. Menneska av i dag  er online-generasjonen. Å vere offline er intet valg.

Å kvitra under falskt flagg er de verste forma. Lanier kallar det "Trolling". Trolling får fram det verste i folk. Folk er frekke mot kvarandre, noko dei ikkje ville vore under eige namn.Seriøsiteten søkk proporsjonalt med stigande anonymitet i diskusjonsfora. Det bur eit troll i oss alle, meiner han, og ber oss tenkje oss om.



                                                Dette er mennesker.  Dei kan tenke sjæl!

Han gir oss følgande råd: " Ikkje post noko anomymt utan at du er i verkeleg fare", og sluttar av med: "Tru på deg sjølv, du er virkelig!"




"Ein fugl song til meg" sa me i gamle dagar då me fekk høyre nytt, eller sladder som det også heiter.

Aftenposten skriv om å drite på drage, tale før du tenkjer, eller begår sosialt sjølvmord. Kan anbefalast:
http://www.aftenposten.no/meninger/Sosialt-selvmord-6810399.html#.T5Eiwqt7rHg

fredag 20. april 2012

Pottetrening

Når ein sit på Ropeid, verdens navle, og ventar på ferja som akkurat gjekk, kan ein høyre på radio. Det er helst då eg høyrer på radio. Hadde me hatt bru, hadde eg aldri fått høyre mykje som eg nå høyrer.  Her ein dag høyrde eg at i Asker slit dei med røyra sine. Kloakkrøyra.

Kloakknettet er visst nokså underdimensjonert.  Så kommunen vil nå ut til folket med pottetrening. Sså langt er alt greit. Oppdragelse er bra. Men så kjem det: " Kast KUN toalettpapir i doen!" 
Då lurer eg på kor resten skal bli kasta?


Pottetrening for folket.


Huk rundt Guilin, Yangshou, og Xingping, i Guangxi Provence, sørøstlige Kina.

Slik er eg van med at det er på reiser. Mens folk i Asker kun skal kaste toalettpapir i doen, gjer resten av den øaustlege halvkule motsett. Dei drit i doen og hiv papiret i eit spann ved siden av.


                                                      Eit friluftsdo. Her kan du drite i alt!

Dei som har fulgt bloggen min gjennom tida veit nok at eg er meir enn gjennomsnitts-interessert i dotilhøva.  Sidan det er ein så stor del av livet å å gå på do, er eg interessert i korleis andre gjer det. Ein ser mykje rart, i mine auger,  når man eine Reise tut...

Eg likar særs godt å sitje på utedoen på Torgålen og kikke på naturen og sjå kva Kåre driv med på Holmen. Denne vanen med å sitja for open dør er ein ting eg har til felles med vår store Bjørnstjerne Bjørnson. Han kunne sitte i timesvis på utedoen, slå av ein prat med forbipasserande, eller filosofere over livet. Kanskje kom mange store verk fram der?

torsdag 19. april 2012

og vinnarane er...

Suldal Husflidslag, saman med butikkane Suldal Husflid og Ragnhilds garn, lyste ut til sitteunderlagkonkurranse før påske.  Det kom inn 25 bidrag. Sitteunderlaga måtte vera laga av garn. Resten var opp til folket.

Lordag 31 mars mars var det kåring av vinnarane. Det var fire premiar. Det var delt i ein klasse for dei som var under og dei som var over 14 år. Det var premie for det mest påskete og den mest kreative.

premiering
Det blei strekt ei snor over Gata og alle bidraga vart hengde opp til "beskuing". 

Heimen drog inn tre av fire premiar og kan dermed kalle seg både kreative og ivrige. Dotter nummer 4 tok begge premiane for klassen under 14 år.  Mor i heimen tok premien for den mest påskete sitteunderlaget.  Me skal sei oss nøgde med det. Me innkasserte også garn til nye prosjekter. 


Det mest kreative sitteunderlaget for klasse under 14 år. Her er det strikka, tova, brodert og nålefilta. Alle kan vel sjå at dette er eit påskeegg. Me kan tenkje oss at det er fullt av påskegodter.


Det mest påskete 



Her er mor i heimen sitt vinnarbidrag. Det er nytta hekling og toving.



Denne likar eg sjølv godt, men høna mi nådde ikkje opp.


  Ennå ei høne. Me treng mange sitteunderlag i heimen.




Som de ser er sitteundelaga alt tekne i bruk på den årlige eggkoketuren til Vikane ( Sahara for sandbuar)

Me oppfordrar alle skapstrikkerar til å hive seg på ved neste konkurranse. De kan også møte opp på spøtekafeane på Kulturhuset. Det er vanligvis første torsdagen i månaden. det er ingen som stikk med spøtene.


Her kan de sjå med eigne auger kva det står på Norges husflidslag si nettside:
http://www.husflid.no/husflid/husflidsnett/fylkeslag/rogaland_husflidslag/lokallagene/suldal_husflidslag/nyhetsarkiv/premiering2

onsdag 18. april 2012

Møteliv

Møtenes tidsalder.
Den store møteboka, ei folkelivsskildring frå det 20. årshundre kan vere til ettertanke. Eit møte lar seg ikkje definere fordi det ofte er noko anna, og meir, og ofte ein annan stad hevder forfattarane. Derfor kan eit møte vere kva som helst. Eg definerer her eit møte som ein stad der eg stiller opp og gjer ein innsats for eit lag, eller organisasjon.

Jan Otto Johansen  skreiv i Aftenposten at: "det holder på å utvikle seg ein ny type menneske. De har revidert Descartes. Dei seier ikkje: " Eg tenkjer, altså er eg" . Dei seier: " Eg er i møte, altså er eg."

 Eg var tidlegare aktiv. Eg hadde mykje å bidra med. Men alt har si tid som det står i bibelen. Ei tid for å så og ei tid for å hauste...

Året 2010 byrja bratt og brattare blei det. Eg byrja å strekkja strikken vel langt. Tilslutt rauk den. Eg måtte leggje om. Eg måtte sjå kva som var viktig, mindre viktig og uviktig. Eg byrja å trekkje meg ut av ting som krevde meir enn det gav.

Årsmøtetida viste at eg var overengasjert.  Eg hadde trekt meg forsiktig ut av styreverv året før, men då blir straffa å sitje i valkomitear. Det viste seg at eg sat i 4 valkomitear. Februar gjekk med til telefonering og møter. Det vart heller heitt rundt meg. Eg sat med papir alle veier og prøvde å styre tunga beint i munnen mens eg balanserte hattane på hovudet. Det var om å gjer å be folk ta verv i rett styre ;)

Etter fleire veker, då eg trudde stormen var over, dumpa ein e-post inn: Eg sat også i valkomiteeen for eit landsstyret. Det hadde eg heilt gløymt ut. Så var det til å brette opp og sette i gong. Etter å få forslag til styre i 5 lag, har eg nå berre eit årsmøte til å gjennomføre. Så kan eg kvile på laurbæra... trur eg....


Eg har starta å rydde. Dei to siste åra av mitt liv gjekk inn i seks permer. Nå må det vel ordne seg. Ja, så er det sjølvmeldinga då....

tirsdag 17. april 2012

14 år


I dag kan eg med hånda på hjarta sei at eg ikkje har ungar att i reiret. Yngstabadne er blitt 14 Det er eit år sidan ho blei 13 og tenåring. Men me har ikkje merka noko til at badne var blitt tenåring før nå nyleg. I dag er det 14 år sidan dotter nr. 4 kom til verda på Haugesund sjukehus. 

Eg var misunnelig på ei dame lenger opp i dalen som hadde levert ein son nokre timar tidlegare. Men klokka fem på fem var lykka fullkommen. Tenk eg hadde fire jenter. Eg har alltid sagt at skal ein samle på noko, må ein samle i seriar, for då blir det meir verdifullt. Nå hadde eg fått mi eiga jentesamling!

Når eg omtalar mine døtre, gjer eg det på kinesisk vis; Dei seier dotter nr ein, son nummer ein, og så vidare.. Dotter nr 4 er ei snill og allsidig jente. Ho har mange jern i ilden og store ambisjonar. Ho skal iallefall ha meir utdannelse enn dotter nr 2, som ledar flokken. Sidan dotter nr.2 blir farmasøyt, vil ho bli over-farmasøyt. Og finns iikkje den jobben, så skal ho iallefall lage ein slik stilling.


Ho likar å  fiske, og verker opp sin eigen fisk.



Å kle seg ut er topp. Ei arv frå mora?



 Baking er hennar lidenskap. Ho har hatt det som 4 H- prosjekt og bakar gjerne ei kake før resten av familien har rådd seg or svevnen.



Ho likar shopping, sminke og stailing. Fin som ho er, blir ho ofte plukka ut som modell. Her er ho hanka inn på eit kjøpesenter i Glasgow for å få seg fint hår.



Lutten elskar sko, og berre MÅ ha dei høgaste hælane. Det verste er at ho kan gå med dei også.



Tradisjonane i heimen er mange. Ein av dei er å bidra med politiske byggverk
 til peparkakebyen på kulturhuset før jul.



Magedans har ho halde på med sidan ho var seks år. Ho har vore på mange magedanfestivalar i Stavanger. Ho har opptrett mellom anna  på Kulturhuset i Suldal, UKM, konserthuset i Stavanger og i private lag.


Gjett kven som bakar så flotte kaker at dei kjem på TV?..


På TV står det:" Liva 13 år har laga 17. mai kake!"  ( De kan klikke på bildet for forstørring.)



Dotter nr. 4 har farta vida i verdå. Her er me ein plass i den fjerne Østen på togtur gjennom tre enorme land. Russland, Mongolia og Kina.


Sosialt engasjert. Her bidrar ho med mobilar til Sand IL si innsamling. Me hadde skattejakt etter mobilar i heimen og fann ca 25 stykk.




    Heila slektå ønskjer deg tillukke med dagen og kjem nok strøymande til kaffi og kaker.


Kanskje vertinna serverer ei slik flott kake?


Ha ein fine dag trudeLutten vår!


mandag 16. april 2012

Suldal på kartet

Suldal er vida kjent. I Suldal er Mo Laksegard ein god ambassadør. Garden er også vida kjent. Kanskje meir kjend enn Suldal er.  Så kjend er laksegarden at  "God morgen, Norge" sin reisekviss brukte den som grunnlag for spørsmålet: "Kor er me?"  Bjarte Ragnhildstveit som er leiar av fredags-reisekvissen har sjølv vore her.


Mo i Sandsbygda. Ein stad i Ryfylke.

Bjarte Ragnhildstveit var på Mo Laksegård. Han deler fine filmsnuttar med oss.  Opptaket er gjort mens Daniel Mo ennå levde.  Me ser Daniel Mo i røykjehuset med eigaren Bjørn Mo i bakgrunnen. Me får sjå gardshusa i Mo, og laksesafari i Lågen.


 
Kortreist tradisjonell kvalitetsmat.



Alt er så heimsligt, og likevel så kjent ute i verda. Bjørn Mo er utan tvil Suldals beste ambassadør!

Hvor kan du drive med laksesafari
Dette var ein av nøklene til kor reisa gjekk.

Så kjent er Mo Laksegard at spørsmålet er: -  i kva kommune ligg Mo Laksegard?  I tillegg seier dei at denne  kommunen er ein av dei største kraftkommunane i landet.

Vinnaren vart: Ove Bergesen frå Spydeberg  han vann ein LED TV til kjøkkenet. Gratulerer!

Her er linken til reisekvissen:
http://www.tv2.no/gmn/ukens-reisequiz-hvor-er-dette-bildet-tatt-3739812.html

Her er linken til Mo Laksegard:
http://www.molaks.no/public.aspx?pageid=29470

søndag 15. april 2012

Ei som har lagt om..

Eg skreiv sist veke om å leggje om kursen midt i livet. Ei som har gjort dette er Bjørg Thorhallsdottir. Ho har sett verdien av å leggje om, og gjere det ho vil mens ho enno kan. Ho seier: " Å vere tro mot seg selv er det vanskeligste av alt"

Bjørg Thorhallsdottir

Ein vert sjuk av å gjera andre til lags. Mange av oss er "flink pike". Det ordner seg ikkje for flinke piker.  Dei set seg sjølv sist. Alle kjem før henne. Bjørg Thorhallsdottir meiner alle er tro mot dei fleste, unntatt seg sjølv.  Alle desse "må"-tinga kan gi magesår, høgt blodttrykk og allslags sjukdommar. Då er det lett å møte veggen. Ofte skjer dette i stor fart.

Bjørg Thorhalldottir la om kursen. Ho var i mange år flink pike. Ho hadde alt som ein "må" ha. Så blir lykka knust. Ho opplever stor sorg.  Så sniker den gamle drømmen seg fram. Ting ho hadde lyst på gjere. Det var ikkje så lett  når ein står til kness i plikter.  Ansvaret trykkjer draumane ned.

Carpe Diem. Grip dagen. Ho klarte det. Nå lever ho av å vere grafiker. Og lagar dei flottaste bilder. Eit av dei viser godt det vanskelige i å leve ut draumen. Ei dame i fint stup frå stupebrettet. Mange står på 10 meteren og kikkar ned i åresvis. Dei torer ikkje hoppe. Dei fleste kan kjenne den følelsen... Å klatre opp i høgda og kjenne angsten rive når ein ser ned. Redsla for å hive seg ut i det er stor, men kicket desto større om ein torer å sleppe seg ned.
Draumar er fantasi. Dei skal ver store. Nokre draumar kan gjennomførast, andre bør helst vere, ja, draumar.

Bjørg Thorhallsdottir er personen bak rørsla: " Hjertefred". Det er ein non-profit organisasjon som arbeidar for å bryte ned tabuer knytt til død og sorg. Ho trur på ein Gud som er ei stor kraft som har mykje kjærleik. Alle religionar snakkar om den. Det er den same Gud dei snakkar om. Gabrielles sång er hennar ledestjerne:



Det är nu som livet är mitt
Jag har fått en stund här på jorden
Och min längtan har fört mig hit
Det jag saknat och det jag fått

Det âr endå vägen jag valt
Min förtröstan långt bortom orden
Som har visat en liten bit
Av den himmel jag aldrig nått

Jag vill känna att jag lever,
all den tid jag har
ska jag leva som jag vill
Jag vill känna att jag lever,
veta att jag räcker till.

Jag har aldrig glömt vem jag va
Jag har bara låtit det sova
Kanske hadde jag inget val
Bara viljan att finnas kvar

Jag vill leva lycklig för at jag är jag
Kunna vara stärk och fri
Se hur natten går mot dag
Jag är här, och mitt liv är bara mitt
Och den himmel jag trodde fanns
Ska jag hitta där nånstans

Jag vill känna att jag levt mitt liv


Bjørg thorhasllsdottir skreiv bok til sonen sin om sorg. Sorg er eit av dei store tabuene i vårt samfunn. Ho skreiv og illustrerte boka."Pappaen min bor i himmelen". Å bryte ned tabuet mot å snakke om død og sorg er dødsviktig for henne.

Her kan de sjå sida til Bjørg Thorhallsdottir. På kontaktsida si har ho eit ordtak som min grandonkel skreiv, i ein annan variant, i mi minnebok:
http://www.bjorg.info/

Ha ein fin søndag!

lørdag 14. april 2012

Titanic 100 år etter

I natt er det 100 år sidan verdas mest kjente skip forliste. Skipet som ikkje kunne søkkje, sokk som ein stein.Og det på jomfruturen. Klokka 02.23 i natt er det 100 pår sidan den største katastrofa i vår tid var eit faktum.

Dette var den største tragedien til havs i fredstid. Hendinga fekk enorm merksemd. Det er ei hending me aldri blir ferdig med.  Me får aldri vite nøyaktig kor mange som omkom i dette forliset. Taler varierer frå 1350 til 1512  Sikkert er det at kun 705 personar overlevde denne tragedia.  Med på skipet var 31 norske statsborgare. 20 av desse kom aldri fram.



Dårlige nagler kan ha senket «Titanic»
Det stolte skipet RMS (SS)  "Titanic" med 4 skorsteiner. Den fjerde var berre til pynt for å gi eit majestetisk inntrykk

Skipet var 268 meter langt,  28 meter breitt og 53 meter høgt. Det var verdas største passasjerskip. "Titanic" var bygd for å ta 3300 passasjerar. Det var eit mannskap på 885 

Det var tre prisklassar. Tredjeklasse var for vanlege folk. Det var likevel finare standard enn vanlig. Lugarane tok frå to til ti passasjerar. Lugarane hadde vask. Matsalen hadde stolar istadenfor benker som var vanlig på tredjeklassereiser. Det var kvite dukar på borda. Tredjeklasse hadde plass til 1400 passasjerar.   28 nordmenn reiste over i desse lugarane.

Andreklasse var dyrare og meir luksuriøs.  Standarden var som på førsteklasse på andre skip. Så, her var det fint. Lugarane tok frå to til seks passsasjerar og hadde vegg til vegg teppe. Her var det også bibliotek.

Førsteklasse var luksus. Det var prisvariasjonar innan klassen. Dei mest lukseriøse hadde eige promenadedekk, to soverom, to garderoberom, bad og toalett. Billetten kosta 2250 dollar.  Mange av mannskapet måtte jobbe i  20 år for den summen.


                     Reiseruta til skipet som ikkje kunne søkkje. Krysset markerer der det gjekk ned.

Titanic for frå Southampton kl. 12 den 10. april, med kurs for Cherbourg i Frankrike. Så til  Queenstown i Irland. Der gjekk nokon i land, og andre kom på. Så sette dei kursen over Atlanteren mot New York. Ombord var mange av dei som hadde arbeidd med båten. Overfarten skulle ta sju dagar. 


Dette fotoet er tatt i 1912. Det er isberget som var den" litla tuå som velta det store lasset".

Alt som kunne gå gale, gjekk gale. Historia kjenner me alle vel. Den er mykje omtalt gjennom tidene. Nye opplysningar kjem til. Reisa er filmatisert. Og nå, i kveld må de sjå på NKR 1 klokka 21.55  Der går det eit britisk drama om Titanic.

Det er ikkje berre jomfruturen som gjekk gale. Det viser seg at uhell følger i bølgene etter "Titanic". Fred Olsen rederiet  sitt skip "Balmoral" er på cruise for å markere 100 års dagen.  Men skipet er forsinka. Først måtte det utsette avgongen frå Irland på grunn av storm. Så måtte det snu fordi ein av kameramennene fekk hjartestans. Ennå veit ingen om skipet vil nå fram til forlisstaden innan lørdag 14 april.  



Det var omlag klokka 02.10 at propellane braut vassflata og den andre skorsteinen fall av. Skipet reiste seg opp til 45 graders vinkel. Folk seila nedover dørken. Rett etter brotna "Titanic" i to deler. Akterenden stod nå rett opp. Den stod slik ei stund før den sklei ned i havet. Klokka 02.23 var den vekke. 


Miniubåtar har vore nede og filma vraket. Det er snakk om å sette igong turistreiser ned til vraket. Filmskaparen Cameron har alt vore ned på tur.


KAPTEINENS BADEKAR: Her er restene av badakaret til Kaptein Smith. Med de ulike kranene kunne han velge mellom salt- og ferskvann, og varmt og kaldt vann.
Dette er kapteinen, Smith, sitt badekar. Han kunne velge om han ville bade i fersk- og salttvatn, eller varmt- og kaldt vatn. Kaptein Smith skulle eigentlig pensjonere seg, men som ein gest frå rederiet skulle jhhan få føre Titanic på jumfuturen. Det vart hans bane.



På Fairwiew Lane Cemetery i Halifax ligg mange av ofra gravlagde.




Dette er den mest kjende grava på "Titanic" kyrkjegarden. Her ligg helten frå Titanic-filmen spela av Leonardo Di Caprio. J. Dawson var nummer 227 som vart tatt opp av havet. Derav talet på grava.
  (foto: K. Jansson)



Herstår det mykje interessant om Titanic:

fredag 13. april 2012

Fredag 13.

Så er den her igjen; fredag den 13. Dagen då ingen må gjere ein einaste ting, ellers går det gale. I dag skal du ikkje gifte deg, ikkje byrja på eit nytt arbeid, ikkje starte ei reise, eller kva som helst, eigentlig. Helst bør ein ikkje stå opp denne dagen.



Tidlegare var det nok med fredag som ulykkesdag, eller talet 13.  Det er seinare ein stakkar har funne ut at fredag og 13 tilsaman blir dobbel ulykke.

Det går ei soge som byggjer under uhellet med fredagane. Ein mann bygde i 1860 eit skip. Det stod ferdig ein fredag, så han kalla skipet Fredag. Dei seilte ut ein fredag. Etter det er mannen og skipet aldri meir spurd.

Fredag var ein lykkedag i norrøn mytologi. Det var kjærleiksgudinna Frøya sin dag. Det kunne ikkje vere dårleg. Men etter at landet vart kristna, og folk fann ut at Jesus vart korsfesta ein fredag, var det over og ut med lykkelige fredagar



I skottland bryr dei seg ikkje om gjestene må bu på rom nummer 13   Eller er det der dei legg inn uheldige gjester? Eg låg her. Det gjekk godt med oss, men ikkje med dataen og Ipoden.

Talet 13 har vore uheldig sidan Sumererane levde for ca 5000 år sidan. Dei var gode stjernetyderar. Dei rekna ut at eit år var 365,26 dagar langt. Frå ein nymåne til ein annan var det 30 dagar. Det gav 12 månadar på eit år, og eit overskott på 5 dagar. Desse dagane vart sett i ein trettande månad.  Dermed vart 13 eit avvikartal og stod for ondskap og overtru.

Alle veit jo at me kan ikkje vere 13 til bords. Me veit jo korleis det gjekk i den siste Natverd. I Tornerose sin dåpsfest kom alle 13 feane endå  kongen kun hadde bedt tolv av dei. Og me veit alle korleis det gjekk etter den festen.



 Finn du seterad 13 her mon tru?

Talet 13 er så skummelt at mange hotell ikkje har trettande etasje, eller rom nr 13. Nokre flyplassar unngår gate 13, eller flysete nummer 13
Kombinasjonen fredag og 13 er så skummel at næringslivet i Amerika tapar opp mot 900 millinonar dollar denne dagen.

Det er nokon som lir av paraskavedekatria. Dei har det ekstra vanskeleg i dag. Dei lir nemlig av ein fobi: Frykt for fredag den 13.
I år må dei gjennomleve tre stykk av desse dagane. Det er maks antal per år. Neste gong blir fredag 13 juli.  Men som trøyst er det berre to av dei i 2013

For å sei det med skottane: Break a leg!

torsdag 12. april 2012

Å leggja om

Eg lærte ein gong på eit foredrag at alle jobbar og saker ein tar i mot er ein apekatt som set seg på skuldera di. Det er om å gjere å gi den tilbake, eller vidare. Når ein kollega kjem og spør om hjelp, skal ein gi råd om korleis dei kan gjere. Då gir ein apekatten tilbake.  Ofte tek ein over og seier: "eg kan ordne det".  Då har du fått apekatten på skuldra. Etterkvart kan det bli både to og tre apekattar som balanserer på skuldrene.


Tenk deg at dette taket er skuldra di. 

Eg fekk erfare korleis det er å ha ein heil zoologisk hage på skuldrene. Eg vart sjuk. Då blei alt slitsomt. Det som før var kjekt, vart uoverkommeleg. Det drog meg ned. Frå å vere aktiv midt i livet, heldt eg på å drukne midt i livet. Dagane var noko som berre måtte overlevast. Ikkje ein gong bloggen min orka eg å skrive i. Å gå på kino..., å vere sosial.....  Det høyrde til ei anna verd. Eg sov og sov, åt, gjorde det eg måtte, sov, åt og hjalp ungane med deira saker, så sov eg igjen.

Eg måtte ta nokre val. Skulle eg gjere ingenting, ete og sove, eller skulle eg leggje om og rydde i livet?
Eg byrja å rydde. Eg la om kursen. Nå trekkjer eg meg ut av alle styre og verv. Når ein har overskott er det gildt, men når det tek all energien, er det ikkje ok lenger.

Trøtt i tryne

Tenk, i dagane etter at eg kasta handklede og apekattar frå meg var eg vaken frå kl 08 til 23.00!!!  Kanskje var det alle apekattane eg hadde gitt bort som som nå gjer livet lettare? Kanskje det hjelper å leggje om?

Den som lever får sjå!

Her er det ein som visstnok har vore på same kurs som eg og lært om apekattane:
http://www.leveraas.com/2010/10/hvem-sin-apekatt-er-dette/