Edison sine pærer ligg for døden. Dei skal ut or produksjon, og bli erstatta med dei fantastiske sparepærene. Lyspærene blir ulovlege å produsere. Så når lageret er utselt, er det beint fram slutt. Sparepærene skal erstatte dei gamle lyspærene. Dette fordi dei er meir miljøvennlege og energieffektive.
Denne er dømt til døden
Men er sparepærene så miljøvennlege som me vil ha det til?
Fleire lyspærer som er testa inneheld opptil 8 gonger for mykje kvikksølv. Det er ingen etat som har kontroll på dette. Det er opp til produsentene å halde seg under grensa, men ingen sjekkar om dei gjer det. Er det miljøvennleg å auke utslepp av kvikksølv?
Vinnaren
Sparepærene inneheld kvikksølv. Opptil 3,5 mg. Kvikksølv er spelige saker. Dersom du knuser ei sparepære må du ta affære med ein gong. Du må lufte ut og få vekk alle restane.
Kvikksølv fordamper langsomt. Knuser du pæra på kjøkkenbenken tildømes, kan kvikksølvet ligge og dampe lenge, eller du kan få det i deg gjennom maten. Dampen frå kvikksølvet gir dårlig inneklima og dårlig helse.
Knuser du ei pære, ta ein tapebite, eller aluminiumsstrimmel og samle opp kvittsølvdråpane. Knuste du pæra over toastaren, kan du like godt kaste den også, ellers vil kvikksølvet bli oppvarma kvar gong du ristar brød.
Om testar viser at sparepærer er energieffektive og bra for miljøet, er absolutt ikkje ei knust sparepære bra for innemiljøet!
Sparepærene avgir kvikksølv. Halogenpærene er også svært giftige i fri form, og må handsamas varsilt.
Når du så har samla opp sølet, må du pakke det i ein tett pose og kjøre til miljøstasjonen. I verste fall må du då i Suldal kjøre 6 mil for å kvitte det med kvikksølvavfallet. Det skal absolutt ikke i søppeldunken.
Har me spart miljøet når me bytta ut dei gamle lyspærene med desse sparepærene? Nei gi meg ei glødepære, Edison"
Eller vinn denne LED pæra med det stikkande kvite lyset?
"EU har besluttet at lyskilder med dårlig energieffektivitet, skal erstattes med mer energieffektive lyskilder. Fra 1. september 2009 var det ikke tillatt å importere matte lyspærer og klare 100-wattslamper. Utfasingen av glødepærer skjer i 6 trinn frem til 2016. Klare glødepærer fases gradvis ut, og det blir stilt skjerpede krav til halogenpærer, lavenergipærer og LED-pærer. "