mandag 31. januar 2011

Ein fugl her og ein fugl der....


Så var den store fugleteljehelga over. Fuglane fauk stressa rundt og skreik akkurat som i eventyr om geitekillingen som kunne telja til 10: "piu piu", nå telle di meg og. Fugleteljaren like forvirra: ein, to, nei den var telt, ein, to tre, søren...  Slik går det når ein ikkje er så veldig interessert i fuglar og ikkje kjenner dei att.

Bestemor mi  hadde kontroll på fuglane sine. Ho visste kor mange ho hadde i hagen også, kven som var standfuglar og ikkje, Ho hadde eit forhold til kvar og ein og visste kva tid dei kom, og kva dei åt. Det ho ikkje visste om dei, var ikkje verdt å vita.

Onkel Tor har og kontroll på fuglane sine. Det kan til tider minna meg om Hitchcock sin "Fuglane" på Trollhammaren ein sommarsdag.  Ja, om vinteren med.  Han har nok telleapparatet i orden.

Eksempel på fuglar som ikkje skal teljast


Var du heldigare med teljinga di enn eg kan du registrere dei du fann på sida eg har link til
nedfor.
Denne tel ikkje 

Her kan du registrere fuglane som frekventerte hagen din i helga:
www.fuglevennen.no

Dagens kviss: Kor lenge har med Norge vore med på fugleteljinga?

søndag 30. januar 2011

Starbucks

Starbucks cafe er  den beste kafe for slitne føter. På våre reiser i Storbritannia må me alltid innom Starbucks. På Starbucks har dei skikkelege stolar. Ein sit like godt som heime i stova. Det er viktig for meg som  er “prinsesså på ertå”

Når ungane trålar byane kan eg slappe av med verdens største og beste kaffi og ei god bok.  Slik blir alle nøgde.


P1010077

Alltid blid når ein får så rause kaffikoppar


DSC00172
Ein kjempestor nytelse 


P1010071

Starbucks sin kakao med krem

lørdag 29. januar 2011

Gone retro

Har ein  klær lenge nok blir dei som regel moderne att.   Men 80- talsklærne var så spesielle at eg tenkte det ville ta ei tid. før dei blei in igjen. Eg hadde lenge mange av dei spesielle flaggermustoppane med megastore skulderputer på loftet. Ein gong tok eg dei ned, men det var for tidleg. Eg blei totalt nedstemt og klærne måtte resirkulerast. 

Nå sit dotter nummer tre og ergrar seg. For me var i Stavanger til reguleringstannlege for ei tid sidan. Då er det alltid innlagt litt butikkikking. Då kom ho over denne toppen. Det var ikkje i ein fretexbutikk, eller vintagebutikk. Det var i ein ultramoderne butikk. Denne var ny i haust og no på salg.

Ho fall pladask. Dette var i ein damebutikk, men heldigvis hadde dei den i liten størrelse. Så ho kom lykkelig ut med nyinnkjøpt sennepsgul flaggermusermegenser i ull!


P1010004 Ho har store øyreringar som matcher genseren


P1010005
Sjå dei ermane. Hugsar de når desse var in?

fredag 28. januar 2011

Å fiksa på fasaden


Eg har fiksa på fasaden. 
Midt i livet krev det lenger tid for å få det resultatet som tidlegare kom av seg sjølv.  Ein del av dette har eg tatt opp før. Nå kan eg innvie dykk i eit anna problem. Eg har fått eit problem med midtskillen. Den har ein tendens til å skli ut.Det gjer at håret lettar frå festet og svever over skallen. Då må håve inn til service av og til. Det var slikt ein ikkje trong å tenkje på i yngre år.

Når eg så skal inn på service, går eg til Wenche- salongen. Der får eg god og rimelig service.  Wenche salongen har også vore på service.  Ho har flytta og fått ein lekker salong. Det er lyst og delikat med levande lys på bordet. Og, når ein sit der kan ein følge med på kva som skjer i gata.

Wenche er eit funn. Ho står på for kundene sine. Alltid klar til litt ekstra service. Eg håpar berre at me kundene ikkje lar ho strekke seg for langt. Når eg flytta inn her fekk eg råd til å gå oftare til frisør. Det er stor forskjell på kva som fyk or lommeboka på Sand og i byen.

I dag har eg lagt inn farge og fått herlig  "hodebunnsmassaje". Tenk at det går an å ha stive musklar der og. Nå er eg "oppsjeina" og klar for helga.  

God helg!

Tru det, eller ei,dette er ein frisørsalong


Det må alltid bli verre før det kan bli bedre


 Sjå her, midtskillen er borte...

Fjelga og klar for hjelg

Neste kviss kjem mandag kl 07.30  (merk klokkeslettet)

Dagen kviss: kven eig bygningen der Wenchesalongen?

torsdag 27. januar 2011

Svar på mimring i Mo


I gamle dagar når me hadde vent oss til fjernsynet og den eine kanalen, trekte folk saman som dei gjorde før fjernsynet sin ankomst i verda.  Det var dans på Tunet og Samfunnshuset. Var det bingo, så var det dans etterpå.  Dei gamle grendaskulane blei brukt til aktivitetar. I sandsbygda hadde me skulehuset i Mo. Det var flittig brukt.  På 70- talet hadde me bygdakveldar med diverse program og dans.

Sand hadde så mykje å by på at eg som ung i Stavanger kom heim kvar helg. Mine venninner der var misunnelige på meg og sloss om å få vere med meg heim, for det skjedde så mykje for unge under 18 år der.

Bygdakveldane gjekk på omgang. Det var ny komite for kvar bygdakveld. Eg var også med i komiteen ein gong. Då var det uunngåelig at me måtte kle oss ut, for det  var mi yndlingsaktivitet frå eg var lita. Me arrangerte karneval.

Desse bileta er frå 1978, trur eg. Nå kan de mimra med meg. I dag blir bloggen  nett som den gongen me hadde gamle- bilder- kviss ein bygdakveld.  Den gong var  mellom anna  Helga Møgedal med i komiteen. Dei hadde plakatar med bilder av folk, med gåter til, for å hjelpe.

Så klarer de dagens kviss?  Å sette til så mange navn som mogleg. Nokon har lausnasar og masker, men kanskje de klarer det likevel.
De innflyttarar har ikkje sjangs. Dette er ein kviss for dei ovanføre brua ;)




Nr 2 Grethe Homboe, Nr1: Jan Møgedal og nr  3 : Iversflaten

Grethe Holmboe og Roy Høibo


Ståle Moe og Liv Hiim med Ola Lagarhus bak. Eg har bestemor (Olettta) sin brudekjole på meg

Maske på...kin e d då? Bjørn Moe

Bjørn Benninghoff ville vere med Anne Hiim

Jone Brommeland, Ståle Moe og Astrid Brommeland

Liv Evju (Moe) Gert Benninghoff og Anne Hiim

Olaug og Torger Hauge 

Karen og 

Ståle Moe, Jan Møgedal og Liv Hiim

Liv Hiim og Ståle Moe

Dagens kviss: Finn flest navn

onsdag 26. januar 2011

støype bruer og kommunar



Diskusjonen går om kommunesamanslåing. Ordføraren vår har nok lyst å styre ein stor kommune sidan Saudaordføraren snart vil pensjonere seg. Telemarksforskning meinar det er kroner å spare på samanslåing.  Millionar av kroner. Dei foreslår at Suldal går i lag med Sauda, Vindafjord og Etne. Då er det jammen synd at ordføraren har plassert brua si langt ute or leia.

Den tida brusaka var oppe, var det fleire røyster som sa at bruplassering og eventuell kommunesamanslåing måtte sjåast i samanheng.  Men inkvan var for annige.
Så nå skal me få same slag bru som dei har fått i Hardanger: Ei bru langt ut av leia. Hardanger har fire mogligheitar gjennom Hardanger. Vegen via  brua som  dei venta på i snart 30 år, tek lengst tid. 
Suldalsposten tømer kaldt vatn i kommunekalkulatoren. Dei pengane kommunen er  førespegla å spare, tek Tom Hetland  i Stavanger aftenblad frå dei.  Han viser til at alle dei store effektiviseringreformene som er gjennomført  i NAV, sjukehus og politi, har ført til dyrare drift.

Ordførarane i indre Ryfylke er samde i at dei ikkje skal la seg styre av kalkulatoren åleine. Men når målet med samanslåing er å spare pengar, er det vanskelig å tru.  Det me kan håpe på er at dei har den rette kalkulatoren med seg.

I gamle dagar gjekk eg på handelskule. Der lærte me noko om inntening. Ein kan effektivisere og spare inntil eit visst nivå, deretter vil gevinsten krympe, eller ein vil tape pengar.

Dei store reformene har ikkje gitt forventa gevinst. Korleis kan me tru  at  dette vil gi gevinst, når dei  som har vedtatt dei førre reformene og ikkje har lært, er dei same folka skal vedta dette?

Litt repetering :
"Dekningsgraden forteller oss hvor stor del av salgsinntektene som blir igjen til dekning av faste kostnader og eventuell fortjeneste eller overskudd."


DG=\frac{\mbox{Dekningsbidrag pr.enhet} * 100\%\,}{\mbox{Salgspris pr. enhet}}


     Salgspris p.r. enhet
   - Variable enhetskostnader
   = Dekningsbidrag p.r. enhet

     Total salgsinntekt
   - Variable kostnader
   = Samlet dekningsbidrag






Dagens kviss: Kva meinar ordføraren i Vindafjord er viktig for vellykka kommunesamanslåing?




tirsdag 25. januar 2011

Ny bygdebok

Har de kjøpt denne boka? Det har eg.
Men eg kan ikkje skrøyte på meg å ha lese den. Det vil ta lang tid, for desse bøkene kan lesast på mange nivå.
Ein kan lese om gardane. Ein kan lese om folka på gardane. Ein kan lesa alle innramma tekstar. Ein kan sjå på bilder. Ein kan leite etter forfedrene,eller finne ut kven som er i slekt.

Ja, bøkene har så mange mogligheitar at ein kan bli heilt utmatta. Ernst Berge Drange har tatt for seg bygdene  Sand, Erfjord og no Jelsa.

Det er praktbøker han har skrive. Der er så eg håpar at eg, og han!, lever lenge nok til at han har kome gjennom alle bygdelag, Så mykje gledar eg  meg til kvar ny bok.

Det er berre ein ting å utsette på bøkene hans; Når eg skal finne fram ein opplysning, finn eg noko anna spennande eg MÅ lese.
Så endar det med at eg brukar fleire timar på stadig nye spennande slektsforhold  og har gløymt  heilt ut kva eg skulle.





Dagens kviss: Kor mange bind har  Drange (Suldal kommune) gitt ut i serien  til nå?

mandag 24. januar 2011

kvissoppdatering

Kvissoppdatering per 24/1

20/1                     Denne er ikkje ferdig løyst. Kom igjen....
22/1   Anne          Propp i fossen som kan løsne
24/1   TLB          Lågabruå ved Ritland  

Anne           7 rette
TLB            3 rette
Suldalsrypa  1 rett

Bro, bro brille....

Inkvan har bestemt at me skal få bru. Så kjekt! Men dette er ei bru ingen vil ha, for brua skal stå på ein ulagelig plass; Ein plass der ingen skulle tru at var plass for ei bru....

Men den brua har ingen veg. Halvvegs fram må ein kjøre mellom steinsprang og snøras.
Det står i Suldalsposten at me ikkje kan rekna med utbetringar for Lovrabakkane der ustyrlige fjellsider rasar ned.

Dette er gammalt nytt, men folk har vel fortrengt denne informasjonen for den er ikkje til å tru.
Denne siste veka har vist at denne vegen er utrygg. Den har vore stengd  på grunn av ras. Hadde me ikkje hatt ferje, hadde me vore heilt isolert mot Sauda. Sauda som ordføraren vår vil slå  saman med Suldal.  Sauda på si side allierar seg med Tide for å få ekstra ferje slik at dei kan ha kontakt med omverda når vegane blir stengde.

Skal me verkelig bli prakka på ei bru som mest ingen vil ha når det er ferjer me treng.

Inkvan skulle tatt på seg brillene og sett etter om det var greit med ei bru som peikar feil veg i forhold til kommunane ein vil leke med.

Eg heng meg på Obstfelder når han skriv det er så underlig: som om han var på ein annan planet.  Ei bru me IKKJE vil ha, skal me få. Men den brua me VIL ha, skal me ikkje få.

Takke meg til Høse- bru, for den har framkomsvegen klar!


Kor ligg denne brua?

søndag 23. januar 2011

Anna i 100 år

23/1
I dag er det på dagen 115 år sidan bestemor mi blei fødd. Javel, og så, kan ein vel sei...

Her i Suldal er me god på å jubilere, så kvifor ikkje minnast mi mormor. Me minnest Rasmus Løland i åresvis.  Ein liten digresjon: Denne Rasmus Løland hadde vore far hennar hadde han fått det som han ville.... Så kunne ein fabulere vidare... Men venninna mi sa at hadde han fått det som han ville, så hadde han vore hennar oldefar istaden....

Anna var fødd i Fattnes, blei gift med Ola J. Bråtveit og busette seg på Sand. Der blei dei rekna som innflyttarar.  I den tida måtte ein vera sandbu i  tre generasjonar for å bli innfødd.

Syskenlaget i Fattnes var  på 12, der 8 levde opp. Ho kom frå ein musikalsk heim. Faren spelte fele og komponerte. Han laga songkor av  barneflokken sin  og dei song fleirstemt så det høyrdes på andre sida av fjorden.  Så det var vel ikkje rart ho gifte seg med ein felespelar. Bestemor var glad i å synge all sin dag.

Då me feira 95 års dagen hennar var kong Olav nett død. Me song "Ja vi elskar dette landet" til minne om at bestemor hadde mista sin tredje konge.  Me datt av lasset etter andre verset, men bestemor song vidare fleire vers åleine.

I 1896 då bestemor blei fødd, blei Nikolai II tsar i Russland.  Det blei funne Gull i Klondyke. Vergerådslova vart vedtatt. ( lov om barnevern)  Prins Carl av Danmark (seinare Håkon VII)  gifta seg med prinsesse Maud av England.

Alfred Nobel og Ivar Aasen døydde.  For at dei sportsinteresserte ikkje skal kjede seg, tar eg med at dei første moderne olympiske leker blei halde i Athen.

Bestemor opplevde fire kongar: Oscar II, Haakon VII, Olav V og fire år med Harald V.

Bestemor elska å fortelje frå då hoi var liten, og eg elska å høyre på. Spurde eg andre eldre, drog dei på deg og visste ikkje kor dei skulle byrja, men bestemor ho kunne kunsten.
Dei studla i dei tider når dei lekte.  Og så fortalde ho om Jesus. Ho kjende og var bestevenn med Jesus.

Som ung gjekk ho på Stavanger Amts husmorskule på Sømme. Ho hadde lyst å bli sjukepleiar, men det vart ikkje noko av. Ho blei husholderske på Tasta. Der var ho i fleire år. Ho sa ho måtte slutte for ho haldt på å gro fast. Kva det betydde forstod eg først  når eg kjørte bestemor på  besøk til han ho var husholderske hjå.
Dei var omlag like gamle. Dei prata og mimra, så sa han : " Det skulle ha blitt oss, Anna" Då lo bestemor ein ung lått som eg aldri hadde høyrd.

Bestemor og bestefar var folkehøgskulefolk.  Dei budde og fekk alle fire ungane sine på folkehogskulen. Der budde og søster til bestemor. Mannen hennar var styrar, mens bestefar var lærar.

Det er 16 år sidan bestemor døydde.  Ho var mest 100 år.


Bestemor er nummer tre i barneflokken og står bak litt skjult.

Bestemor fekk ekstra god kontakt med Bjørg. Det er 99 år mellom dei. Ho ville ikkje sleppe tak i henne.

Tre generasjonar jenter, og ein gut i midten. Bestemor er mest opptatt av kosing, så ho har ikkje tid til fotografen

Tante Bibbi, bestemor Anna og mor Karen

lørdag 22. januar 2011

Frå å vere best i klassen har Sauda og Suldal lensmannskontor fallert etter omlegginga i Politiet. No sit dei nederst i kråa og skammar seg.
I 1999 hadde politikammeret 55.4 % oppklaring. No har dei 31.4 %  Det er det dårligaste resultatet i heile politidistriktet.

Ikkje så rart det når dei er aller sist på årstadar.  Dette har skjedd etter at den nye omlegginga har trått i kraft. Den som skulle vere så god!

Me har ope lensmannskontor 1 dag i veka.  Når folk melder innbrudd ein torsdag får dei beskjed om å koma på kontoret og melde det på tirsdag.

Dette er eit godt bevis på at den nye ordninga ikkje fungerer.

Det er helg og ikkje kviss. Men de kan gå inn på "mimring i Mo", for den er ikkje ferdig løyst.

Ha ei god helg!

fredag 21. januar 2011

Messefall og andre fall

Me har hatt  masse vær i det siste. Været går ut over både liv og helse. I sørfylket vart ein vegvesentilsett tatt av snøras då han rydda vegen, så været er ikkje til å spøke med. I fjor for  ein mann  i snøras på Skreppeneset ved Tyssdalsvatnet. Det er to liv for mykje.

Men at ein skulle ha messefall på Sand hadde eg ikkje trudd. Med eigen prest og kyrkje på flate Sand skulle det vere trygt. Men prestar har og fri.
Søndag vart det inga gudsteneste. Det var Jelsapresten som skulle halda gudstenesta. Men ho hadde fasta i raset.

Vegane blir stengde, opna og så stengde att, så ein må følge nøye med skal ein komme seg fram.  Best er det vel å halde seg heime. Det er reine rallykjøring berre å komme seg med Prestaåsen.  Det er svære krater å kjøre seg fast i.

Nokon har fått føle naturkreftene meir enn andre. Folk har kjørt inn i ras, andre har blitt innesperra mellom ras.


her traff naturkreftene blink (SA/hjorteland foto)


 Her har ein spelemann med spelet sitt endastøtt (K.S.R foto)

Dagens kviss: Kva er det som skjer med Svandalsfossen?

torsdag 20. januar 2011

Mimring i Mo

I gamle dagar når me hadde vent oss til fjernsynet og den eine kanalen, trekte folk saman som dei gjorde før fjernsynet sin ankomst i verda.  Det var dans på Tunet og Samfunnshuset. Var det bingo, så var det dans etterpå.  Dei gamle grendaskulane blei brukt til aktivitetar. I sandsbygda hadde me skulehuset i Mo. Det var flittig brukt.  På 70- talet hadde me bygdakveldar med diverse program og dans.

Sand hadde så mykje å by på at eg som ung i Stavanger kom heim kvar helg. Mine venninner der var misunnelige på meg og sloss om å få vere med meg heim, for det skjedde så mykje for unge under 18 år der.

Bygdakveldane gjekk på omgang. Det var ny komite for kvar bygdakveld. Eg var også med i komiteen ein gong. Då var det uunngåelig at me måtte kle oss ut, for det  var mi yndlingsaktivitet frå eg var lita. Me arrangerte karneval.

Desse bileta er frå 1978, trur eg. Nå kan de mimra med meg. I dag blir bloggen  nett som den gongen me hadde gamle- bilder- kviss ein bygdakveld.  Den gong var  mellom anna  Helga Møgedal med i komiteen. Dei hadde plakatar med bilder av folk, med gåter til, for å hjelpe.

Så klarer de dagens kviss?  Å sette til så mange navn som mogleg. Nokon har lausnasar og masker, men kanskje de klarer det likevel.
De innflyttarar har ikkje sjangs. Dette er ein kviss for dei ovanføre brua ;)


Her ser de vinnarane  nummerert





Maske på...kin e d då?

Nokon unge ville og gjerne vere med

Komiteen slappar av

Dette ville ikkje skannes inn, så her er det vel ingen som vinn

Et mystisk par

En lord og en lady?

Ennå et som ikkje ville skannes inn

Va me ikkje feiandes flotte?

Anne hadde 7 av 19  Til å ikkje ha vore med på festen gjorde ho det bra og er dagens vinnar.

Dagens kviss: svar på gårdsdagens spørsmål. Det er ikkje løyst.

onsdag 19. januar 2011

oppdatering kvissvinnarar

17/1       Suldalsrypa     svar: drittproppen bjørnen slepp ut om våren
18/1       Anne              svar:   lavine
19/1       Anne              svar:  London

Anne  6 rette, TLB 2 rette og Suldalsrypa 1 rett

Sogelaget

Tirsdagskveld var det møte i sogelaget. Terje Bråtveit viste gamle bilder og film frå opninga av Saudavegen i 1931  Vegen blei på folkemunne kalla Dollarvegen.

Filmen var ein opplevelse. Me fekk sjå kortesjen med 150 bilar frå 30- talet kjøre inn i Sauda. Det blei sagt i filmen at aldri før hadde det vore så mange bilar i Sauda på ein gong.
Det var opprinnelig ein stumfilm, men kommentarer er lagt til ikkje lenge etter.

Folk kom strøymande til møtet og lokalet var fullt. Dette sjølv om det var holke og speligt å gå ute. Nokon hadde fått leika Bambi på isen og måtte plastrast.

Terje Bråtveit måtte vise ein ekstra film, for gjestene ville ikkje gå. Bonusfilmen var Julius Bårdsen sin film om gamle arbeidsmåtar. Me fekk mellom anna sjå, salmakaryrket, spinning, stamping og løyping, og bygda på tidlig 60-tal.

Denne kvelden kunna oppsummerast som ein gammal norskstil; me var alle samde om at det hadde vore ein gild kveld!

8. februar er det på an igjen. Då skal sogelaget ha foredrag om veghistoriske kulturminne i Rogaland. Svein Magne Olsen, tidligare vegvesene, skal halde foredrag. Me har kalla foredraget: "Og dansen gjekk på Kvæstadbrua", så venteleg handlar det ein del om bruer.

Linken til Suldal sogelag:
www.rogaland-historie.no/lokallag/suldal-sogelag


For dei som likar gamle bilder. Her er Fru Archer sine:
www.fotonettverk-rogaland.no/plain/nettutstillingar/alice_archer/suldal

Dagens kviss: Kvar kom familien Archer frå?

tirsdag 18. januar 2011

forseinka innlegg

Blogginnlegget mitt kom ikkje ut kl 08.30 som det skulle. Me får gjerne skulda det på naturkreftene. Det var iallefall kreften utanfor mi makt som stoppa det ;)
Men det er der nå

Rasande fjellsider

Det er farlige tider for folk som er ute og ferdast no. Det rasar og renn frå alle fjellsider og lier. Det har vorte risikosport berre å kjøre ned i gata. For ikkje å snakke om å prøve å føta seg ute.
Utfor huset er det heilt glasert. Ein er som Bambi på isen. Bilen kjører der den vil sjølv utan å bry seg om kva sjåføren vil.

Me blir råda til å halda oss inne, men nokon må ut likevel. Då kan broddar vere godt å ha, eller lubbar.
Det var glatt ein periode i fjor og. Då sette eg lubbar på minstejenta slik  me hadde når me var små. Det var det visst ingen som hadde minne om, for ho fekk stor oppmerksomhet. Stavar kan og vera smart i desse tider.

Men når naturkreftene slår inn, er det best å ha respekt for dei. Mange gløymer at sjølv  om me har bil og data, så kan me bli sett ut av moder jord på ein augneblink.

Det er stort sett stengde vegar i kommunen, og ut frå kommunen. Årsakene er snøras, steinsprang, fare for ras og  overvatn på veiene.

Dotter nummer tre pendlar til Sauda på skule. Det var uvisst om vegen blei opna. Me gjorde som me fekk beskjed om i media: følge med på nyhetene og vegvesenet si nettside. Det stod. - stengt og delvis stengt. Om morgonen krasja nettsida. Det var vel for mange innpå. Snøskred har allereie fått fatale følger ved  Gyavatn Så eg tok ei avgjerd på Force Majeue og haldt henne heime. Eg spelar ikkje russisk rulett med dotter mi.

Det utrygge vegar me har. Dei må bli sikrare. Nå fraktar me ungdommane våre langs dei farlige vegane. Me skal i framtida bruke  ein av desse vegane for å komme oss ut or og inn i  kommunen.

Når det er ekstremvær blir det ekstra tydeleg, men faren er der heile året. Eg spurte ein gong ein Mestatilsett om kva tid det var mest fare for ras. Svaret kom kontant: "frå  1/1 til 31/ 12"

Den tida Helga Møgedal jobba i Suldalsposten sa ho at kvar einaste stein som datt ned i Suldal skulle dokumenterast i avisa som bevis på vegsikkerheten. Kven har tatt opp stafettpinnen etter henne?

Kvar stein som dett ned er ei potensiell fare for liv og helse. Me må alle vere med å syte for at me får sikrare veier.


Veien i Odda stengt på grunn av ras (Foto: Arvid Aga/NRK)
Slike skilt står det overalt i Rogaland denne helga             (foto frå HA nettside)

Ras Odda
Døme på snøras


Skulevegen til Saudaelevane


Dagens kviss: Kan du eit anna ord på rasande snø?

mandag 17. januar 2011

Arto Paasilinna: ein finurlige finne


Eg simpelthen elskar Arto Paasilinna sine bøker. Det var the librarian bitch som sa til meg;" desse bøkene vil du lika". Ho er nåtidas Helga Bårdsen og har kontroll på kva folk likar å lese og kva dei bør lese.

Første boka eg las var - Den senile landmålaren. Eg lo frå første side. Då meinar eg lo høgt.  Når ein les bøker ler ein av og til inni seg, ein kan humre, og i nokre skjeldnare høve ler høgt og lenge.
Så har eg lese: Kollektivt selvmord,  den elskelige giftblandersken, den ulende mølleren, og no: Prosten og hans forunderlige tjener.

Bøkene må lesast. Dei er så gode og oppfinnsomme at eg for første gong skulle ønska eg kunne lese finsk. Oversetjaren gjer tydeligvis ein god jobb for bøkene er til å le seg skakk av.

Ei hending får alltid følger. Det er som ei rad dominobrikker som fell. 

I Prosten og hans forunderlige tjener møter me ein prest som fyller 50 år.Han får ein bjørnunge i gåve, ikkje fordi han ønska seg det, men fordi bjørnen var blitt morlaus ved eit uhell. Dei ville gi presten noko spesielt og håndgripelig. Då blei det denne, for den var gratis og så slapp dei å avlive den.  "Ingen sa høgt at den stabeisten av en prost kunne takke seg sjølv for at han fikk en bjørn i gave". Dei gotta seg over at den overlegne prostinna måtte tørke opp etterlatenskapene til bjørnen frå  gulvteppet sitt.

Det eine galne følger det andre. Presten går i hi med bjørnen og ei ung forskarinne frå Uleåuniversitetet. Me blir kjent med den finske sporten: loddrett spydkast, mest effektivt utført frå ein brunn, eller silo. Dette er som ein roadmovie, dei trekker austover.Bjørnungen viser seg å ha fleire talenter. Han er særs religiøs, og er populær på andakter. 

Prosten blir gnostiker og den fyrige unge forskaren blir religiøs. Dei klarer å tolke ei melding frå verdsrommet.  Meir vil eg ikkje sei. De må de lese sjølv. Bibliotekaren skaffar den nok. Der eineste eg vil røpe er at det er eit skjellsettende budskap!

Bjørne Dægern, seinare kalla Faen

Dagens kviss: Kva er bjørnetappen?

søndag 16. januar 2011

Betty Boop

Hugsar de Betty Boop?  Betty er dama med sterk sex appeal. Teikneserien er frå 30-talet. 
Betty blei skapa av Max Fleischer.
Betty har gjennomgått ei forvandling  i årenes løp. Visste de at ho starta karrieren sin som hund?, og visste de at Skipper`n blei laga til ein Betty Boop teiknefilm?

Ho opptrer først i "Dizzy rettene" som syngende puddel. I filmen blir kokken så forelska i heite Betty at han gløymer alt og får sinte kundar.

Betty blei menneske i  1932 i "Eventuelle Rags", den dumme og deilige dama alle fell for. Puddelens hengeøyrer blei til øyredobbar. I denne metamorfosen skjedde det noko; den kloke puddelen fekk stort hjarta og liten hjerne! Sex appealen blei nedtona og ho blei meir anstendig. Noko som skjer i verkeligheitens verden og, vil eg tru...

Sexsymbolet blei gjennom 30- talets depresjon eit symbol på  bekymringsløysa i 20-talets " rouring twenties".  Seinare på 30-talet blei Betty sine hoftevrikk og blunkande auger for sterk kost for amerikanerane og Betty måtte ufarliggjeras.

No til dags er Betty helst å finne på uttallige ting; Krus, handklede, vesker og liknande. Ho sel godt og mange samlar på Bettyeffektar.



Denne Betty Boop er kjøpt i England

Denne klokka er kjøpt gjennom Miss Purple

Dette kruset fekk eg til jul av Anne GS. Kan tru eg er glad for det.

DSC00180
Denne store Betty stod i ein butikk i Edinburgh og ropte på meg, men sidan eg heldigvis reiste med Ryanair kunne ho ikkje vere med heim.

DSC00181
Betty finns i utrulig mange variantar og på allslags assessoarer. Dette er ikkje mi samling, berre så det er sagt.

http://www.youtube.com/watch?v=h3H24IjYg8g
Her ser de den første Betty Boop.

http://www.youtube.com/watch?v=JYwpvdcIYII
Her har ho blitt menneske. Øyrene er endra til øyreringar