fredag 31. desember 2010

Kviss- vinnaroppdatering

Når året renn ut i timeglasset sit me med denne lista. Ingen har komme til 20 rette ennå.
the librarian bitch:   17
Tord                       14
Anne                        9
Lutten                      2
Viggo                       2

dagens vinnar

Dagens vinnar av kvissen  siste dagane i 2010 var:

30/12  Anne  svar: i romjula
31/12 Anne   svar: ein  skulle halde seg heime

Gratulerer. Eit nytt råskinn har kasta seg inn i kvissen, bra!  ;)

Juleselskap

Jul er når roen senker seg og stresset blir gløymt.  Sjølv om alt ser håplaust ut i dagane før, så blir det jul allikevel.

Sjølv om me har kje vaska golvet og bare børi ved
og ikkje hengt opp fugglband og ikkje pynta tre.
så set me oss og kviler og puster på ei stønn,
så finn vi jula ferdig og vi feirer med  med et drønn

Romjul er tid til familie, god mat og godt lag. Slik har det vore i alle år og er ein god skikk å ta vare på.

Ha eit godt nytt år!

DSC02380 
Førstedagsfrokosten er mitt ansvar. Her er det dekka til 19 personar

DSC02381 
Utdrag frå bordet

DSC02382
varme og kalde retter

 DSC02383


DSC02384 
Eting og prating i fleire timar

DSC02385
Kjøkkenet omgjort til lekerom


Dagens kviss: Kva skulle ein gjere og kor skulle ein vere  1 juledag?

torsdag 30. desember 2010

julebukkar

Å gå julebukk er ein gammal tradisjon i Norge. Før var det berre vaksne som gjekk julabukkar, eller julagutar, som min oldefar kalla det. Då var det vel helst karar som gjekk gardimellom.
I min barndom var me med dei vaksne og gjekk julabukk. Seinare blei det til at berre ungane gjekk. Var det tvèn som har skulda for det og, tru?
Eg hugsar me gjekk så langt som til Foss.  Og der fekk eg fekk min første dram, av Torbjørn foss. Sidan det var jul og me var på Foss sa ingen vaksne noko til det…
Nå er det skralt med julebukkar ute og går. Desse jentene  er ihuga julebukkar og har gått i to dagar. Dei traff kun to andre bukkepar ute i mørket.

DSC02388
Generalprøve på julesongen
DSC02389 
Desse to jentene går julebukk i lag akkurat som mødrene deira gjorde i gamle dagar på Hiim der omkring
DSC02390 
- og de skotter og …
DSC02391
de vil så gjerne ha litt julegotter….

Dagens kviss: kva tid er det julebukkane kan farte ute og tigge gotter?

onsdag 29. desember 2010

dagens vinnar

Kvissvinnar:
28. desember: the librarian bitch svar: 15. august 1784
29. desember: Anne                  svar:  ja

Midt i livet

Ein kan sei mykje om det å vera midt i livet, rundt 50 og der omkring, men kjedeleg kan ein ikkje sei det er.

Livet byr på store og små overraskelsar og utfordringar.
Ein tenkjer ikkje over det. Me er alle litt slik som dronning Sonja uttalte i ei intervju i høve hennar 70 års dag: “ -men inni er vi dog så meget yngre”

Ein dag kjem avkommet og seier: mamma, du har bart!  Bart eg, eg har då aldri hatt bart… 
Så blant livets nye utfordringar er det å saumfara fjeset som møter deg i speilet, ikkje etter rynker,det har me gitt opp. Men etter hår! Hår som stikk ut stadar det ikkje skal…

Ein annan ting er tap av ferdighetar. I takt med  synking av hormon-nivå i kroppen dalar evna til multitasking. Det er ikkje lenger så lett å gjer tre ting på ein gong. Ein sporar mykje lettare av..

Eg har alltid vore ein frostpinne. Kledd meg godt i ull, lag på lag. Det er eg ennå Men i tillegg  har eg utvikla evna til å brått bli så varm som om eg var inni ein mikrobølgeovn. Då er det om å gjere å rive av seg nokre lag utan at det ser for hysterisk ut. Tida går mykje til å kle på og av seg. Tid som ein nytta til andre ting før.

Eg kan stå på badet og legge krigsmaling, så ser eg.. oj. der pipla det fram ein svettedrope, så ein og endå ein. Plutselig er eg dekka av sveitte som om eg hadde sprunge maraton. Eg som aldri i mitt liv har svetta før. Så nå har eg lært å svette..

Ting er har merka meg om mennesker midt i livet er at mens kvinner misser kvinnelige hormoner, så får menn dei. Dei blir rundare og misser ein del av sitt maskuline preg.. Fleire menn blir flinkare å klare seg sjølv. Dei lagar middag.

Då er spørsmålet;  Får dei også evna til å gjere fleire ting på eing gong……..? 
Dette er ikkje dagens kviss, men ein ting eg gjerne vil ha kommentarar på….

P1010051 P1010060
Men inni er man dog så meget yngre!!

Dagens kviss: Har menn overgangsalder?

tirsdag 28. desember 2010

Den store barnedåpen

Den store  barnedåpen i Røros kirke 19 desember. 
4 born vart døypte i same vatnet. Dåpskjolen vart ferdig og skrøyt vart det. Ei dame kom bort etter dåpen og sa ho hadde sydd mange dåpskjoler og ville sei at den var veldig fin. Då blei eg varm om hjarta og alt strevet vart gløymt.

Dåpskjolen er sydd av gullfarga thaisilke. Sjølvsagt måtte vere det til gullguten.
Det eg ikkje tenkte på at våt silke ikkje er noko særleg. Gullguten suglar. Han suglar så ein skulle ikkje tru det er sant. Mora gløymde suglekluten i sakrestiet og før me var ute av kyrkja såg guten ut som om han var døypt etter gamal måte; total nedsenking..
Dåpskjolen hong som ei vådra rundt han;)


Det ferdige resultatet før stryking



Dåpslua

Kyrkja

 Dåpsborna vert borne inn 

 Foreldre og fadrar

 Nå går det gale: min tålmodighet er slutt

 Nokså irritert

Her klarte eg å laste opp eit uklart bilde av familien Hiim Molland/ Garmager


Foto: Einar Aasen
 Bergstadens Ziir

Denne flotte kyrkja er Norges 5. største kyrkje. Den har plass til 1600 mennesker, og er bygd til : "Guds ære og Bergstadens pryd"

Dagens kviss: Når er Bergstadens Ziir bygd?

mandag 27. desember 2010

dagens vinnar

Gledelig jul. Kvissen har starta opp att og me har ein vinnar.
Gratulerer the librarian bitch! Svaret er : det blir lite pusling :)

Pusletid



Juletid er pusletid

Eg er veldig glad i puslespel, men som regel strekk ikkje tida mi til slik "vas". Derfor er eg så glad i romjulsdagane. Då skal me ikkje gjera verdsleg arbeid. Alt arbeid skal vera ferdig til 21. desember, ellers kjem Åsgårdsreia og tar oss. 

I romjula skal ein halda helg. Då kan eg endeleg ta fram puslespelet som er innkjøpt i god tid. Av og til klarer eg to. Puslespelet må minimum vere på 1000 bitar. Helst likar eg dei på 2000 bitar, men dei er litt uhamslege å jobbe med.

I år har eg kjøpt inn ei søt jente i rosa med blomar i håret. Kun 1000 bitar. Ofte er bitane annleis enn framsidebildet. Det er store forskjeller i fargane.

Det rare med pusling er at hjernen jobbar utan at ein veit det. Ofte sit eg fast. Ingen bitar ser ut til å passe. Eg sit og studerer puslespelet, så plutselig tar handa mi opp ein bit og set den ned ... og den glir på plass. Eg blir like overraska kvar gong...

 Jula 2009


Jula 2008  Dette bildet sleit eg litt med, for det hadde altfor mange hjørner. Så viste det seg at det var to bilder i eitt.

Dagens kviss: Hjernen består av to hjernehalvdeler som har nerveforbindelsar. Kva skjer om ein kuttar forbindelsen?

Pusletid



Juletid er pusletid

Eg er veldig glad i puslespel, men som regel strekk ikkje tida mi til slik "vas". Derfor er eg så glad i romjulsdagane. Då skal me ikkje gjera verdsleg arbeid. Alt arbeid skal vera ferdig til 21. desember, ellers kjem Åsgårdsreia og tar oss. 

I romjula skal ein halda helg. Då kan eg endeleg ta fram puslespelet som er innkjøpt i god tid. Av og til klarer eg to. Puslespelet må minimum vere på 1000 bitar. Helst likar eg dei på 2000 bitar, men dei er litt uhamslege å jobbe med.

I år har eg kjøpt inn ei søt jente i rosa med blomar i håret. Kun 1000 bitar. Ofte er bitane annleis enn framsidebildet. Det er store forskjeller i fargane.

Det rare med pusling er at hjernen jobbar utan at ein veit det. Ofte sit eg fast. Ingen bitar ser ut til å passe. Eg sit og studerer puslespelet, så plutselig tar handa mi opp ein bit og set den ned ... og den glir på plass. Eg blir like overraska kvar gong.
 Jula 2009


Jula 2008  Dette bildet sleit eg litt med, for det hadde altfor mange hjørner. Så viste det seg at det var to bilder i eitt.

søndag 26. desember 2010

MarmiteJulegave


Gledelig jul til dykk alle. Eg håpar de har vore gilde og fått besøk av nissen. Det har eg. Eg må ha vore veldig gild, for eg fekk masse fine gåver dette året. Eg fekk visst alt hjarta kan begjære og vel så det....
Til innvortes, til utvortes, til behag, til hygge og nytte! 

Eg treng ikkje gå på biblioteket neste halvår. Men eg må sikkert nokre turar til Ropeid for å lesse av bøker som må ut for å gjere plass til dei nye.

Det særeste av alt må vera gåva eg fekk av datter nummer 2  Ho har vore i det store utlandet dette halvåret og funne ein butikk som selde ei vare eg likar. Eg likar Marmite. Marmite er eit svart  pålegg. I konsistens som nugatti, men det er laga av gjærekstrakt. Det smakar gjær og.

Eg fekk smørskål og smørekniv med marmitelogo. Så fekk eg to marmiteboksar. Så langt var alt greit, men så fekk eg marmitesjokolade.
Marmitefabrikanten sjølv syns nok dette er på kanten, for dei reklamerer med at det er ein " very peculiar milk schocolate" -- ein merksnodige sjokolade;)


Marmitesmørskål


Marmitesjokolade


Posted by Picasa

lørdag 25. desember 2010

Gledelig jul!

Gledelig jul.
Eg helsar til alle med denne fine middelalderkoralen som me fremdeles syng.
Songen har 10 vers. Eg tek med tre av dei.

Et Barn er født i Betlehem,
i Betlehem.
Thi gleder seg Jerusalem,
Halleluja, Halleluja!

Han lagdes i et krybberom,
et krybberom,
ei ende har hans  Herredom.
Halleluja, Halleluja!

Lov, Tak og Pris i Evighed,
i Evighed.
Den Hellige Trefoldighed!
Halleluja, Halleluja!

fredag 24. desember 2010

Jakob Galland om julasalutt i Suldal

Glade jul, hellige jul...

Så kom julafta. For fort for nokon, altfor sakte for andre. Me som feirar jul gjer det på ymse vis. Skikkane har endra seg gjennom tidene. Men nokre skikkar held seg; Graut til nissen og innskyting av jula.

I Salveson si "Bygdasoga for Sand i ryfylke" fortel min oldefar fødd i 1856 om gamle juleskikkar. Skikkar frå tidleg 1800 tal.

Dei starta om hausten med førebuing. Ved slaktinga tok dei  sauetalg og laga julelys.  "smalatalg" gav snøkvite lys. Dei skulle vere 50- 60 cm høge og 4 cm i diameter. To - tre veker før jul starta mora hans til med ølbrygging. Men før dei kunne starta måtte kjera dei brukte vaskast, bakast og tettast. Når det var klart skulle naboane smaka på ølet. 1 kanne gjekk med til det. Brennevin vart bestilt; eit anker på 40 potter. ( dei skulle få  nok  promille i julahelga)
Kvart år sende folket på Hiim julekaker til Løland og dei på Løland til Hiim. Kirsti kom frå Løland og var tanta til  den no så kjende Rasmus.

På bordet dekka med snøkvit heimevoven linduk stod:  lutafisk, risengrynsgraut, smør, skrukkebrød ( flatbrød lagt 4-dobbelt) Den store sølvkanna full av øl, klunkeflaska med brennevin, sølvstaup, stor messinglysestake med julelyset, gravert lysesaks,  kniv og skeier av sølv til kvar tallerken. Alt pussa pussa så det skein.
Etter maten var det andakt med lesing av juleevangeliet og dei song julesalmar. Julelyset brann heile natta. Fram til ca 1860 låg alle i stova den natta.

Første juledag stod mora opp først og serverte alle ein dram og sukkerkringle, eller julegeit på senga. Folk for i kyrkja, eller heldt seg heime og song og las bibelteksten.

Andre juledag kom julagutane i flokk og fekk mat og dram. Det var leik og moro, soger og eventyr. På kvelden kom fela fram og det vart dansa i stovene.
Lars Hiim fortalde dette i 1927, det året han døydde.

Messinglysestaken, den gamle linduken og den gamle bibelen er framleis på bordet julaftan på Hiim. Skeiene heng nypussa i framskapet, altfor store til å eta med.

Risengrynsgrauten blir framleis servert på Hiim, men lutafisken er bytt ut med pinnekjøtt.

Den første gongen svogeren min feira jul med oss, (ca 1973) har brent seg inn i minnet hans. Alle sat rundt bordet. Grauten stod klar i skålene mens far tok fram den gamle bibelen og las juleevangeliet. Alle sat rolig. Bestemor og bestefar var og der. Gert var ikkje spesielt begeistra for graut, så han var glad det berre var ei lita skål til kvar. Lars Åge på rundt 8 år klarte ikkje å vente. Brått sette han i eit høgt hyl.  Gert trudde han hadde skambrent seg, me andre tok det roligare, for me skjøna kva det var; Han hadde funne mandelen, og det midt i julaevangeliet!

På kvelden tok bestefar fram fela og spela  julesongar og me song. Det var mange rundt bordet, liv og røre, og aldri heilt jul før nokon hadde grene. Første juledag gjekk me ingen plass. Andre dag og utover var det juleselskap.

I romjula gjekk me julabukk ( 1800-talets julagutar) Det var dei vaksne som gjekk og me små dilta med.  Dei gjekk  frå Hiim til Foss. Der enda me hjå Torbjørn Foss, og der fekk eg som 6 åring min første juledram!

Vedlegget som skulle stått her er på grunn av manglande teknisk innsikt lagt ut i eige blogginnlegg.

Julekvissen tar juleferie frå i dag, men er tilbake mandagsmorgon. I romjula kjem innlegget ut klokka 10 for å ta hensyn til dei som har juleferie.

I staden for kviss håpar eg de vil dele juleminner med oss her.

torsdag 23. desember 2010

dagens vinnar

Dagens kviss var ein utfordring.
Spørsmålet var; kva er ein kvit stein?  Dagens vinnar blei Anne. Gratulerer!

Neste kviss kjem 27 januar. I romjulsveka kjem kvissen kl 10

Det er heilage kvite steinar forma som eit mannslem, vanligvis frå 200- 600 e Kr. Dei er funne i, eller oppå gravhaugar. Dei er forma i en lys bergart. Dei hadde vernande kraft, men var og eit fruktbarhetssymbol og var plassert på viktige kultstader.

Ein trur kvite steinar er knytt til Vølsekulturen. interesserte kan sjå her: www.arild-hauge.com/hvitestener.ttm

På Hiim var det og ein slik stein. Den stod på Hiimsmoen inne ved gravhaugane. Men folkt tykte det var ei skam, så den enda i gunnmuren til Hunter sitt feriehus på Hiimsmoen.



Vitenskapsmuseet i Trondheim
Kvit stein

Wenn jemand eine reise tut...

so kann er was erzahlen!

Me har vore på reisefot. Av og til er det helst på gyngande fot...  Eg har i tidlegare innlegg skrytt over engelskmenn og skottar si høflighet og hjelpsomhet, men den  finns i Noreg og! Nå meiner helst avkommet at det skuldast mi evne til å virke heilt LOST !, men hjelp, det får eg.

Me reiste med tog til Røros. På reis er det viktig å halda hendene reine, så me har alltid med oss rensegele på flaske. Eg skulle rense Liva sine hender og trykte ut ein god sprut i handa hennar, men ingen ting kom ut.. "hm", så eg trykker igjen og ein god sprut kjem ut, men ikkje i handa hennar.
"Hm" seier eg igjen, kor for den hen?" Svett i hovudet spør eg dama i setet rett over: "traff eg deg?"  Så ser eg ei klyse heng rett over henne og eg skundar meg å kneka det vekk mens eg seier med ein nervøs lått: " ja, så blei det reint der i allefall"  Ingen reaksjon frå dama.
Eg set meg i setet mitt og etter ei tid kjem det komiske i situasjonen for meg. Og eg set og ler så tårene sprett... heilt åleine for ungane har sovna.

Å vera på reisefot vinterstid kan vere ein kald opplevelse.  Her på toget. Propellflyet på returen hadde kuldegrader ombord ;)
 Vestlendingane

 Matøkt for dei tilreisandes

 Garmakerane har si eige gate

 Noregs største "kvite stein" finn me i ein bakgard på Røros

 Båpsbadnet nekter å ligge, så me ser det kan bli ein vanskelig dåp

 Rørosidyll

 Korleis skal dette tolkast?

 Nisse på sparketur

 Frøyas hus, kafe og butikk





Garmakargården med klokketårnet

Garmakarane hadde ein viktig jobb i bergverkstida. Slekta til dåpsbadnet tok navnet, Garmager, då "forfaren" var den første norske som fekk den jobben. De styrte med "garren", garr- makarar, og hadde ansvaret for at koparen hadde rett temperatur før den for i forma. Rørosmuseet har ein flott utstilling frå gruvedrifta. Dei har heile drifta i bergstaden i  "levande "miniatyr.  Eg blei bergteken :)

Dagens kviss: Kva er ein "kvit stein"?
 Dette er siste kvissen før jul. Neste kjem mandag 27. desember, men då klokka 10

onsdag 22. desember 2010

dagens vinnar

Dagens vinnar er the librarian bitch. Gratulerer!
Rett svar er Christianfeldt

Gata

Hovudgata vår heiter Gata. Enkelt og greitt. Dei fleste byar har eit lengre navn på gata si. Som Karl Johan, Haraldsgata, Storgata, eller Kirkegaten...  Men det kan vere at dei har fleire gater å halda styr på. Det er enklare hjå oss. Me har berre ei gate..

På mine reiser i England kom eg over ei gate som heiter akkurat det same som vår.. Gata. Berre på Engelsk då.
Og det akkurat i den landsbyen mor mi var housemaid for 63 år sidan. Botesdale.

På 80-talet var det populært med vennskapsbyar, eller vennskapskommunar. Suldal hadde og det, i Finland og Danmark.  Dei svann visst hen med tidsånden. Årsaken kan kanskje vere at dei hadde for lite til felles. Men kva er meir felles enn same navn på hovudgata. Så skal ein ta opp att tradisjonen med vennskapsbyar, slår eg eit slag for at det blir Botesdal i East Anglia.

DSC00110
Gata si navnesøster i Botedale

Dagens kviss: Kva heitte Suldal sin  vennskapsby i Danmark?

tirsdag 21. desember 2010

dagens kviss

Dommaren må ha litt hjelp til å kåre dagens vinnar. Sjekk dagens blogg og hjelp til med dømminga.

Kakelinna

Kakelinna er eit snodig ord.Det viser til ein periode med tøvær før jul; ein mildværsperiode. Den plar komme rundt Thomasmesse som er 21 desember.

I dag er det 21. desember. Etter gammalt var det denne dagen ein skulle smake på julebrygget. Brygget måtte testes ut på førehand for å sjå om det var drikkandes. Det var og viktig at det ga den virkninga det skulle...

Det var ikkje berre sitt eige ein skulle smake på, men sikkert heile "bear-laget" sitt. Bearlag var dei gardane som feira saman i lystig lag, og i sorg. Då kan ein sjølv tenkje koss det gjekk...
Karane vart gåande garda-langs, innom kvar gard for å skjenke seg, før dei for vidare.
Med tanke på at dette var i kakelinna, mildværsperioden, har det vel vore nokså slitsomt for karane å vasse i høg våt snø med eit utellelig antall  promiller innabords....

Det var ei skam å ha dårleg øl. Ølet måtte ikkje bryggast på minkande måne.  Endå verre var det å ikkje brygga. Då fekk ein bot. For det var påbod å bryggje øl til jul i hine hårde dagar.
Både Gulatingslova og Frostadtingslova omhandlar reglar for julebrygging.

Å bryggje øl er både ein kristen og ein før-kristen tradisjon. Opprinnelig høyrde det til feiringa av vintersolverv. Seinare vart det overtatt av den kristne julefeiringa.

Tradisjonen med brygging av øl til jul varte til utpå 1900- talet.
Fråhaldsrørsla er vel ei viktig årsak til at det tok slutt.

Ølbrygging i Egypt


                                                                   Heimalaga øl



                                                              Julekalender for ølhundar

Dagens kviss: Kva heitte skjenkestova i Trøndelag der "Norge Rundt" var på besøk, og  som hadde så mange ølsorter?


mandag 20. desember 2010

Blomar og venskap

Gode vener er godt å ha.
-Har du ein ven gå ofte dit hvis ikke vil veien fyke igjen og ugress og krattskog gjemme den. Dette skreiv min grandonkel i minneboka mi .
Godt vennskap er rikelig skildra i litteraturen gjennom tidene. Til dømes er det skildra i edda-diktning. Vennskap er viktig og skal verdsettast. Ein skal vere lojal:

- for venen sin 
skal ein vere ven 
for han og hans venn, 
men for uvenns venn 
skal ingen mann 
nokon gong vera ven.

Desse blomane fekk eg av venninna mi tidlig i sommar. Dei voks og treivst. Eg potta dei om, gjødsla og vatna. Sjå resultatet: to potter med to bugnende blomar.

Slik er er det med vennskap og. Tar ein vare på det, så veks det seg stort og trygt.
Gode vener er godt å ha!

Håvamål seier vidare:
Høyr, har du ein venn
og trur han vel.
og vil du ha gang av vennen,
bland sinnet ditt med han
og send han gåver,
søk han ofte opp.

DSC00084

 Dagens kviss: De bodde " gård i gård" og var bestevennner. Kva heitte dei?

søndag 19. desember 2010

Underet i B

I desse dagar for 2000 år sidan skjedde det ei under . Jesus blei fødd i Betlehem og verda vart aldri den same igjen.
Snikkaren Josef hadde ei av birollene i hendinga. Han var mannen som måtte vere tilstades for at profetiane om Davids ætt skulle oppfyllast.

I desse dagar har det skjedd eit nytt under. Underet i B skjer på ny. Denne gongen har Josef fått hovudrolla.

Litle Josef fødd i B gjer at politikarane i Suldal ikkje endrar vedtaket om fritak for ungdomskulesamanslåing for elevar frå Nes.

Etter vedtaket vaart gjort i  2008 kom det fram at det slettes ikkje var lengst frå øvre Suldal, men derimot frå andre deler av kommunen. Deler som ikkje var fritekne.

Her kjem då Josef inn. Han bur i Bråtveit. Då han om 13 år skal byrja på ungdomskulen vil det ta 5 minutt lenger for bussen. Dermed trekte politikarane vedtaket om å busse ungdomane til Sand. I staden skal dei utgreie reisevegen frå Bråtveit/Vetrhus til Sand.

Så, i staden for nedlagt ungdomskule, får dei betre veg. Dette må vel vera ikkje mindre enn eit juleunder..

Dagens kviss: Me får ta ein test på om de har betre kunnskaper enn vår statsminister, så me spør; Kor kom Josef og Maria frå?

lørdag 18. desember 2010

Me har det på Sand!

Som alle store byar med respekt for seg sjølv har Sand ei julekrybbe.  Då meiner eg byar av stor  størrelse som dei store tyske byane. Reis rundt i Noreg og sjå kor mange julekrybber de ser som står ute . Eg trur ikkje det er så mange, men av dei få… så står ei på strandstaden.

Julekrybba er i to variantar. Når julegata opnar første søndag i advent ser me Josef, ei høgravid Maria og eselet på veg til Betlehem. 
-Det skjedde i dei dagar at det gjekk ut befaling frå  keisar Augustus at heile verda skulle skrivast inn i manntal.  Josef drog frå Nasaret til Betlehem då han var av Davids hus og ætt. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho var då med barn…..

Andre søndag i advent får me eit nytt tablå. Jesusbarnet er fødd, svøpt  og lagt i ei krybbe. - Ho fødte sin son, den førstefødde, svøpte han  og la han i ei krybbe. For det var ikkje rom for dei i herberget.
Hyrdane på marken kjem for å sjå og dei vise menn kjem med gull, røkelse og  myrra .
-Frykt ikkje. Eg kjem til dykk med bod om stor glede for heile folket. I dag er det født ein frelsar i Davids by.

Denne nydelige julekrybba er skoren ut av Magnus Overskeid og gir glede og påminning om ei hending i Betlehem for 2000 år sidan.

P1010006 P1010007

P1010008
Dagens kviss: Kven var det i desse dagar som ikkje visste kor jesusbarnet var fødd?

fredag 17. desember 2010

Reisefot og andre føter

Eg står på reisefot. Eg skal reise frå heimstaden midtvinters. Heilt til Røros går turen. Og det er ikkje lett når ein bur på Sand.

Reisa var "bokka" i god tid. Så får eg ein mail frå SAS at dei har dessverre gjort endringar på rutene som har innvirkning på min reisefot. Meldinga frå dei såg eg så seint at dei ville  ikkje gi meg pengene tilbake. Trudde dei kanskje eg levde på så stor fot. Eg trudde dei, som engelskmennene seier, -was pulling my leg;) Men det er viktig å stå på eigne bein, så eg gav ikkje opp.

Eg rykka tilbake til start og "bokka" igjen.  Det var om å gjere å halde hovudet kaldt. Det er ikkje lett for meg som berre har kalde føter. Røros er langt vekke. Og på Røros er det kaldt. Der er det om å gjere å vere godt skodd.

Å vere på reisefot, leve på stor fot, flyttefot, godfot,  det rykke i dansefoten   Kva er det med desse føtene. Lever dei sitt eige liv?  Alle har eit forhold til føter. Det må me. Desse apostlanes hestar skal få oss fram.

Og mine skal få meg til Røros.

                                                Norske føter

Dagens kviss: Det er om å gjere å ha bein i nasen. Men det er i beina det er mest. Kor mange bein er det i foten ?