lørdag 8. januar 2011

80 år er ingen alder

Nå har eg ennå ein onkel som er 80 år. Gruelig gamle onklar og tanter eg har fått.  Men når ein ser på dei så skulle ein tru dei var mykje yngre. Dei er spreke og reiser omkring, eller spring i heia.

Onkel Tor er nummer tre av fem søsken. Han har farta verda rundt i mange år som telegrafist. Han  har jobba på anlegg i Jåttåvågen og Ulla- førre.

Han traff tante Anny på Hiimsmoen. Tante Anny var ein svarthåra skjønnhet som han måtte ha. Men det var ikkje lett å komma fram i køen av beilarar. Men onkel tor visste råd. Han tok tante Anny med på spasertur, så sa han:- eg skal gi deg eit "kiss of fire".
Det er mange variantar som går i slekta, som brennende kyss, og liknande. Men uansett, han bøyde seg fram, gav henne eit kyss mens han tok handa rundt straumgjerde!!
Og gjett om det blei hett. Han hadde oppnådd det han ville og tante Anny blei hekta på guten med dei heite kyssa.

Onkel Tor er glad i naturen og fuglar.Han kan både navn og lydar på alt som finns av dyr.
Han er glad i blomar og urter. Ei plage kan det vere når me har fått fine blomar i hagen så kjem onkel Tor og et dei opp. Stig hadde fine blomkarser i urner på Hiimsmoen. Ein gong onkel Tor hadde vore på besøk kom Stig litt betutta inn og sa:- Tor sa ha det og gjekk, og så åt han opp blomane på veien. Stig hadde ikkje lært å halda på blomane sine.

Onkel Tor er litt av ein kunstnar. I yngre år mala han så fine bilder at folk trudde det var reproduksjonar. Han dreier dei finaste skåler og "glas" av tre.

Men han var litt plagsomme hugsar eg. Han song alltid - "Liv, Liv, liten, datt i hestaskiten og kom opp igjen lika liten". Eg var nokså lita og likte dette lite.

Ein gong blei eg så sint på han at eg ville melde han. "Å," sa han" kin ska du melda meg te?" " Søster Astrid" sa eg. Då ville han le seg i hel og eg vart endå sintare, for han skulle egentlig bli redd då. Det vart pasientane på sanatoriet dersom dei fekk den trusla. Eg var ei lita gryte med store øyrer og hadde overhøyrt ting. Dette tykte onkel Tor var morosamt.. men ikkje eg.

I dag samlast slekta til feiring av onkel Tor og hans 80 årsdag. Me skal feire han i senk,.. og gavå? Han skal få blomar som han kan eta opp:)


045
Her er slekta samla i hagen på  Hiim. Kanskje er det onkel Ottar sin dåp? Onkel Tor i matrosdress framme.
025
Onkel Tor er blitt litt større

046
Tiurfangst. Onkel Tor er lik seg ennå

031
Som ung likte han å køyre, men han hadde berre 1 hestekrefter å frese rundt med.

DSC01595

Alltid like blid
DSC01400
Onkel Tor og hans Kjære tante Anny

DSC01423
Niese Maren og Grandonkel i russerhattar

DSC01731
 Me likar å samlast i lag. Her i Liva sin bursdag.

DSC02067
Ei rose i kvardagen er du, og ei rose av meg du skal få.

Dagen kviss: Kva skjer om ein du held i handa tek på eit  straumgjerde?

2 kommentarer:

  1. Hurra for "onkel" Tor, alltid med eit smil på lur!!!

    Det som skjer når ein du held i handa held i straumgjerde - er at straumen går igjennom den du held i handa - slik at du og får straum..(dvs begge får strøm)
    ps, stakkars Anny - må ha vore litt av ein kiss!;)

    SvarSlett
  2. hehe, Du har rett, Anne. Og tante Anny gløymde aldri det kysset! ;)

    SvarSlett