mandag 17. januar 2011

Arto Paasilinna: ein finurlige finne


Eg simpelthen elskar Arto Paasilinna sine bøker. Det var the librarian bitch som sa til meg;" desse bøkene vil du lika". Ho er nåtidas Helga Bårdsen og har kontroll på kva folk likar å lese og kva dei bør lese.

Første boka eg las var - Den senile landmålaren. Eg lo frå første side. Då meinar eg lo høgt.  Når ein les bøker ler ein av og til inni seg, ein kan humre, og i nokre skjeldnare høve ler høgt og lenge.
Så har eg lese: Kollektivt selvmord,  den elskelige giftblandersken, den ulende mølleren, og no: Prosten og hans forunderlige tjener.

Bøkene må lesast. Dei er så gode og oppfinnsomme at eg for første gong skulle ønska eg kunne lese finsk. Oversetjaren gjer tydeligvis ein god jobb for bøkene er til å le seg skakk av.

Ei hending får alltid følger. Det er som ei rad dominobrikker som fell. 

I Prosten og hans forunderlige tjener møter me ein prest som fyller 50 år.Han får ein bjørnunge i gåve, ikkje fordi han ønska seg det, men fordi bjørnen var blitt morlaus ved eit uhell. Dei ville gi presten noko spesielt og håndgripelig. Då blei det denne, for den var gratis og så slapp dei å avlive den.  "Ingen sa høgt at den stabeisten av en prost kunne takke seg sjølv for at han fikk en bjørn i gave". Dei gotta seg over at den overlegne prostinna måtte tørke opp etterlatenskapene til bjørnen frå  gulvteppet sitt.

Det eine galne følger det andre. Presten går i hi med bjørnen og ei ung forskarinne frå Uleåuniversitetet. Me blir kjent med den finske sporten: loddrett spydkast, mest effektivt utført frå ein brunn, eller silo. Dette er som ein roadmovie, dei trekker austover.Bjørnungen viser seg å ha fleire talenter. Han er særs religiøs, og er populær på andakter. 

Prosten blir gnostiker og den fyrige unge forskaren blir religiøs. Dei klarer å tolke ei melding frå verdsrommet.  Meir vil eg ikkje sei. De må de lese sjølv. Bibliotekaren skaffar den nok. Der eineste eg vil røpe er at det er eit skjellsettende budskap!

Bjørne Dægern, seinare kalla Faen

Dagens kviss: Kva er bjørnetappen?

3 kommentarer:

  1. Etter en lang vinter i hiet, kan det nok være en prøvelse for bjørner å få igang fordøyelsen. Det går mange historier om hvordan bjørnen strever for å kvitte seg med den berømte "bjørnetappen", blant annet at den må presse seg mellom to trestammer. Dette er nok en litt fantasifull forklaring, selvom bjørnen herjer litt ekstra om våren for å sette hele systemet i sving etter vintersøvnen.

    Endeleg! Bibliotekdama er treg i dag!
    Kopi frå Ut i naturen 01.10.2002 - tel det? Har lite erfaring med bjørnar - i alle fall dei på fire bein, så eg måtte google litt.

    SvarSlett
  2. the librarian bitch17. januar 2011 kl. 09:57

    Ja, bibliotekdama er treg i dag. Ho er på Jelsa i dag. Møkje folk som ville på båten i dag tidleg: m.a. heile føremiddagsskiftet til Norsk Stein.
    Rypa har sikkert rett i dette med bjørnetappen. Denne bjørnehistorien har eg ikkje fått lest ennå. Eg oppdaga Paasilinna i ein bokhandel i Markedet. Sto og skulle ha meg ei pocketbok av ein eller annan grunn eg ikkje hugsar. Rett framforbi meg såg eg ei framside pryda av ein rev. Det var De hengte revenes skog, som førte meg rett inn i den finske galskapen. Har du ein dårleg dag: les Paasilinna!

    SvarSlett
  3. Gratulrer Suldalsrypa. Dagen vinnar for første gong!
    Ta bibliotekdama si oppfordring: har du eun dårlig dag les Paasilinna :)

    SvarSlett