onsdag 5. januar 2011

Då Hiimsmoen var verdas navle

Då eg var lita ,som i dette tilfellet betyr fram til skulestart, var Hiimsmoen ein svær plass. Det var sanatorium for tuberkuløse. Eg visste ikkje så mykje om kva det var, men det var mykje aktivitet der.

Då far voks opp var det mange som leigde seg inn på garden for å besøke slektningar på Hiimsmoen. Mange unge jenter kom for å arbeide og blei verande i bygda.
Det eg merka best var at me hadde snopebutikk der, og dersom eg smilte fint kjøpte pasientane snop til meg.  Me hadde postkontor med snopsalg. Faktisk så hadde Hiimsmoen eige postnummer!

Var me dårlige gjekk me på Moen. Der hadde me eigen lege. Dr. Hove fiksa det meste. Ellers var det sjukesystrene som rådde. Dei var så myndige at eg faktisk trudde dei hadde politimyndigheit. Det kom fram ein gong eg hadde vore misnøgd med onkel Tor. Han hadde vel erta meg for mykje, så eg braut ut: om du ikkje sluttar skal eg melde deg til søster Astrid!

Sankt Hans blei feira med stort bål på beite til (då) Ola Hiim. Frå kjøkkenet kom dei med handkjerre og serverte pølser i brød og heimelaga is or store spann. Høgdepunktet kom då Nortveiten (Hiimsmo-drengen) sende opp rakettane . Me ungane sprang som galne for å få tak i pinnane. Sidan eg var minst fekk eg aldri tak i dei, men heldigvis hadde eg ein snill storebror som pla gi meg ein.

Det var anlagt turstiar innover skogen med kvitmala benker rundtomkring. Det var lange og korte løyper alt etter kor frisk ein var. Dei sprekaste gjekk heilt til Vikane. Vikane hadde slik flott sand at pasientane døypte det om til Sahara, og Sahara heiter det ennå. Men me frå Hiim går aldri til Sahara, me går til Vikane ;)

Det var store verandaer på Hiimsmmoen som dei skulle ligga og “kure” i.  Kuren bestod av kvile og å trekkje inn mykje frisk luft.

052

Her ser de 17. mai toget… ja heilt rett: 17. mai på Hiimsmoen! Det var lengre enn ein del av dei ein ser på tv frå rundt om i Norge.

Dagens kvisss: Kven eigde Hiimsmoen sanatorium?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch5. januar 2011 kl. 07:36

    Prøve meg med Stavanger Røde kors

    SvarSlett
  2. Røde Kors bygde det i 1933

    SvarSlett
  3. Kjekt å lesa Liv, eg ser det for meg det du skrive.... Svigermor begynte vel arbeidskarriera si på sanatoriet, kanskje det var då ho vart kjent med sandbuen gulleiv som ho no har vore gift med i 47 år??
    Og det med med navnet Vikane har eg aldri visst.
    Eg seie og Sahara;)

    SvarSlett
  4. TLB var først! To minutt mellom dåkke!!!. Syns mest det kvalifisere til delt seier!

    Ja Anne, det er vel garantert at ho er ei av dei som eg sa blei verande her. Tante Anny var på besøk hos ein pasient, så traff ho onkel Tor. Fort gjort, så fekk dei ein ny heimstad :)

    Har du kje hørt Liva snakka om Vikane?... nei så lærte du nåke i dag ;)

    SvarSlett