søndag 9. januar 2011

Den store knusedagen

Alt i livet har ein ende.  Også ein peparkakeby.  Den fine peparkakebyen som blei høgtideleg opna av ordføraren er lagt i ruiner.  Det blir sagt Roma ikkje blei bygd på ein dag, heller ikkje  kulturhusbyen, men jammen blei den rasert på under eit minutt.
I god tid før knusetid fyltes kulturhuset med skuelystne og håpefulle. Presis halv 1 gjekk startskuddet og ungane slo det dei kunne. 30 sekund etter låg alt i ruiner. Ein bomba by var alt som var att.
 
P1010004 
Ungane har tatt oppstilling
P1010006
Desse jentene ville knuse sitt eige verk
P1010007 
Knusesjefen gir dei siste ordrer og info
P1010008
Her går dei i gong. Vandalismen rår
 P1010009
Her ser de resultatet; fullstendig vrak!
P1010010
                                   Og alle var samde om at det hadde vore ein gild dag ;)

3 kommentarer:

  1. the librarian bitch9. januar 2011 kl. 11:26

    Ingen kviss i dag altså! Eg venta mest på spørsmål om kven som gjorde ende (sette fyr) på Roma eller kor peparen gror :-)

    SvarSlett
  2. Og eg som va så tidleg oppe for å få med meg kvissen :0}

    SvarSlett
  3. Javel, vil dåkke ha meir kviss? I tilfelle fortsettelse blir det kviss kvardagar og ikkje i helgene. Me må halda helg, vett de;)

    SvarSlett