fredag 28. januar 2011

Å fiksa på fasaden


Eg har fiksa på fasaden. 
Midt i livet krev det lenger tid for å få det resultatet som tidlegare kom av seg sjølv.  Ein del av dette har eg tatt opp før. Nå kan eg innvie dykk i eit anna problem. Eg har fått eit problem med midtskillen. Den har ein tendens til å skli ut.Det gjer at håret lettar frå festet og svever over skallen. Då må håve inn til service av og til. Det var slikt ein ikkje trong å tenkje på i yngre år.

Når eg så skal inn på service, går eg til Wenche- salongen. Der får eg god og rimelig service.  Wenche salongen har også vore på service.  Ho har flytta og fått ein lekker salong. Det er lyst og delikat med levande lys på bordet. Og, når ein sit der kan ein følge med på kva som skjer i gata.

Wenche er eit funn. Ho står på for kundene sine. Alltid klar til litt ekstra service. Eg håpar berre at me kundene ikkje lar ho strekke seg for langt. Når eg flytta inn her fekk eg råd til å gå oftare til frisør. Det er stor forskjell på kva som fyk or lommeboka på Sand og i byen.

I dag har eg lagt inn farge og fått herlig  "hodebunnsmassaje". Tenk at det går an å ha stive musklar der og. Nå er eg "oppsjeina" og klar for helga.  

God helg!

Tru det, eller ei,dette er ein frisørsalong


Det må alltid bli verre før det kan bli bedre


 Sjå her, midtskillen er borte...

Fjelga og klar for hjelg

Neste kviss kjem mandag kl 07.30  (merk klokkeslettet)

Dagen kviss: kven eig bygningen der Wenchesalongen?

7 kommentarer:

  1. Svein Klungtveit

    ps, du blei fine på håret.
    Ja, Wenche er eit funn, står på seint og tidleg for oss kunder. Får håpe me ikkje slite na ut så hu må førtidspensjonera seg!!!!

    SvarSlett
  2. Heilt rett. Nå er det ingen over og ingen ved siden av deg, Anne!!

    Ja, Wenche er eit funn :)Enige!

    SvarSlett
  3. Ja, dersom ingen andre har tid å lese kvissen på denne tida, så er det ikkje løye!!
    Det går vel rett vest når du endrar tid ;)

    SvarSlett
  4. Du har litt å gå gå:) Så får me sjå om helså di tåler endring av klokkeslettet :)

    SvarSlett
  5. Anne L:

    Å ja, frisør time med farg gjør susen :) Enn føler seg som ny...

    Leser din blogg med stor iver, enn kan kjenne seg igjen i mye :)

    SvarSlett
  6. Fine på håret!

    SvarSlett