tirsdag 25. januar 2011

Ny bygdebok

Har de kjøpt denne boka? Det har eg.
Men eg kan ikkje skrøyte på meg å ha lese den. Det vil ta lang tid, for desse bøkene kan lesast på mange nivå.
Ein kan lese om gardane. Ein kan lese om folka på gardane. Ein kan lesa alle innramma tekstar. Ein kan sjå på bilder. Ein kan leite etter forfedrene,eller finne ut kven som er i slekt.

Ja, bøkene har så mange mogligheitar at ein kan bli heilt utmatta. Ernst Berge Drange har tatt for seg bygdene  Sand, Erfjord og no Jelsa.

Det er praktbøker han har skrive. Der er så eg håpar at eg, og han!, lever lenge nok til at han har kome gjennom alle bygdelag, Så mykje gledar eg  meg til kvar ny bok.

Det er berre ein ting å utsette på bøkene hans; Når eg skal finne fram ein opplysning, finn eg noko anna spennande eg MÅ lese.
Så endar det med at eg brukar fleire timar på stadig nye spennande slektsforhold  og har gløymt  heilt ut kva eg skulle.





Dagens kviss: Kor mange bind har  Drange (Suldal kommune) gitt ut i serien  til nå?

2 kommentarer:

  1. 3 bind Gardar og folk for Sand, og 2 band Gardar og folk for Erfjord, og 1 bind Gardar og folk for Jelsa

    Eg kjenne meg igjen i det du seie, skal egentlig leita etter nåke konkret i ein av bøkene, så er det så mykje ant spennende at det eg egentlig sko finna er gløymt!

    SvarSlett
  2. heilt rett, Anne.

    Ja, det er nokså plagsomt, men det er vel slik gode bøker skal vere :)

    SvarSlett