tirsdag 18. januar 2011

Rasande fjellsider

Det er farlige tider for folk som er ute og ferdast no. Det rasar og renn frå alle fjellsider og lier. Det har vorte risikosport berre å kjøre ned i gata. For ikkje å snakke om å prøve å føta seg ute.
Utfor huset er det heilt glasert. Ein er som Bambi på isen. Bilen kjører der den vil sjølv utan å bry seg om kva sjåføren vil.

Me blir råda til å halda oss inne, men nokon må ut likevel. Då kan broddar vere godt å ha, eller lubbar.
Det var glatt ein periode i fjor og. Då sette eg lubbar på minstejenta slik  me hadde når me var små. Det var det visst ingen som hadde minne om, for ho fekk stor oppmerksomhet. Stavar kan og vera smart i desse tider.

Men når naturkreftene slår inn, er det best å ha respekt for dei. Mange gløymer at sjølv  om me har bil og data, så kan me bli sett ut av moder jord på ein augneblink.

Det er stort sett stengde vegar i kommunen, og ut frå kommunen. Årsakene er snøras, steinsprang, fare for ras og  overvatn på veiene.

Dotter nummer tre pendlar til Sauda på skule. Det var uvisst om vegen blei opna. Me gjorde som me fekk beskjed om i media: følge med på nyhetene og vegvesenet si nettside. Det stod. - stengt og delvis stengt. Om morgonen krasja nettsida. Det var vel for mange innpå. Snøskred har allereie fått fatale følger ved  Gyavatn Så eg tok ei avgjerd på Force Majeue og haldt henne heime. Eg spelar ikkje russisk rulett med dotter mi.

Det utrygge vegar me har. Dei må bli sikrare. Nå fraktar me ungdommane våre langs dei farlige vegane. Me skal i framtida bruke  ein av desse vegane for å komme oss ut or og inn i  kommunen.

Når det er ekstremvær blir det ekstra tydeleg, men faren er der heile året. Eg spurte ein gong ein Mestatilsett om kva tid det var mest fare for ras. Svaret kom kontant: "frå  1/1 til 31/ 12"

Den tida Helga Møgedal jobba i Suldalsposten sa ho at kvar einaste stein som datt ned i Suldal skulle dokumenterast i avisa som bevis på vegsikkerheten. Kven har tatt opp stafettpinnen etter henne?

Kvar stein som dett ned er ei potensiell fare for liv og helse. Me må alle vere med å syte for at me får sikrare veier.


Veien i Odda stengt på grunn av ras (Foto: Arvid Aga/NRK)
Slike skilt står det overalt i Rogaland denne helga             (foto frå HA nettside)

Ras Odda
Døme på snøras


Skulevegen til Saudaelevane


Dagens kviss: Kan du eit anna ord på rasande snø?

8 kommentarer:

  1. Uff, du e vanskelig ;)
    Snøskred

    SvarSlett
  2. Får skriva inn lavine og, for sikkerhets skyld;)

    SvarSlett
  3. the librarian bitch18. januar 2011 kl. 11:23

    Der kom eg og inn.... går for lavine eg og.
    Ein av mine favorittar innan sjangeren røvarromanar handlar om snøras, på New Zealand. Boka heiter Den hvite tiger av Desmond Bagley.
    Ellers så kan eg minna dykk om Jan Gravdal si bok: Kvit terror, om snøras i Odda tidleg på nitti-talet. Den har me på biblå.
    Har ellers kjent litt skredangst eit par gonger. Siste gongen øverst i Bratlandsdalen våren 94.

    SvarSlett
  4. Lavine er det, anne.Gratulerer med dagens svar! Men du kan kje holde på å sende inn alle synonyma du kan til du treffe ;)

    Me e ein seriøse kviss.. så gjer som far min alltid sa til meg: tenk før du talar! (lure på kaffår an alltid sa d?)


    kvit terror skal lesast. Ja, ein føle seg liten i kampen mot naturkreftene.

    SvarSlett
  5. Ryfylkingen er altfor tolmodig og van med at livet legg ut snublesteinar og det som verre er! Tenk dersom desse tilstandane hadde vore i Oslo og deromkring! Då hadde det blitt liv i leiren! Vegar der skuleungar blir transporterte, burde ha høgste prioritet! All kommunikasjon skal no gå langs vegane. Av og til får me ei påminning om at båtar høyrer til på fjordane. Eller tenkjer ein at folk kan ha det så godt når dei vel å vere busette i grisgrende strøk?

    SvarSlett
  6. Så sant, Suldalsrypa. Foreldra i Bærum hadde aldri tålt slik skuleveg til ungane sine.

    Eg er så enig i at båtane høyrer til i fjordane. Dei som har kome seg fram i desse dagar er dei som kunne reise med westamaranen. La oss håpe at den ALDRI får endestopp på Jelsa.

    SvarSlett