onsdag 12. januar 2011

samlinga mi

Eg har alltid vore ein samlar. Dei over 20 åra eg budde i Stavanger tråla eg loppemarkeder og auksjonar etter små, eller store kupp.  Eg kom heim med ein del fint og mykje vas.
Etter kvart lærte eg at å samle i seriar var viktig. Ting som var samla i heile seriar var meir verdifullt. Det fekk eg aldri heilt til. Det blei to koppar av det merke og ein asjett av eit anna...

Men i det verkelege livet blei det full klaff.  Fire flotte frøknar fekk fruen!

Det er eg veldig nøgd med, sjølv om alle me traff i Kina syntes synd på meg som var så uheldig! Men høflige som kinesarane er, smilte dei når dei sa det.

Den flotte serien min. På veggen bak kan de sjå eit stort bildet, eit trykk eg har samla.

Dagens kviss: Kvifor syns kineserane at eg var uheldig?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch12. januar 2011 kl. 07:42

    For kven i alle dagar skal ta hand om deg når du blir gammal. I følge kinesarane så er det berre sønene som kan gjera det. Jentene syter ein for å få gifta vekk; utgiftspost som dei er.
    Fint bilde av dei fem fjonge frøknene/fruene :-)

    SvarSlett
  2. :) fine frøknar du har!

    SvarSlett
  3. Det er ikkje så lenge sidan det var mest stas med gutar - i alle fall den førstefødde - her og. Dei kongelege, for ikkje å snakke om bøndene, har jo t.d. hatt sitt slit på området - les vår gamle grunnlov. Men dersom Kina hadde lukkast fullt ut, ville dei jo ha klart å utrydda seg sjølv ganske effektivt. Førebels blir alle prinsar utan slektningar. Men der som andre stader, klarer dei med pengar å betala seg til å få ha fleire barn.

    Jenter er bra - og du har stått for eit flott tilskot til verda, Liv!

    SvarSlett
  4. Ja, alle jenter blei gifta bort. Jentene i Kina var så lite verdt at etter gammalt heitte dei berre datter nr 1 , datter nr 2 osv...

    Så, rett til TLB.

    ja,Suldalsrypa, opptil 50- talet sa dei "blei det gut, elle badn" når bondekona nedkom.

    Enige jenter er bra! :)

    SvarSlett