onsdag 19. januar 2011

Sogelaget

Tirsdagskveld var det møte i sogelaget. Terje Bråtveit viste gamle bilder og film frå opninga av Saudavegen i 1931  Vegen blei på folkemunne kalla Dollarvegen.

Filmen var ein opplevelse. Me fekk sjå kortesjen med 150 bilar frå 30- talet kjøre inn i Sauda. Det blei sagt i filmen at aldri før hadde det vore så mange bilar i Sauda på ein gong.
Det var opprinnelig ein stumfilm, men kommentarer er lagt til ikkje lenge etter.

Folk kom strøymande til møtet og lokalet var fullt. Dette sjølv om det var holke og speligt å gå ute. Nokon hadde fått leika Bambi på isen og måtte plastrast.

Terje Bråtveit måtte vise ein ekstra film, for gjestene ville ikkje gå. Bonusfilmen var Julius Bårdsen sin film om gamle arbeidsmåtar. Me fekk mellom anna sjå, salmakaryrket, spinning, stamping og løyping, og bygda på tidlig 60-tal.

Denne kvelden kunna oppsummerast som ein gammal norskstil; me var alle samde om at det hadde vore ein gild kveld!

8. februar er det på an igjen. Då skal sogelaget ha foredrag om veghistoriske kulturminne i Rogaland. Svein Magne Olsen, tidligare vegvesene, skal halde foredrag. Me har kalla foredraget: "Og dansen gjekk på Kvæstadbrua", så venteleg handlar det ein del om bruer.

Linken til Suldal sogelag:
www.rogaland-historie.no/lokallag/suldal-sogelag


For dei som likar gamle bilder. Her er Fru Archer sine:
www.fotonettverk-rogaland.no/plain/nettutstillingar/alice_archer/suldal

Dagens kviss: Kvar kom familien Archer frå?

11 kommentarer:

  1. Archer familien kom frå England

    http://www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=114730

    SvarSlett
  2. Søren og - Anne var 6 minutt tidlegare ute enn meg! Så godt kan eg ha det når eg kastar bort tida på å sjå på bilde tekne av Alice Archer. Men spørsmålet er om England held for ein slektsgranskar som Liv?

    Elles er vel familien Archer det næraste ein har komme overklasse-liv på Sand?

    SvarSlett
  3. the librarian bitch19. januar 2011 kl. 11:13

    Eg vil ha kvissen attende til kl.7.30!!!!

    SvarSlett
  4. Hjelpe ikkje å ha kvissen tilbake 0730 dersom du ikkje e innpå før etter 11 vel??

    Men hvis England ikkje e nok Suldalsrypa, burde jo du legge inn meir konkret plass??;)

    SvarSlett
  5. Hmr,ja; det var det eg kan komme på akkurat no.

    SvarSlett
  6. Eg hadde nok tenkt meg noko meir spesifikk plassering slik som Suldalsrypa sa. Avventer meir konkret svar, om de kan finne det.

    SvarSlett
  7. the librarian bitch19. januar 2011 kl. 14:03

    Skottland!
    Til Anne: Jo, nettopp kl.7.30 er ei grei tid for meg.

    SvarSlett
  8. Det var kje lett å finna spesifikk stad dei kom fra. Eg svarar London, for eg les at han eigde aksjer i ei bedrift i London! (

    SvarSlett
  9. ja, eg meinar det er i det området dei kjem frå.Staden, Middlesex, er oppslukt av stor- london nå.
    Frua sjølv var datter, eller barnebarn av ein lord. Du e god som fann ut at han hadde akjser i London :)
    gratulera Anne. du vant!

    SvarSlett
  10. Hurra! Og denna var vel fortjent, eg har lest i ialle soge og bygdabøkene våre (5 stk), googla og ellers leita på internett - puh!!

    SvarSlett
  11. Kjempeflott, Anne! Slike kvissarar like eg!!!

    SvarSlett