fredag 14. januar 2011

Til sengs med....

Eg har i januar gått til sengs med ein fasinerande mann. Han er tjukk og god og får meg til å sjå fram til leggetid.

Ken Follett fasinerer meg. Han har igjen skreve ei fengande bok: "I all evighet" Han losar meg gjennom 1100 sider. Han tar meg tilbake til 1327 og leier meg gjennom Kingsbridge i England fram til 1361

Boka er uavhengig fortsettelse av "Stormenes tid"  Det var og ei tjukk bok, men utgitt i to deler. Personane i boka er etterkomarar av Katedralbyggjaren Tom frå den første boka.

Dette er middelalderaction. I første bok var me med ein familie sin opptur og nedtur i Kingsbrigde.  Byen som fekk den høgaste katedralen i England.

I denne boka følger me fire barn gjennom meir enn 30 år. Det har gått 200 år sidan katedralen blei bygd og den er ikkje lenger den høgaste.  Motgong og intriger florerer her.

Ein av etterkomerane etter katedralbyggjaren vil bygge høgare tårn slik at Kingsbrigdekatedralen  igjen blir høgast. Byen er klostereigd og det blir det konflikter av. Me kan trekke parallell til vår eiga bygd og krangel om fiskerettane på Faxstad. Dei som har sett suldalspelet, "Syng elvestraum", hugsar at det kunne vere speligt.

Me får svartedauden og utbrota som kom i åra etter på nært hald. Diskusjonane om behandlingsmetodar er ikkje nye.

Dei som likar å lese om gamle dagar, som likar å lese mykje og lenge, kan trygt ta fatt på denne.

Terningkast 5 frå VG


Tjukk og god. Slik skal ei god bok vere.

Dagens kviss: Kven var konge i England på denne tida?

4 kommentarer:

  1. Edvard 2 ( Edward of Caernarvon) var konge 1307-27.Stakkaren ble fanget av sin dronning Isabella og hennes elsker Roger Mortimer !! Han gav opp tronen, ble mishandlet og drept!!

    Edvard 3 overtok tronen i 1927 etter far sin Edvard 2, men fikk ikke makta før han fjerna morens elsker ved et kupp i 1330!

    SvarSlett
  2. Anne, eg e heilt imprignerte!hehe ;)
    Alt dette er heilt rett!!! Gratulerer,

    England fekk ha ein konge som styrte reellt i 47 år (50 off). Det var lenge på dei tider.

    Borgarkrigen var over, men krig var det framleis. På den engelske tronen sat normanere og frankere. Dei passa på eigendommane sine i Frankrike,så krigen blei flytta dit.

    Etter Edvard lll starta rosekrigane. Barnebarna hans sloss om trona.

    Edvard lll måtte sjå landet sitt bli liggande aude av svartedauden (1348 -50) Den kom i fleire epidemiar i åra framover.

    SvarSlett
  3. the librarian bitch14. januar 2011 kl. 10:45

    Jada, eg har fri i dag så eg har sove frampå. Men boka kan lånast på biblioteket :-)

    SvarSlett
  4. Det er bra. Den anbefales på det sterkeste, men lånefrekvensen går vel ned. Det er ein murstein :)

    SvarSlett